Gå til innhold

Fiola

Medlem
  • Innholdsteller

    22
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    3

Fiola vant dagen sist Mars 3

Fiola hadde mest likt innhold!

Nettsamfunnsomdømme

4 Nøytral

Om Fiola

  • Rang
    Medlem
  1. Hehe, Silje, så fint at mine utskeielsar kan gleda andre!! 🤣 Det går opp og ned her i verden, og her går det visst mest opp for tida! 🙈 Dagens tal er 74,2 men det er heilt som forventa, sidan eg ikkje har villa spara på kaloriane denne helga (heller). Skiløpet gjekk bra! Ingen løyperekord akkurat, men eg gjennomførte 41 km på ski, og er veldig fornøyd med det!! MEN, no er det tilbake til kvardagen att, og eg satsar på tre gode veker på vekta før neste utskeielse, som er tur til Polen med elevane mine veka før påske...
  2. Ja, Kaisa, einig i at me må kunna kosa oss i ferien!!... men eg flippar jo heilt ut! 🙈 Eg og kjærasten skal gå eit 42 km langt skiløp i helga, og derfor har eg tenkt at slankinga får vera litt på vent denne helga også, sånn at eg har nok energi å gå på... Og sidan eg likevel skal skeia ut i helga, så har eg likegodt skeia ut heile denne veka også... Sjokoladeskåla som dukka opp på jobb i går fekk skikkeleg gjennomgå, og i dag har eg hatt eit gigakaloribonaza i varmestova i skisenteret der eg var på skidag med elevane mine. Burger, pommes frites, cola, sjokolade osv osv... Skjerpings frå og med måndag!!!
  3. Heisann, alle! 😊 Då var vinterferien unnagjort, og eg valde å skeia skikkeleg ut den siste helga. Her har det vore junkfood, smågodt, sjokolade, chips, øl og cider... 🙈 Får ikkje vegd meg før i morgon, og håpar ikkje vekta er aaaltfor streng med meg.... 🤣
  4. Silje, du er utrulig flink til å motivera oss alle saman!!! Tusen takk for gode ord!! Eg er dessutan imponert over vektnedgangen din til tross for at du har hatt vinterferie i veka som gjekk!! Eg er spent på korleis mine eigne vinterferieutskeielsar slår ut, men prøver i alle fall å vera så aktiv som mogeleg. God helg til alle saman! Eg ser alle er på god veg nedover, så eg synest me skal gi oss sjølv ein god klapp på skuldera for å ha vore så flinke i 10 veker i strekk no! Eg er klar for 10 nye veker!! 😊
  5. God søndag, alle saman! Eg har vinterferie i veka som kjem, og reiser avgårde i dag. Derfor har eg vegd meg og er superstolt over å kunna rapportera at vekta viste 73,2 kg i dag!! Så gjenstår det berre å sjå korleis det går når eg skal feira fastelavn og bursdag hjå mor, vinterferie og runda det heile av med hotellweekend med kjærasten før neste veging... 🤣 Målet mitt for kommande veke er derfor å fortsatt halda meg under/på omtrent 73,5 kg, sidan eg har gått ned så mykje den siste veka. Eg har ikkje ført inn kaloriar denne veka heller, men har GR sine anbefalingar i bakhovudet heile tida og prøver å halda meg til det så godt eg kan. Og så har eg komt godt i gang med jogginga! Kondisen er ikkje super endå, men det går på fram! Lykke til med veging for alle saman i morgon!
  6. Hmm... Trudde eg var i siget igjen, for eg var under 75 kg i helga, men i dag viste vekta 75,3 igjen... Her er det berre å bita tenna saman i veka som kjem!! God veke til alle!
  7. Titt, tei! Eg ER her altså, men dei siste vekene har vore så utruleg travle, at eg har ikkje hatt overskot til verken å telja kaloriar eller å gå innpå her. Men, no vert det rolegare ei tid framover, og eg set inn støtet att! Vekta viste 75,2 kg i dag. Fornøyd at eg er der til tross for mange enkle løysingar i det siste! Synest forresten de andre har vore superflinke!!!
  8. Hei!! Gratulera til alle dykk flinke!! Eg bøyer meg i hatten! Og velkommen til Helen85! Og: Eg beklagar til Silje for sein tilbakemelding frå meg. Eg bur litt i ein koffert, halve tida hjå kjærasten og halve tida heime. Og så likar eg best å bruka den same vekta kvar gong for at det skal kunna samanliknast frå gong til gong. Eg har ikkje vore flink denne veka heller. Hadde veninnebesøk med pizza og digg på torsdag, og var på hytta i helga med tilhøyrande øl, cider, sjokolade og digg. Avslutta med ein runde smågodt i går, "sidan dagen hadde vore litt slitsom" ... 😐 Meeen, eg var veldig fornøyd med helga sånn elles då! Fekk testa å bruka pulken opp til hytta, og det fungerte kjempebra! Synest som mange andre her inne at det er toppers med ski for tida! Sjølv om eg ikkje har vore så flink dei siste vekene, så har eg slettest ikkje mista motet, altså!! Vekta viste 75,7 i dag, og kryssar fingrane for eit bedre resultat neste veke!! 😁
  9. Så flott, Kaisa!! Og fantastisk motivasjon med den Riga-turen!! 😊 Elles trur eg me kan kåra Puselusken sin 12-rettars middag til tidenes største utfordring i ein slankekur! 🤣
  10. Hei, og god måndag!! 😊 Her har det vore ei litt tung og trå veke, så motivasjonen har vore midt på treet for min del. Har ikkje flippa heilt ut, men heller ikkje talt kaloriar. Så eg er spent på resultatet! Eg bur litt her (i huset mitt) og litt der (hjå kjærasten), så eg har ikkje fått vegd meg i dag, men skal gjera det i morgon!... kanskje eg må kryssa fingrane for at vekta mi også er tom for straum i morgon, Silje! 🤣 MEN: Det positive er at eg og kjærasten har komt i gong med jogging! Me har meldt oss på eit 42 km langt skiløp i midten av mars, og eg treng sårt å få opp kondisjonen litt! Eg er heilt på scratch-nivå, og joggar førebels berre 10 minutt på kvar tur.. Brukar eit treningsprogram som Grete Waitz har utarbeidd. Eg gir ein lyd når eg har vegd meg i morgon!! 👋 😋
  11. God måndag, alle saman! Her gjekk eg på ein gigasmell på torsdag/fredag, noko som resulterte i 76,8 kg, altså 0,5 kg OPP! 😲 ... så no gjeld det å henta tilbake motivasjonen og satsa på at denne veka går betre! 💪
  12. Ja, ENDELEG helg etter ei litt travel veke! Me hadde nyttårsball på skulen kor eg jobbar i går, og der kom fyrste sprekk. Og den største sprekken kom i dag då me skulle eta opp tacorestane, pluss store mengder med brownies etter ballet i går. No fortset kvelden med veninneklubb, så.... Nye sjansar til "å begynna på nytt" i morgon!!! 😲🤣 Resten av helga håpar eg at eg får gått litt på ski! Det lavar ned med snø her, og eg har fått pulk i posten frå Fjellsport i dag!!! 😁 Eg er 43 år og bur i Hardanger. Kor bur de andre? 😋 🤔😊 PS: Er det andre enn meg som slit med å skriva meldingar her? Eg får berre opp gamle innlegg når eg skal skriva... Gjer eg noko feil? 🤔
×
×
  • Opprett ny...