Gå til innhold

Fiola

Medlem
  • Innholdsteller

    45
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    5

Alt skrevet av Fiola

  1. Takk for oppmuntrande ord, Silje! 😊 Eg har ikkje eigne ungar, så eg har jo litt meir å gå på der i forhold til deg. Har ete sjokolade og drukke brus som kvar dag er min siste den siste tida, så eg får satsa på at motivasjonen for eit lettare liv kjem tilbake. I dag har eg i alle fall vegd meg, noko som i det minste er ein start. 73,5 kg. Oooups. Nissemor: Enig med deg, håpar dei snart finn ut av den fæle hundesjukdommen, sjølv om eg ikkje har mista nattesøvnen av den grunn. Bur på bygda, og kryssar fingrane for at me er trygge her...
  2. Sorry, eg gløymde å vega meg som eg hadde tenkt på tysdag. Eg pendlar mykje og har difor berre tilgong på badevekta mi dei nettene eg søv heime. Eg HAR som sagt planar om å komma meg inn i vege- og rapporteringsrutinane att, men klarte det altså ikkje denne veka. Er deltidsstudent i 75% i år, i tillegg til 70% jobb, så dagane er litt travle... 😬 Prøver att over helga!! Til dykk andre: De er flinke!!!!!
  3. Hei! Eg har som mål å vera med vidare!! Pendlar framleis eindel, men skal prøva å få vegd meg i morgon tidleg!! 😊
  4. Du er superflink, Kikka, som held det gåande når me andre er litt meir fråverande!!!! 👍 Vekta mi viser 72,3 kg. Har ei veke til med ferie, så det vert nok ikkje så mykje slanking komande veke heller.
  5. Lovar å komma sterkare tilbake frå og med midten av august. God sommar til alle saman! 🤗
  6. Heisann damer!! Først av alt: De er superflinke som stadig vekk står på!! Eg sjølv er ikkje i slankemodus, meir i nyte-livet-og-ferien-modus. 🥴 Til gjengjeld prøver eg å halda ved like jogginga, så det er eg fornøyd med om eg klarer i sommar!! 😊 Dagens tal er 71,7 kg.
  7. Shit! Har vore på ferie i ei veka, og enda i dag på 73,2 kg! Har enno seks veker ferie att, så dette lovar ikkje bra... 🙈 For å fokusera på noko LITT lystigare: Gjennomførte mitt første halvmaraton sist helg, og eg superfornøyd med det! Belønna meg tydlegvis altfor heftig med mat og drikke i veka etterpå! 🤣 Note to self vidare i sommar: Skjerpings!
  8. God morgon! Hurra, - her viste vekta 70,5 kg, så no skimtar eg målet i det fjerne! Har berre to arbeidsdagar att og så startar "lærarferien" min på 7-8 veker, så då spørst det kor mykje kos det vert kontra fornuftig kosthald. 🥴 Reiser til Tromsø i helga for å springa mitt livs første halvmaraton. Har ikkje komt så langt i treninga som eg burde, men no får det berre stå til. Målet er å gjennomføra. 😬 Men blir i Tromsø til onsdag, og kjem difor ikkje med vektresultat neste veke. Lykke til med husmaling, cupar og vektnedgang! Beundrar alle som ein her inne som står på og held ut veke etter veke!!
  9. Hei! Eg har ei veke avspasering og var på fjellet fram til i går, så ingen veging på meg før i dag. Vekta viste 71,1 kg, noko eg er superfornøyd med!! (Du treng ikkje stressa med å legga meg inn sidan eg er så sein, Silje!) Tusen takk for støtte og oppmuntrande ord frå dei som skreiv at eg ikkje måtte gi meg/ta pause no!! De inspirerer!! ❤️ Føler eigentleg ikkje at eg "slankar" meg for tida, for eg et ein god del usunn mat innimellom (burgerar, sjokolade, cola, cider, øl etc) . Men eg er tydlegvis meir bevisst på å ikkje skeia ALTFOR mykje ut, sidan vekta sakte men sikkert minkar. Skremmande å tenkja på kor usunt eg må ha ete når vekta har auka veke for veke dei siste åra!! 😲... God helg til alle!! 🌞
  10. Hei! Vekta viste 72,5 kg her i dag, men det er ikkje så rart, då eg alldeles ikkje har vore i slankemodus i det siste. Har drukke øl og cider, gafla sjokolade og ete altfor store posjonar med mat... 🙈 Så eg trur eg bestemmer meg for å vera fornøyd - enn så lenge - med dei kiloane eg har mista. Tenkjer at målet mitt no heller er å halda meg på 72 kg gjennom sommaren, og så set eg inn eit nytt støt til hausten for å bli kvitt dei neste 5 kiloane. Så, eg satsar på å vera med vidare, men då i eit midlertidig hald-vekta-modus.
  11. Hei! Her svingar vekta frå dag til dag. I går var eg 72,0 kg og i dag er eg meir. Trur eg har stabilisert meg rundt 72 no og må nok yta større innsats for å gå ned i vekt enn tidlegare. Ekstra vanskeleg sidan det er mykje fri og feriekos framover. Er mykje på stølen når me har fri, og der er det "tradisjon" med mykje kos i form av snop og øl/cider. Må nok prøva å snu den trenden litt skal eg klara å halda vekta framover.
  12. Hei damer!!! Pepsi max: Eg synest du har vore superflink som har klart å halda deg unna søtsaker så lenge!! OG: Det har jo absolutt gitt resultater, sjølv om det ikkje går så fort som du skulle ønska deg. Men enig med ho som skreiv at det er mykje sunnare og meir varig vektnedgang om ein ikkje rasar ned i vekt!! Herlig å høyra at det er fleire som slit med bukseknappar og buksesmekkar! 🤣 Veldig gjenkjennelig problem! Meeen, i helga skal eg til fjells, og synest det er stor stas å bruka den nye friluftsbuksa mi som eg har kjøpt som "belønning" for å ha gått ned i vekt. Kjøpte ho litt trang, så eg tenkjer ho skal bli endå betre på utover sommaren! (Litt ekstra motivasjon for å "halda ut" vidare! 🤣). Eg kjenner også på at sprekkar fører til nedsatt motivasjon (burde ha vore motsatt) medan vektnedgang igjen fører til auka motivasjon. ... og, eg drikk (altfor) mykje PepsiMax! 🤣 Men det har eg tillatt meg for å ikkje gå heilt bananas! 🤣 God helg, damer!!
  13. Dårleg helg! Hadde 10 veninner på kalas om kvelden 17. mai, noko som medførte ENORME mengder med rester av spekemat, kaker, chips, brus osv... Og sidan eg bur åleine, var det meg som åt alle restane... Resultat: 72.8 kg. Og fortsatt rester i kjøleskåpet.. 😬
  14. God morgon! 😊 Då har eg fått nye batteri i vekta, og dwn viste 72,2 kg.
  15. Heisann! Nei, eg er her...! Eg har litt "rotete" kvardagsrutinar, i og med at eg pendlar mellom meg og kjærasten. Likar best å vega meg på den same vekta, så derfor får eg berre vegd meg dei dagane eg er heime hjå meg sjølv. No har eg omtrent ikkje vore heime hjå meg sjølv pga sauelamming sidan påske. I tillegg merkar eg at all denne pendlinga mellom to heimar gjer at matrutinane også blir vanskelegare å følgja opp. (Orkar ikkje fylla opp kjøleskåpet med masse mat om eg berre skal vera heime ei natt, f. eks). No har eg faktisk vore heime i to netter, og tenkte eg skulle vega meg slik at eg fekk rapportert inn, meeeen då var sjølvsagt vekta tom for straum... 🙈🤣 I morgon reiser kjærasten på jobb i Nordsjøen, og då synest eg alltid det er lettare å halda på gode rutinar. Så, eg satsar på å komma med vekas tal på tysdag, og så må eg berre jobba med kvardagsrutinane mine i dei periodane eg har det travelt og pendlar... Det er jo ein varig endring me ynskjer! Tommel opp for alle dykk andre som er så flinke veke etter veke!!!! 👍👍👍
  16. Juhuuu! 🍾 Eg drista meg faktisk til å vega meg i dag likevel, og denne gongen viste vekta merkeleg nok 72,4 kg... Om det stemmer, trur eg at eg må sjekka meg for bendelorm!!!! 🤣🙈🐛 MEN: Unsett om det stemmer (eller berre er ein svinging pga væskebalanse i kroppen) fekk eg i alle fall ny motivasjon til å fortsetja og vera flink!! Og einig med Helen85 og Silje! Eg føler også veldig støtte i alle i denne gruppa! Om eg tek dårlege matvalg og skeiar ut, kjenner eg at eg kvir meg for å rapportera inn her... 🙈 Og samtidig synest eg folk er flinke til å pusha og oppmuntra om ein har gått på ein smell (eller om ein har hatt framgang)! 👍
  17. Jojo: Eg trur ingen av oss går på kurs, men fleire av oss har gått på kurs før og føl GR-metoden. Eg sjølv var nøye med å føra all mat inn i dagboka til GR i starten, men no veit eg omtrent kva som skal til for at eg skal gå ned i vekt, så eg prøver å halda meg til planen. Om du har lese bakover i tråden her, har du kanskje sett at ting ikkje alltid går etter planen! 🤣 Meeeen, då er det berre til å bita saman tennene og skjerpa seg veka etterpå! 😁
  18. Så var det tilbake til kvardagen att, jenter!! 😁👍 Eg har ikkje slanka meg i påsken heller, og kost meg med både snop, sjokolade, øl og cider og i tillegg har eg ikkje vore så fryktelig fysisk aktiv heller... 🙈 Så eg treng ei veke på meg før eg torer å vega meg! 🤣 Håpar alle har hatt ein fin påskeferie! 😊
  19. Aiaiai... 73,9 kg! Slapp tydlegvis alle hemningar på skuleturen! 🤣 Ei veke på buss med mumsing frå morgon til kveld. Fiola kjem sterkare tilbake etter påske! 😁🐣🌞
  20. Hehe, ja om nokon hadde klart å finna opp eit sånt pulver som berre trylla kaloriane ut av maten, trur eg dei hadde blitt RIKE!!! 🤣🤣🤣 Eg er og skeptisk til alt av pulver og fiksfakserier. Eg tenkjer at vanleg sunn og variert mat i rette mengder kombinert med aktivitet som er nøkkelen. (Altså Grete Roede sitt opplegg). Eg synest det høyrest ut som om du gjer veldig mykje rett, PepsiMax! Eg er og veldig glad i søtsaker, og har heller ikkje funne noko fasitsvar på korleis eg skal bli kvitt søtsuget. Men eg merkar at det er viktig å vera mett! Så eg prøver å "fylla opp" med grønsaker både til middag og som snacks om kvelden (før søtsuget har rokke å melda seg). Yoghurt, frukt o.l dempar jo og søtsuget, så det er kanskje greitt å spara dei tinga til kvelden, då søtsuget er verst i alle fall hjå meg. Elles trur eg det er lurt av deg å drikka mykje vatn!! Eg er ikkje like flink til det som deg, men drikk eindel funsaft (lite/ingen kaloriar), te, farris.... og PepsiMax! 🙈 For min del har eg innsett at eg faktisk brukar snop som trøst! 😳 Ikkje når eg er lei meg, men når eg er sliten eller har mykje jobb å gjera! Då er det liksom eit plaster på såret å kunna trykka i seg smågodt (i store mengder 🤪). Trikset er nok å finna eit alternativ til å trøstespisa når ein er sleten. Forslag mottas med takk! 🤣😁 Eg skjønar absolutt kva du meinar med at du må vera så resterktiv med tanke på snop og beundrar dei som klarer det! Eg har jo hatt utallige slike periodar sjølv og gjennom livet, men dei har som oftast vorte veldig korte... 🤣 Viljestyrke er ikkje mi sterkaste side på det punktet...😳 Sjølv tillet eg meg det eg har lyst på, men prøver heller å begrensa meg. Og sjølv om eg har gått på mange "sprekkar" etter nyttår har eg jo gått ned totalt sett. Men eg er innstilt på at det kanskje ikkje vil vera like lett framover, så då må eg nok verta strengere eg og...
  21. Hei! 😊 Kaloriredux var eit forsøk på ein aprilspøk, men om ein kan få kjøpt noko liknande i virkeligheten var det ein veldig dårlig spøk... 🤣 Sorry! 🙈 Elles synest eg at folk er kjempeflinke her inne!! Eg kjenner det er motiverande å sjå at folk heng med og at vekta stadig går nedover, til tross for at me alle har veker der pila peikar feil veg. Hurra for oss, folkens!!! 👏
  22. Hei igjen! I dag stoppa vekta på 72,8, noko eg er veldig fornøyd med. Håpar eg klarer å halda meg på rundt 73 kg til dei to neste utfordringane er overstått: Polentur med klassen og påskeferien som kjem etterpå. Eg får ikkje vegd meg neste veke på grunn av turen, og usikker korleis det blir med veging i påskeferien også, men eg kjem tilbake!! (Berre sånn at de ikkje slettar meg! 🤣). Eg byrjar så smått å sjå føre meg neste delmål, altså under 70 kg!!! Det er jo "berre" 3 kg til, og nokså motiverande å tenkja på!! Er det forresten nokon som har testa ut "Kaloriredux"? Det skal visst vera eit pulver som du kan tilsetja maten for å redusera antal kaloriar. Eg har ikkje funne det i norske nettbutikkar endå, men har bestilt ein pakke på Ebay. Blir spennande å testa ut! 😊 Nissemor: trist at du og voffen forlet oss, men skjønar at du må prioritera andre ting! Lykke til, og velkommen igjen om du har lyst å komma tilbake! 😊 Det har vore veldig koselig å lesa om deg og voffen her inne! 🐕 Håpar alle har ein strålande fin aprildag! 😘
  23. Hei, jenter! 😊 Eg bur som sagt litt her og litt der, og er mykje på farten, så eg får ikkje alltid vegd meg i tide. Synest vekta mi også har svinga mykje, og naturleg nok i periodar kor eg har vore dårleg på kosthald. Når eg først skeiar ut, så pleier eg som oftast gjera det skikkeleg.. 🙈 Men til tross for store utskeielsar både titt og ofte, synest eg faktisk vekta har vore ganske grei med meg. Eg veg meg forresten kvar dag når eg er heime hjå meg sjølv, og i dag vog eg 72,7 kg, noko eg er kjempefornøyd med! Får prøva å vera flink i veka som kjem, for då er kjærasten på jobb i nordsjøen og det er då det er lettast å vera "fornuftig" i forhold til kosthold. Har heller ikkje proklamert at eg slankar meg, anna enn til kjærasten og syster mi. Derimot har eg gått breitt ut med at eg har meldt meg på halvmaraton, så det MÅ eg berre fullføra! 🤣🙈 Eg håpar alle får ei fin helg! ❤️
  24. Hehe, Silje, så fint at mine utskeielsar kan gleda andre!! 🤣 Det går opp og ned her i verden, og her går det visst mest opp for tida! 🙈 Dagens tal er 74,2 men det er heilt som forventa, sidan eg ikkje har villa spara på kaloriane denne helga (heller). Skiløpet gjekk bra! Ingen løyperekord akkurat, men eg gjennomførte 41 km på ski, og er veldig fornøyd med det!! MEN, no er det tilbake til kvardagen att, og eg satsar på tre gode veker på vekta før neste utskeielse, som er tur til Polen med elevane mine veka før påske...
  25. Ja, Kaisa, einig i at me må kunna kosa oss i ferien!!... men eg flippar jo heilt ut! 🙈 Eg og kjærasten skal gå eit 42 km langt skiløp i helga, og derfor har eg tenkt at slankinga får vera litt på vent denne helga også, sånn at eg har nok energi å gå på... Og sidan eg likevel skal skeia ut i helga, så har eg likegodt skeia ut heile denne veka også... Sjokoladeskåla som dukka opp på jobb i går fekk skikkeleg gjennomgå, og i dag har eg hatt eit gigakaloribonaza i varmestova i skisenteret der eg var på skidag med elevane mine. Burger, pommes frites, cola, sjokolade osv osv... Skjerpings frå og med måndag!!!
×
×
  • Opprett ny...