Gå til innhold

Solelis

Medlem
  • Innholdsteller

    1
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Nøytral

Om Solelis

  • Rang
    Ny
  1. Hei Eg har komme opp i rekordvekta på 93,3 kg. Eg klandrar meg sjølv fordi eg ikkje har passa på betre. Men med ein alvorleg sjukdom som eg har hatt sidan 2008 og med energi på null så har eg ikkje klart å fokusere på mat og kosthold. Mat har kun vore eit middel for å halde meg i live.. og eg har sikkert ete feil mat.. Har hatt sukkerkick og trøstespist og ete feil mat... No når ungane våre er ute av redet så brukar vi minimalt med tid på matlaging.. Vi er så trøtte begge to etter jobb og etter lengre periodar sjukmeldt med smerter har eg ikkje prioritert kjøkkenteneste men berre å eksistere... No har helsa endra seg litt til det positive etter ein sommar med høgdose medisin Prednisolon (kortison)... og det er herleg no å å kjenne at eg faktisk har energi til å gjere vanleg husarbeid. Høgdosa har òg ført til "hungersnød" - du får ein enorm matlyst og higar etter noko fylle deg opp med. Eg har måtte stå imot denne hungeren heile tida men eg ser jo no på vekta at dei ekstra kiloane kom likevel... Det er til å grine av. Etter det har eg gått heilt i kjellaren psykisk og har svært lite tru på at eg skal klare det. Sjølv om eg har klart å ta av før.. Eg er så redd for at eg kjem til å gje opp før eg klarer det eg vil...
×
×
  • Opprett ny...