Gå til innhold

Motala

Medlem
  • Innholdsteller

    20
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

10 Bra

Om Motala

  • Rang
    Medlem
  1. Heisann, alle saman :-) Er det mulig for ei snill 32 år gammal frøken å få henge seg på her?Har nok ein gong komt til nivået "No er det nok!". Det er ikkje fyrste gongen akkurat, men no MÅ det bli den siste. Har sett meg eit mål om -0,5 kg i veka, og ned 10 kg til 1. mai. Det er langt fram det... og eg er på dag2... :-) Motivasjonen er der, men må finne ein måte å ikkje bli for besatt av det. Føler dagane går med til å tenke og planlegge mat og rekne kcal. Vel, uansett - hadde vore kjekt å fått henge litt her med dokke på forumet, viss de syns det er greit :-) Ha ein fin kveld :-) Helsing Motala
  2. Hei jenter!! Godt å logge seg inn igjen på her no... Har vore ei lite flink veke for å seie det slik! Det har vore så hektisk heile veke, og har stupt i seng kvar kveld. Då har det og blitt lite tid verken å trene eller planlegge lure måltid... Når eg sjølv tok meg i å gøyme vekk chipsposen som eg sat å gnassa på rett etter frukost i går tidleg, fordi det ringte på døra - fekk eg meg ein skikkelig tupp i baken!! Makan!! Når besøket gjekk heiv eg på meg treningskleda og for rett på treningsrommet..! Så då var vi i gang igjen... Det evige mandagsprosjektet... Men men :-) Var på vekta i dag tidleg og meiner å sjå at eg har gått 200 gram ned likevel.. Det ga jo litt ekstra motivasjon. Så i dag har eg holdt meg laaaangt unna både sjokolade og resten av chipsposen som ligg i skapet.. Har lovd meg sjølv ein smoothie til kvelds då - NAM! Gratulerer så masse med alle dokke flinke damene som har gått ned og vore flinke! Gir motivasjon til oss andre og det! WE CAN DO IT!
  3. Eg har eit tips når det gjelde god te!! LAKRIS-TE!!! Kjempegodt! Kjøper det på helsekost. Sweet Chili er og ganske god! Det kan vere ei lita erstatning i allefall på søtsuget! Elles vil eg anbefale smoothie viss ein blir veldig søtsjuk! Eg lagar litt forskjellig smoothie då, men min favoritt er veldig enkel: ca 100 g frosne jordbær, 1/2 banan og 2 dl appelsinjuice :-) Obsobs! Dette er nok på fruktbudsjettet for ein dag! Elles kan eg melde om at det framleis går fint! Sakna litt å "fråtse", men har oppdaga at eg føle meg ekstremt mykje betre no når eg et riktig og sunt. Vil tru at det kanskje har noko med blodsukkernivået å gjere, men føle meg jamt over i veldig godt humør Herlig! Håpar vekta og bidrege til godt humør neste veke Korleis går det elles med dokke?
  4. Heisann! Då er fyrste dag på hotellet overlevd... I følgje mine utrekningar har det gått greitt.. Men herlighet kor vanskeleg!!! Det vart tallerkenmiddag til lunch, og "neitakk" til dessert på meg. Så vart det aaaaaltfor lenge til middag, og dermed vart det to små bitar sjokolade i mellomtida, og masse middag. Likevel trur eg at eg har holdt meg innan "budsjettet". Prøvde å ete mest salat og grønnsaker, og kylling. Men måtte ha ei skive med reker og smør på og! Og så var der gulrotkake... Men eg delte den... Så blei berre eit halvt (lite) stykke... Eg trur eg seier meg nøgd likevel.. Eg veit kva eg "vanlegvis" brukar å knekke inn på på slike dagar.. Med 11 1/2 time møte og så blei det ikkje meir enn ein kort trimtur i dag tidleg. I måra derimot bere det på treningsrommet før frukost! Dette skal gå! :-) Masse lykke til med både veiedagar og andre kvardagslege utfordringar!!
  5. Hipp hurra! :-) - 1,1 kilo sidan tysdag! Herlig herlig herlig! Elles vil eg tipse dokke om ein app som eg brukar. Tv2Sporty. Den er gratis, og du får opp distanse og gjennomsnittsfart. Kjekk å bruke og ganske motiverande! Kos dokke vidare i det fine haustveret!
  6. Heisann! Veka er snart over og her kan eg føre opp over 20 trimpoeng denne veka! :-) Hurra!! :-) Eg og den firbeinte skal ha oss ei lita lufterunde seinare i kveld og! Sidan eg har hatt ferie denne veka, reknar eg med at det blir betydleg mindre trimpoeng neste veke, så målet med 10 tp i veka står framleis ved lag Eit lite tips er å laste ned app`en TV2Sporty. Den er gratis og er veldig motiverande syns eg Då reknar den avstand, gjennomsnittsfart og litt sånn. Kjempekjekt! Det gjere jo litt til at ein trakkar endå litt fortare for å auke opp gjennomsnittsfarten. For meg betyr det at eg er blir (litt for) frustrert på min firbeinte som skal snuse på kvart eit løv langs vegen... Men veldig kjekt med ein treningsvenn og då. Ha ein framleis nydeleg søndag, folkens!
  7. Hei jenter! Syns det høyrest lurt ut å starte med blanke ark, eg! Motivasjonen er jo alltid best i begynnelsen, og vi vil jo starte på topp! Her går det framleis fint! Gler meg til å prøve vekta om nokre dagar. Er oppe i 16 trimpoeng - og har ikkje rørt meg i dag endå Men så har eg jo ferie då... Er derfor eg har hatt god tid og overskot til å både planlegge maten og trent. På mandag bere det rett på hotell i to dagar på jobb. Det kan bli ei utfordring... Håpar det blir buffet til mat slik at eg sjølv får velje slik at eg helde koken! Treningskleda og joggeskoa skal og sjølvsagt vere med! Gratulerer så masse til Rupenzella spennande tider!! God helg, alle saman!
  8. syns det er fantastisk med fredagskveld :-)

  9. Så kjekt! :-) Takk for velkomst! :-) Motivasjonen er eigentleg framleis på topp! Har fått trent og gått masse tur denne veka, og i går fekk eg 10 på toppscore i kosthold... hehe Ein blir jo litt barnslig på heile greia... Men alt som motiverar er jo bra! Men i dag kjem den store utfordringa då.. Fredagskvelden, som brukar å vere den store fråtsedagen.... Må legge meg litt i planlegging i dag trur eg, for å finne ut kva slags godt eg skal lage meg til kvelds utan at det ødelegge resten av veka. Noken gode tips på kcal-fattig mat som likevel ikkje ødelegge fredagskosen? Ha ein topp og aktiv fredag, alle saman! :-)
  10. Heisann! Føler nesten at eg er begynt å invadere alle trådane her inne, men her såg så kjekt ut! :-) Får eg skvise meg inn her? Eg trenge nokon å diskutere med, for no har eg endeleg komt i gang igjen - (men det har eg vore før mange gangar), men no skal eg holde ut og klare det!! :-) Eg har 7-8 kilo eg vil gå ned, men i fyrste omgang er det ned 5 kilo til jul som teller Det går veldig bra forløpig... Har "holdt ut" sidan mandag kveld... Hehe Det er jo ein start??? Jess, håpar eg får hive meg med her. Og så får de alle ha ein riktig herlig onsdagskveld!
  11. Så kjekt - takk for velkomsten! Ser jo at du har vore skikkelig flink Lucilla! Du held deg jo nede på nivået du har gått ned.. Er der eg slit... Eg har motivasjon i nokre veker og så dett eg av lasset... Men ikkje denne gongen då! Er heldigvis veldig sta og, så dette skal gå! Blei turgåing i går. 40 + 50 min. I dag tenker eg at det må bli ei økt på treningsrommet. Heller nok mot spinning, då styrkeøkta frå mandag framleis set i i beina Spinning og tur! Eg har ein plan! Lykke til med treninga og dagen, jenter!
  12. Hei alle saman Er her plass til ei lita flis til på denne tråden? Eg er jo litt seint i gangkomt for denne måneden, då eg registrerte meg nok ein gong på mandag på Grete Roede. No er nok nok! :-) Er spesielt maten (les: sjokolade) som er min store avhengighet, men det går litt opp og ned med treninga og. Så å ha nokon å registrere til og få motivasjon av vil kanskje gjere til at eg denne gongen helde ut Uansett, så syns eg veka har starta godt. Har gangsperre i mange musklar og det må no vere eit teikn på at eg har tatt i litt meir enn vanleg :-) hehe Målet er i utgangspunktet 10 TP i veka, der styrke og treningstimar og er ein del av det. Så langt: Måndag: styrketrening moderat (20 min) - 0,8 tp gange 40 min - 1 tp Tysdag: gange 1 time og 15 min - 1,5 TP spinning 30 min - 1,4 TP Til no: 5,3 TP - Hurra :-) Ha ein strålande tysdag alle saman
  13. er motivert og klar! :-)

  14. er motivert og klar! :-)

×
×
  • Opprett ny...