Gå til innhold

oppned

Medlem
  • Innholdsteller

    79
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

10 Bra

Om oppned

  • Rang
    Avansert medlem

Profilinformasjon

  • Sted
    Hordaland
  • Interesser
    Er veldig opptatt med all slags håndarbeid, og har vore aktiv i korps sidan eg var 9 år
  1. No har eg vore lenge vekke og, går sjukemeldt, og då er det ikkje kvar dag eg er inne på PC-en , kan ein trygt sei... Her går det jamnt og trutt ned, om enn litt for sakte etter min smak (men det er heilt min eigen feil, trur eg...). Vekta i dag viste 84,4 - totalt 3,8 ned på 8 veker. Det er nesten 1/2 kilo smørpakke i veka, så eg bør vel vera sånn nokonlunde fornøgd. Slit med rygg og nakke, så no er eg ute i skog og mark kvar dag, det gjer godt for fleire ting enn ryggen! Håpar det går bra med både linni87 og barbrov, stå på! Ha ei flott veke!!!
  2. Ja, einige med dåke, vi må berre stå på. Så lenge buksene blir ledigare rundt midjen, er det eit godt teikn! Så, eg er ikkje deppa på noko slags vis. Ha ei strålande langhelg!
  3. ...... men eg må få tak i ein skikkeleg teljar først... Har ein stillesitjande jobb framfor PC og treng å motiverast til meir trening! Kjem sterkt tilbake i morgon!
  4. ....og det blei -0,3 kg denne veka og. Går veldig seint dette, men det er berre meg sjølv som kan gjera noko med det.... Meir trim må til, dagane og vekene flyr utan at eg kjem i gang med noko særleg trim. No er det litt rolegare veke, så eg får trø til. Har så himla vondt i øverste del av ryggen, så eg trur det blir turgåing på meg, iallefall ikkje sykling (men det er det eg har mest lyst til....). Korleis går det med dåke då??? Ha ei flott veke!
  5. Med størrelse 40, gler meg til det eg og.... tok på meg ei bukse i går kveld som har vore ubehagelig trang, no var den ikkje ubehagelig lenger - og det føles godt. Håpar dåke får mennene dåkes heim snart, min kjem heim på lørdag etter ei veke på andre sida av kloden. Ungane gler seg til ALLE pakkane.........Eg reiser på kurs i dag og får ei ny utfordring med hotellmat og god vin... godt det er berre to dagar :-) Håpar dåke får ei flott helg begge to, så "snakkast" vi over helga! Klem frå meg!
  6. 0,3 kilo ned i veka som gjekk, totalt 2,2kg første månaden. Det får eg vel vera fornøgd med, sjølv om eg syns det går tregt..... Ha ei god veke!
  7. Vill berre gje eit livsteikn... Eg er her, men har vore veldig travelt opptatt med korpskonsertar den siste veka/helga. Sola skin frå klar himmel, har gjort det i over ei veke no... nesten så vi kan bli vant til slikt! :-) Men, regnet kjem vel snart igjen... Trimmen min i veka som gjekk har stort sett vore på stepmaskina heime i stova på kveldane, funkar fint det når ein ikkje kjem seg nokon plass etter leggjetid for ungane.. Skal vega meg igjen i morgon, men trur eg har stagnert pga for lite mat i forrige veke, vi får sjå. Merkar at buksene blir litt lausare, så det er uansett ikkje forgjeves dette. Ha ei riktig flott veke linni87 og barbrov!!
  8. .....blei det for lite av i forrgie veke :-( Så, i går tørka eg støv av stepmaskina som sto bak sofaen og trødde i veg til ulike dårlige TV-program. Det resulterte i 2,4 trimpoeng. Så no er maskina ikkje plassert bak sofaen igjen, no står den midt på stovegolvet til i kveld... Gjekk ikkje ned eit einaste gram i veka som var, berre 1 liten cm i midja.. Fattar nytt mot og trør til i denne veka! Ha ei strålande veke, her på Vestlandet skin sola, så alt ligg til rette for ei aktiv veke!
  9. Heisann, og god mandags morgon! Ikkje så mykje å rapportera her i gården etter helga, feira eldste datter sin bursdag, med barneselskap og familieselskap. Ingen trim, sikkert litt for mykje kaloriar i form av ein liten smak på kakene, men eg får dommen i morgon på vekta. Men uansett, eg er klar for ei ny veke, utan hotellopphold og utan bursdag i heimen! Ei riktig god veke til Linni87 (håpar du blir fort frisk..) og barbrov! Eg kjem tilbake i morgon med vekt og mål!
  10. Eg er her, sjølv om eg har vore veldig fråverande denne veka. Har hatt altfor mykje å gjera på jobb, 13 timars dagar på kontoret tre dagar denne veka. Har hatt utenlandsbesøk på jobb, og det resulterte i to hotellmiddagar denne veka, men eg trur det gjekk sånn nokonlunde med kaloriinntaket. Trim har det ikkje blitt (anna enn springing frå det eine møtet til det andre :-)) No skin sola og det er snart tid for å ta helg, og den skal nytast! Ha ei riktig god helg Linni87 og barbrov!
  11. ........og i dag morges stoppa vekta på 86,3 kg, ned 0,4 denne veka. Det må eg vel sei meg fornøgd med etter hotellopphold i to dagar og pizzakveld hos ein nabo lørdagskvelden og bursdagsfeiring til ei veninnne på søndag. Ikkje mykje trim på meg dessverre, har berre kome opp i 2 epler på to veker. Er mykje aleine heime med tre ungar, og då er det ikkje rom for så mykje trening på ettermiddag-/kveldstid. Men, eg får prøva å få det til likevel i veka som kjem. Lykke til, både Linni87 og barbrov i veka som kjem! Stå på!
  12. Då var eg tilbake til kvardagen etter to dagar på hotell. Det gjekk igrunnen ganske greit med inntaket, lunsjbordet bugna av salat m/tilbehør og mykje god fisk, så det var ikkje vanskeleg å velja det i staden for varmrett.... Middagen besto av ytrefilet av lam, ikkje så veldig gale det heller.. Trim blei det verre med, fekk svømt meg til to trimpoeng onsdagsettermiddag etter kurset, og dett var dett. No er det snart helg og tid for å vera ute i staden for å sitja på kontoret framfor PC-en, det skal bli godt! Lykke til i helga til dåke begge! Klem frå meg!
  13. Dagen etter at eg starta (altså forrige onsdag), kjøpte eg nye batteri til den digitale vekta. Målinga då eg starta blei tatt på den gamle "manuelle" vekta, og startvekta dagen etter på den digitale viste LITT meir.... Så, startvekta mi var nok heller 88,2 i staden for 87, grøss.... Men kva gjer vel det når vekta i dag viste 86,7?!?!?!? Altså ned 1,5 kg første veka, og 1cm i midja. Eg har ikkje oppnådd meir enn knappe 7 trimpoeng, så eg må prøva å få auka dette i veka som kjem. Elles går det bra, blir mett og god og drikk mykje vatn. Korleis gjekk det med deg i dag, linni87? Og korleis går det med deg, Barbrov? Ha ei flott vårveke, alle saman!
  14. Linni87: synd at du må høyra slikt, det er slett ikkje nødvendig. Har du sagt til mor di at du er i ferd med å gjera om livsstilen din? Her har det vore ei hektisk helg med dugnadsjobbing, tivolivakt. Lite trim, men i går kveld fekk eg meg ein times tur i rask gange/jogging. Men det har likevel vore altfor lite trim denne veka....... Maten har det gått greit med, så det blir spennande å sjå om vektpila viser rett veg den første veka. Har vegedag i morgon, tirsdag (trur det var du Linni87 som lurte på det? Onsdag og torsdag er det kurs for meg - på hotell. Hotellet har eit fantastisk frukost- og lunsjbord (med masse dessert og kaker.......... ) Heldigvis er det mykje fisk og salat, så eg har mykje "lette" saker å velja mellom! I tillegg eit flott sauna-anlegg, så badedrakta må med. PC-en er også med, så eg skal halda dåke oppdatert! Håpar dåke får ei bra veke, både Linni87 og Barbrov (og sjølvsagt andre som er innom her). No er vi godt i gong, og dette SKAL vi klara!
  15. Gratulerer med flott resultat denne veka, kjempebra! Eg har vegedag på tirsdag, skal prøva å ikkje snikvega.... Kjøpte nye batteri til den digitale vekta i går (utan å sei det til 11-åringen i huset, ho blir veldig hekta på kilo), så no er eg heilt klar til å kvitta meg meg både hekto og kilo. 11-åringen i huset trenar mykje fotball, og då ho for eit lite år sidan klaga over at ho var så tung i forhold til dei andre jentene i klassen, sa eg til henne at det var pga mykje musklar. Det trudde ho ingenting på, heilt til eg ba henne om å stramma magemusklane sine og kjenna etter....... etterpå kjente ho på mine (og latterknappen var ikkje til å få av igjen), etter det har det ikkje vore snakk om tyngde.. hehe, ikkje så gale at det ikkje er godt for noko. Ha ei strålande helg!
×
×
  • Opprett ny...