Gå til innhold

Motala

Medlem
  • Innholdsteller

    20
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Motala

  1. Heisann, alle saman :-) Er det mulig for ei snill 32 år gammal frøken å få henge seg på her?Har nok ein gong komt til nivået "No er det nok!". Det er ikkje fyrste gongen akkurat, men no MÅ det bli den siste. Har sett meg eit mål om -0,5 kg i veka, og ned 10 kg til 1. mai. Det er langt fram det... og eg er på dag2... :-) Motivasjonen er der, men må finne ein måte å ikkje bli for besatt av det. Føler dagane går med til å tenke og planlegge mat og rekne kcal. Vel, uansett - hadde vore kjekt å fått henge litt her med dokke på forumet, viss de syns det er greit :-) Ha ein fin kveld :-) Helsing Motala
  2. Hei jenter!! Godt å logge seg inn igjen på her no... Har vore ei lite flink veke for å seie det slik! Det har vore så hektisk heile veke, og har stupt i seng kvar kveld. Då har det og blitt lite tid verken å trene eller planlegge lure måltid... Når eg sjølv tok meg i å gøyme vekk chipsposen som eg sat å gnassa på rett etter frukost i går tidleg, fordi det ringte på døra - fekk eg meg ein skikkelig tupp i baken!! Makan!! Når besøket gjekk heiv eg på meg treningskleda og for rett på treningsrommet..! Så då var vi i gang igjen... Det evige mandagsprosjektet... Men men :-) Var på vekta i dag tidleg og meiner å sjå at eg har gått 200 gram ned likevel.. Det ga jo litt ekstra motivasjon. Så i dag har eg holdt meg laaaangt unna både sjokolade og resten av chipsposen som ligg i skapet.. Har lovd meg sjølv ein smoothie til kvelds då - NAM! Gratulerer så masse med alle dokke flinke damene som har gått ned og vore flinke! Gir motivasjon til oss andre og det! WE CAN DO IT!
  3. Eg har eit tips når det gjelde god te!! LAKRIS-TE!!! Kjempegodt! Kjøper det på helsekost. Sweet Chili er og ganske god! Det kan vere ei lita erstatning i allefall på søtsuget! Elles vil eg anbefale smoothie viss ein blir veldig søtsjuk! Eg lagar litt forskjellig smoothie då, men min favoritt er veldig enkel: ca 100 g frosne jordbær, 1/2 banan og 2 dl appelsinjuice :-) Obsobs! Dette er nok på fruktbudsjettet for ein dag! Elles kan eg melde om at det framleis går fint! Sakna litt å "fråtse", men har oppdaga at eg føle meg ekstremt mykje betre no når eg et riktig og sunt. Vil tru at det kanskje har noko med blodsukkernivået å gjere, men føle meg jamt over i veldig godt humør Herlig! Håpar vekta og bidrege til godt humør neste veke Korleis går det elles med dokke?
  4. Heisann! Då er fyrste dag på hotellet overlevd... I følgje mine utrekningar har det gått greitt.. Men herlighet kor vanskeleg!!! Det vart tallerkenmiddag til lunch, og "neitakk" til dessert på meg. Så vart det aaaaaltfor lenge til middag, og dermed vart det to små bitar sjokolade i mellomtida, og masse middag. Likevel trur eg at eg har holdt meg innan "budsjettet". Prøvde å ete mest salat og grønnsaker, og kylling. Men måtte ha ei skive med reker og smør på og! Og så var der gulrotkake... Men eg delte den... Så blei berre eit halvt (lite) stykke... Eg trur eg seier meg nøgd likevel.. Eg veit kva eg "vanlegvis" brukar å knekke inn på på slike dagar.. Med 11 1/2 time møte og så blei det ikkje meir enn ein kort trimtur i dag tidleg. I måra derimot bere det på treningsrommet før frukost! Dette skal gå! :-) Masse lykke til med både veiedagar og andre kvardagslege utfordringar!!
  5. Hipp hurra! :-) - 1,1 kilo sidan tysdag! Herlig herlig herlig! Elles vil eg tipse dokke om ein app som eg brukar. Tv2Sporty. Den er gratis, og du får opp distanse og gjennomsnittsfart. Kjekk å bruke og ganske motiverande! Kos dokke vidare i det fine haustveret!
  6. Heisann! Veka er snart over og her kan eg føre opp over 20 trimpoeng denne veka! :-) Hurra!! :-) Eg og den firbeinte skal ha oss ei lita lufterunde seinare i kveld og! Sidan eg har hatt ferie denne veka, reknar eg med at det blir betydleg mindre trimpoeng neste veke, så målet med 10 tp i veka står framleis ved lag Eit lite tips er å laste ned app`en TV2Sporty. Den er gratis og er veldig motiverande syns eg Då reknar den avstand, gjennomsnittsfart og litt sånn. Kjempekjekt! Det gjere jo litt til at ein trakkar endå litt fortare for å auke opp gjennomsnittsfarten. For meg betyr det at eg er blir (litt for) frustrert på min firbeinte som skal snuse på kvart eit løv langs vegen... Men veldig kjekt med ein treningsvenn og då. Ha ein framleis nydeleg søndag, folkens!
  7. Hei jenter! Syns det høyrest lurt ut å starte med blanke ark, eg! Motivasjonen er jo alltid best i begynnelsen, og vi vil jo starte på topp! Her går det framleis fint! Gler meg til å prøve vekta om nokre dagar. Er oppe i 16 trimpoeng - og har ikkje rørt meg i dag endå Men så har eg jo ferie då... Er derfor eg har hatt god tid og overskot til å både planlegge maten og trent. På mandag bere det rett på hotell i to dagar på jobb. Det kan bli ei utfordring... Håpar det blir buffet til mat slik at eg sjølv får velje slik at eg helde koken! Treningskleda og joggeskoa skal og sjølvsagt vere med! Gratulerer så masse til Rupenzella spennande tider!! God helg, alle saman!
  8. syns det er fantastisk med fredagskveld :-)

  9. Så kjekt! :-) Takk for velkomst! :-) Motivasjonen er eigentleg framleis på topp! Har fått trent og gått masse tur denne veka, og i går fekk eg 10 på toppscore i kosthold... hehe Ein blir jo litt barnslig på heile greia... Men alt som motiverar er jo bra! Men i dag kjem den store utfordringa då.. Fredagskvelden, som brukar å vere den store fråtsedagen.... Må legge meg litt i planlegging i dag trur eg, for å finne ut kva slags godt eg skal lage meg til kvelds utan at det ødelegge resten av veka. Noken gode tips på kcal-fattig mat som likevel ikkje ødelegge fredagskosen? Ha ein topp og aktiv fredag, alle saman! :-)
  10. Heisann! Føler nesten at eg er begynt å invadere alle trådane her inne, men her såg så kjekt ut! :-) Får eg skvise meg inn her? Eg trenge nokon å diskutere med, for no har eg endeleg komt i gang igjen - (men det har eg vore før mange gangar), men no skal eg holde ut og klare det!! :-) Eg har 7-8 kilo eg vil gå ned, men i fyrste omgang er det ned 5 kilo til jul som teller Det går veldig bra forløpig... Har "holdt ut" sidan mandag kveld... Hehe Det er jo ein start??? Jess, håpar eg får hive meg med her. Og så får de alle ha ein riktig herlig onsdagskveld!
  11. Så kjekt - takk for velkomsten! Ser jo at du har vore skikkelig flink Lucilla! Du held deg jo nede på nivået du har gått ned.. Er der eg slit... Eg har motivasjon i nokre veker og så dett eg av lasset... Men ikkje denne gongen då! Er heldigvis veldig sta og, så dette skal gå! Blei turgåing i går. 40 + 50 min. I dag tenker eg at det må bli ei økt på treningsrommet. Heller nok mot spinning, då styrkeøkta frå mandag framleis set i i beina Spinning og tur! Eg har ein plan! Lykke til med treninga og dagen, jenter!
  12. Hei alle saman Er her plass til ei lita flis til på denne tråden? Eg er jo litt seint i gangkomt for denne måneden, då eg registrerte meg nok ein gong på mandag på Grete Roede. No er nok nok! :-) Er spesielt maten (les: sjokolade) som er min store avhengighet, men det går litt opp og ned med treninga og. Så å ha nokon å registrere til og få motivasjon av vil kanskje gjere til at eg denne gongen helde ut Uansett, så syns eg veka har starta godt. Har gangsperre i mange musklar og det må no vere eit teikn på at eg har tatt i litt meir enn vanleg :-) hehe Målet er i utgangspunktet 10 TP i veka, der styrke og treningstimar og er ein del av det. Så langt: Måndag: styrketrening moderat (20 min) - 0,8 tp gange 40 min - 1 tp Tysdag: gange 1 time og 15 min - 1,5 TP spinning 30 min - 1,4 TP Til no: 5,3 TP - Hurra :-) Ha ein strålande tysdag alle saman
  13. er motivert og klar! :-)

  14. er motivert og klar! :-)

  15. Hei alle saman! :-) Så måtte eg nok ein gong blåse støv av mitt gamle passord og komme meg inn igjen på sida her... Motivasjonen kom plutseleg over meg her eg sat no og hadde trykt inn på x antal Kaptein-kjeks med smør... Ja, ikkje sant?! Merkeleg fråtsing!! Eg er lei! NO må eg berre ta meg saman!! Det nærmar seg jul, og eg kunne godt tenkt meg å starta det nye året med eit anna nyttårsforsett enn "Eit nytt og betre liv.. og denne gongen meiner eg det!!" Er det nokon som vil vere med på vegen? Kjekt om vi er fleire som kan motivere og støtte kvarandre :-) Eg trenge i allefall noken! :-) I morgon tidleg blir det opp på vekta, så min vegedag blir tysdagar. Målet er å gå ned 5 kilo til jul. DET må jo gå! Eg trenge å gå ned enda eit par kilo etter det, men eg vil ha eit mål som er mogleg å nå, i fyrste omgang :-) Er du med??? :-)
  16. Tusen takk for velkomsten, jenter! No er snart dag nummer tre over - og motivasjonen held!! YES! Har framleis nokon dagar med ferie, og med skikkelig typisk vestlandsver så har eg hatt litt tid til over.. Så då har leika meg litt ned kcal-innhald og diverse.. Holdt på å få sjokk når eg såg at det "sunne snopet" som nøtter faktisk er har så skyhøgt kcal-innhald!! Forstår jo at det er sunt og alt det der, men inntaket mitt har vore over det som har vore forsvarleg og sunt.. Eg har ikkje råd til å bruke opp kcal-kvota mi på noken usle nøtter altså.. Vel vel :-) Er flink til å sjekke opp kcal-inntaket før eg faktisk et noko no, så då klare eg å styre unna verstingane.. Og har framleis 250 kcal til kvelds til gode her - og det er etter ein nydleg blomkålsuppe til middag (GR-oppskrift! Anbefalast!!) Elles måååååtte eg kikke på vekta i dag.. Og det går rette vegen! Så no skal eg halde meg unna slik at eg får veigd meg skikkelig neste mandag - 1 veke etter.. Kan vel vere mykje opp og ned før den tid, så best å ikkje sjekke for ofte Ser at dokke er flinke, jenter! Stao pao!
  17. Eit veldig genialt tips!! Eg skal jammen prøve ut det der! Kjem nok ikkje til å slutte treningstimane mine på studio, men der går eg berre på spinningtimane.. Eg er nok ei av dei som syns det er liiiitt for flaut å ikkje klare å følgje stega i Zumbaen.. Men med gardinene for og tv`en på blir jo dette veldig bra! Eit godt supplement til treninga vil eg tru.. Takk for tipset!
  18. Heisann alle sammen! Har de plass til ei "tynn lita flis" til eller? Såg at på denne tråden var det mange som nettopp er begynt igjen, og det hadde vore så greitt å fått vore med.. Eg og treng motivasjon!! Har fleire gongar begynt mitt nye og betre liv... Stort sett kvar mandag! Men tysdag ettermiddag så fell eg liksom tilbake i gamle vaner.. Men no er det nok! Kiloane viser stort sett det samme som det har gjort dei siste åra - opp og ned.. Og det har alltid vore nokon kilo for mykje.. Men no FØLER eg meg skikkelig tung.. Det gjere noke med sjølvtilliten rett og slett, og det vil eg ikkje ha noke av! Så nooooo!! No er det slutt - og starten på eit sunt og friskt liv! Målet er forløpig å gå ned seks kilo. Og egentlig hadde eg håpt på at det blir eit kilo i veka.. Men så er det det å faktisk halde vekta til jul og då.. Så om eg sleppe inn i varmen her - så hadde det vore veldig kos!! :-) Og eg lovar - eg skal IKKJE skrive slike lange utgreiingar kvar gong... :-)
  19. Motala

    LeiLeiLei!

    Heisann! :-) Eg kjenner meg veldig igjen i ditta sjokolade-suget som er heilt uutholdelig!! Men fyrste bud er å ikkje ha det i hus!! Tips nummer 2 er å gå seg ein tur (om det så berre er ein liten ein) - for eg er vertfall slik at når eg fyrst har vore ute å trimma då har eg vanskar for å trykke inn igjen kcal som eg har kjempa hardt av.. (Har opplevd å latt vere å trene ein dag fordi eg heller har lyst å ete sjokolade.. hehe...) Tips 3: KAKAO MED SUKETTAR!!! :-) Med ekstra lett-melk kan du faktisk drikke noken dl for dag - smell opp i litt kakaopulver - og pøs på med sukettar til du syns det er søtt nok..!! HERLIG!! :-) Eg syns det er ei veldig god erstatning på søt-suget vertfall! :-) Og så er det faktisk slik at søtsuget forsvinner etterkvart... Og det er jo det beste! Lykke til vidare i allefall!
  20. Hei Samba :-) Så kjekt at du vil vere slanke-buddy!! Eg kjenner meg godt igjen i det du beskriver... For ein kan jo ikkje akkurat la vere å ha slike kosehelgar i redsel for å gå opp i vekt... Så eg syns at du skal ta helga med god samvittighet - og tenke på kor kjekt det faktisk var - og så halde fram med det du har gjort i morgon når kvardagen kjem igjen... Det må nesten vere slik, elles sprekker ein fort.. Og det er der eg har gått på smellane tidlegare.. Har hatt kjempemotivasjon og sett meg føre at eg skal begynne det "nye og betre livet" - heilt til dag nummer 2 - og eg sprekk og trykker innpå platevis med sjokolade... Nei.. Då må det vere betre og kose seg i helgane - prøve vere bevisst - redusere frå det ein elles ville ete og drukke - og så vere sterk og trimme masse i vekene... :-) Ein måte å gjere det på må kanskje vere å virkelig trene masse i veka i forvegen - spare seg opp litt å gå på.. Så slepp ein kanskje den dårlige samvittigheten og.. :-) Eg skal veie meg på tysdag.. og er kjempespent på kva resultatet viser.. så spent at eg måtte snik-kikke litt i dag... Og det var ikkje det heilt store.. Har dessverre ikkje noko digital vekt - men såg at den dingla mellom to kilo.. Så noken gram må eg nok ha gått ned, men kjenner eg er litt skuffa likevel.. Er nok ei litt for utolmodig sjel... Men om den vise eitt kilo ned på tysdag så blir eg glad!! Trenge eit skikkelig motivasjonspuff om at det går den rette vegen - elles blir nok fristelsen stor for ei stor plate med Melkesjokolade med Kvikk Lunch.. :-/ Men må nok gi det eit par veker fyrst - med iherdig forsøk :-)
  21. Heisann :-) Kjente meg sånn igjen i det du skreiv øverst at eg måtte berre kommentere det... :-) 1600 kcal er jo faktisk ingenting!! Eg må virkelig gå inn i meg sjølv og rapportere i forkant for å passe på at eg held meg innanfor grensa... Eg skjønnar heller ikkje at der finst overvektige som ikkje klarar å fylle opp kvota si... Kunne godt kjøpt meg litt ekstra kvote for å seie det slik... Men greit nok - eg er berre på femte dagen min med det opplegget her... Men jammen er det mykje godt som kan etast (som eg ikkje nødvendigvis har sett på som USUNT) - som ødelegge heile kcal-budsjettet for ein dag... Huff... Men men.. Viss dette no gjer til at ein finn formen ein vil ha, så er det vel verdt det..? Og i ettertid kan ein vel øke på igjen med litt meir kcal - eller hur..? :-)
  22. Heisann! :-) Eg starta på GR-opplegget tysdag som var, og "held ut endå".. Eg har tidlegare prøvd meg på eit betre og sunnare liv (stort sett kvar måndag), men det har endt opp med at eg har endt tilbake igjen til gamle vanar.. MEN denne gongen SKAL eg klare det!! Målet er å gå ned 8 kilo... Sidan motivasjonen min har ein tendens til å miste gløden etter ei lita periode tenkte eg at det kunne vere lurt å søke etter ein slanke-buddy! Ved å ha ein (eller fleire) å diskutere med, klage til, oppmuntre og slanke seg i lag med, trur eg det kan vere litt enklare.. Då blir det litt "vansklegare" å sprekke for å seie det slik... Desse fem dagane har i grunnen gått bra dei.. Har klart å halde ca 1600- kcal-inntak og trimma kvar dag... Men er litt småsvolta.. Kanskje det går over..? Kroppen min er jo vant med eit litt høgare kcal-inntak for å seie det slik.... :-) Gode tips og råd, og vink og spark i baken søkast gjennom ein slanke-buddy.. :-) Vil du vere med..? :-)
×
×
  • Opprett ny...