Gå til innhold

Juli-brud 2008


Gjest AneMarte

Anbefalte innlegg

Eg skal gifte meg i juli 2008, 5 mnd igjen no. Kjolen er kjøpt, men eg er redd den er litt liten til kroppen min sånn den er no. Kjolen vart kjøpt i sommar, for 8 kilo sidan. Så då må ein på kurs! Eg og kjæresten min har avtala at eg må ned til 75 kg, altså mi idealvekt i følge ei sånn Bodyindeks-maskin, før me skal prøve å få barn. Så det er 18 kilo det...og når eg er halvveges skal eg få ny mobil. Viktig med motivasjon! :D

Eg håpar at det å skrive her kvar veke skal hjelpe meg til å halde oppe motivasjonen, kanskje kan det hjelpe på å lese tidlegare innlegg i tunge tider:)

Kurset byrjar 25. februar, men eg prøvar allereie å kome inn i rytma med trening og sunn mat.

Eg er veldig glad i å trene, det verste for meg er maten. Eg trenar med pulsklokke, og då får eg ganske nøyaktig resultat av kva eg forbrenn. Når eg då skal ete, eigentleg er det middagen som er problemet, synes eg det er vanskeleg å vite nøyaktig kor mykje eg får i meg. Trass i at eg lagar middagar som står i Grete Roede-kokeboka, så synes eg det er vanskeleg. Så der har eg ein jobb og gjere, eg må vere meir nøyaktig og ærlig med meg sjølv.

Jepps, då er eg i gong!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 121
  • Created
  • Siste svar

Velkommen skal du vere AneMarte! Når eg las innlegget ditt slo det meg at eg kunne skreve nøyaktig det same om meg! Glad i å trene, men middag er eit problem!

Det blir kjekt å følgje deg fram mot bryllaupet.

 

Sjølv høyrer eg heime under operasjon-inn-i-brudekjole, og rapporterar der med ujamne mellomrom :D

 

Lykke til!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Velkommen skal du vere AneMarte! Når eg las innlegget ditt slo det meg at eg kunne skreve nøyaktig det same om meg! Glad i å trene' date=' men middag er eit problem!

Det blir kjekt å følgje deg fram mot bryllaupet.

 

Sjølv høyrer eg heime under operasjon-inn-i-brudekjole, og rapporterar der med ujamne mellomrom :D

 

Lykke til![/quote']

 

Tusen takk:) Godt å ha allierte her inne. Lykke til vidare du òg, blir kjekt å følge med og støtte kvarandre!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei AneMarte!

Jeg skal også begynne på nett-kurs 25 feb. kanskje vi har samme kursleder da? :D

 

Jeg har en tråd på motiver meg og jeg da. Kommer nok til å ta ut mesteparten av klager og gleder der inne tror jeg. Her inne kommer jeg nok til å lufte mine tanker rundt bryllup og forberedelser :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei AneMarte!

Jeg skal også begynne på nett-kurs 25 feb. kanskje vi har samme kursleder da? :D

 

Jeg har en tråd på motiver meg og jeg da. Kommer nok til å ta ut mesteparten av klager og gleder der inne tror jeg. Her inne kommer jeg nok til å lufte mine tanker rundt bryllup og forberedelser :D

 

Kan godt vere me har samme kursledar:) Gledar meg til å kome i gong med kurset. Me får følge med og oppmuntre og skryte av kvarandre her inne og på Motiver meg då! :))

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då er eg snart i gong med kurs! Mandag er første veging...eg er litt spent. Men det skal bli godt å kome i gong. I dag gjekk eg og min kjære lang tur, 785 kaloriar forbrent! Det er eg nøgd med:) Må berre fortsette sånn!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då er eg i gong! I dag har alt gått fint, har fått i meg det eg skal og trent vekk 476 kaloriar:)

Hadde litt trøbbel med å legge inn matverdiane på internett, men fekk det til etter kvart. Trengs vel litt trening!

I morgon blir det ei utfordring å få trent, for først er det skule og så får me besøk av ein heil familie med tvillingbabyar og greier:) Kanskje eg kan få gå trilletur?

Nei, no er det kveldsmat!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg fekk tid til å forbrenne 420 kcal i går:) Og maten gjekk det fint med. Eg er flink, veg alt som skal inn i munnen og forsyner meg ikkje av lefsene på jobben;)

I dag fekk eg i meg litt få kaloriar, så eg tok ei ekstra skive etter spinninga. Eg skal ha 2 trimpoeng pr. dag, så når eg i tillegg til mager middag får 3 trimpoeng, så trur eg det var lurt med litt ekstra føde.

I morgon skal eg ha første møte med min personlege trenar (som eg tek meg råd til). Når eg først går inn for noko, går eg verkeleg inn for det! Gledar meg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går møtte eg min personlege trenar og la plan for vekene framover. Det blir ikkje avslappande i alle fall! Kjem til å bli tøft, men eg er treningsvillig og har lyst å nå målet mitt. I dag blir ein hektisk dag, med foredrag, jobbing og trening. Så no går eg ut av huset med sekken full av treningskle, bøker og mat.

Merkar på kroppen at eg har endra livsstil, så eg er veldig spent på vekt og mål på mandag. Gler meg til helga, skal lage sunn, spennande mat:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81
Jess! God start første veging' date=' -1,4 kg og -6,5 cm. Det lovar godt, då må eg ha gjort noko rett;) Då er det berre 17, 2 kg igjen! hihi[/quote']

 

 

Gratulerer med ein super start AneMarte! Ikkje verst :) Det virkar som du har gått skikkeleg inn for dette, både med trening og mat. Eg har stor tru på den kombinasjonen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Då er det helg igjen, eg har handla mat og gler meg til i kveld. Då blir det kalkunmiddag, spennande:)

Treninga har gått fint så langt, me skal ut og gå tur i regnet og vinden no snart. Må berre kle på seg og tenke på det varme badet ein skal ta når ein kjem heim att! :) Måndag er det måle- og vegedag igjen, eg er spent!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Æsj, eg la på meg 100 gram denne veka. Men eg gjekk ned 6,5 cm igjen, så det er eg nøgd med:) Må berre fortsette med maten og trimmen, så forvsinn vel kiloane etter kvart!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Kjekt å lese at du er topp motivert sjølv om 100 gram sneik seg på. Dette blir heilt sikkert korrigert ved neste veging!

 

Kor langt er dokke komne i bryllaupsførebuingane? Det surrar å går i hovudet mitt heile tida, men lite handling endå :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Må berre prøve å vere positiv, for det er ikkje krise med 100 gram +. Kan ikkje gi opp for det. Men håpar sjølvsagt på eit ordentleg godt resultat neste veke :)

Bryllaupsplanlegginga er i full gong! I dag kjem vigslaren på besøk til oss og me skal planlegge sermonien. Det blir kjekt:) Ellers har me det meste i boks, skal få prøvingsattest og forlovarerklæring etter påske. Tida går fort altså! Gler meg masse masse!

Forloveden til broren min skal ordne hår og sminke, men ho bur ikkje her eg bur, så me må få fiksa eit prøvepyntemøte ein gong i vår. Mi komande svigermor har gitt meg eit nydeleg diadem, så no er antrekket mitt komplett. Kjæresten sitt er ikkje heilt komplett enno, han skal ha uniform og må få tak i diverse sabel og sånt. Det synes han sjølvsagt er skikkelig stress, men då minner eg han på alt eg har/skal fiksa...det gjer susen mot syting;)

Nei, no skal eg lage middag, deilig laks! Og Grete Roede-sjokoladekake til gjesten seinare. Så då må eg ete meg god og mett på laksen først;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Likar innstillinga di!! Hadde berre eg og klart å tenke som deg.

 

Dumt spørsmål kanskje, men vigslaren er ikkje ein prest? Skal de ha sermonien utandørs? Det kunne eg tenkt meg, men dessverre går ikkje det :)

Når eg høyrer om kor langt andre brudepar som skal gifte seg på omlag same tid er komne, får eg litt lettare panikk :eek:

Einaste som er i boks med oss er kyrkje, festlokale, musikk, kokk, fotograf og kjole til meg :) Invitasjonane har eg styra med leenge og trur no at vi har funne ut korleis dei skal sjå ut. Men det vanskelegaste har vi framleis igjen - kven skal ein invitere og eventuelt til middag/kaffi??!!

Kjæresten min er og litt tiltakslaus sjølv om han gledar seg veldig til dagen. Trur eg gledar meg mest til førebuingane og han til sjølve dagen. Gruar meg veldig til dagen eg gitt :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Ingen spørsmål er dumme! Vigslaren er frå Human-etisk forbund. Me ville ha borgarleg vigsel, men ville ikkje ha det på eit kjedeleg kontor. Så då blir det human-etisk vigsel ute! For me har bestilt perfekt vèr;) (viss det mot alle odds regnar, skal me ha det inne altså, i same huset som me skal ha middag og fest)

Ikkje få panikk for planlegginga, eg er berre ein av dei som er altfor tidleg ute! Teiknet for namnet mitt på teiknspråk tyder "planlegge, planlegge, planlegge". Det er personleg tilpassa;)

Dessutan synes eg du har fått gjort masse viktig til dykkar store dag:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det høyres veldig fint ut!! Kunne godt tenkt meg det samme, men vestlandsveir er ikkje til å stole på :)

Tøft at du lever opp til betydninga av namnet ditt. Eg er også ein person som likar å ha full kontroll. Eg har mykje klart i hovudet, men føler at eg har relativt god tid endå. Må gå eit par runder med meg sjølv først før eg set i gang tiltak. hehe.. Akkurat no leitar eg etter den "perfekte" plassen å ta utebilder. Går turar på kryss og tvers i nærmiljøet for å finne ein plass som er lett tilgjengeleg med bil, men som likevel har natur og vatn i bakgrunnen. Eg er litt sær på at eg ikkje ønskjer å ta bilder der "alle andre" har tatt sine bilder. Det er ein heilt fantastisk natur her vi bur, så den vil vi ha med (eg har sjølvsagt backup for stygt veir :) ).

 

Kva tenkjer de å servere til dagen? Eg hadde først tenkt buffet, men no er eg litt usikker. Om vi skal ha 3-rettar, so har eg kun desserten klar :) Trur eg må ta meg ein prat med kokken å forhøyre meg om alternativ til alternativa!!

 

Du må ikkje føle deg forplikta til å "lever ut" heile bryllaupsplanlegginga di! Eg er berre nysgjerrig på korleis andre gjer det, og syns alltid det er kjekt med råd og tips for korleis andre løyser ting. Kan vere det dukkar opp ting eg ikkje har tenkt på. Har ikkje akkurat erfaring med å planlegge bryllaup :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Me leiger eit hus og cateringfirma i eitt, så me får velje fritt frå ein meny. Me tenkte å ha kyllingfilet med appelsinsaus til forrett, heilsteikt lammelår til hovudrett og noko enkelt, is og bær til dømes, til dessert. Og så blir det medbrakte kaker til kaffien:) Eg kjem frå Sunnmøre, og der skal det vere ALT for mykje kake på alle slike tilstellingar, men eg har ikkje lyst å bli sitjande med ein haug med kaker etterpå. Difor prøvar me å avgrense talet kaker;)

Veldig greit å bestille cateringfirma når ein skal ha bryllaup ein annan stad enn heimstaden, så slepp ein å stresse med å finne folk som kan servere og sånn. Ikkje er det dyrt heller. Men hadde me hatt det der min kjære eller eg kjem frå, hadde det sikkert blitt at naboar og foreldre til vennar og sånt hadde hjelpt til. Kjenner eg blir stressa av tanken...synes det er greit å vite at dei som skal lage til middagen og serveringa og alt det kan det og har gjort det før. Ein ting mindre å engste seg for! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

I dag har eg vore på spinning, blei kvitt 615 kcal, så det var fint:) Men har fått i meg litt få kcal, så eg må vere flinkare til å planlegge! Er ikkje så bra å ete masse mat på kvelden fordi ein ikkje har fått i seg nok før på dagen. Så det må eg fikse.

Har laga middagsplan for påskeferien, då blir det lettare å handle inn, lettare å ete rett, lettare å ete variert:) Skal handle inn i morgon. Og så håpar eg på fint vèr i påska, slik at me får trent ute og nyte sola.

God helg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Hehe.. kaker blir det vel ALLTID for mykje av! Planen min er å sende med mat som er tilovers med vennar og familie. Eg syns det er litt kjekt at det er folk vi kjenner som skal lage mat og servere. Då får dei vere med på festen, sjølv om dei ikkje er invitert. Eg er ikkje bekymra for at dei ikkje skal ha kontroll, for vi har høyrt med folk som jobbar eller har jobba på hotell. Tenkte også sette opp den mest erfarne som "restaurantsjef", så reknar med ho vil ha full kontroll og at ho kanskje kan komme med nokre tips til oss.

 

So flink du er å trene AneMarte! Eg og burde absolutt laga ein plan for middag, men skal til svigers torsdag og der har eg null kontroll på kva som vert servert dessverre. Får gjere mitt beste med å begrense porsjonane, og trimme mellom måltida :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Verkar som du har full kontroll over dagen dykkar:) Høyres veldig bra ut! Fint å kjenne folk som har litt erfaring med slike tilstellingar.

I dag har me gått på fjelltur, 1200 kcal er borte og det føles godt! No skal me straks byrje på middagslaginga. I dag blir det kylling i karrisaus, frå Grete Roede-oppskriftene sjølvsagt:)

Kjenner til problemet med svigersmiddag...me blir heime i påska, fordi eg ikkje vil øydelegge matopplegget mitt. Høyres kanskje litt rart ut, å ikkje besøke dei pga det, men me er der så ofte ellers at det ikkje gjer noko. Det blir ikkje så mykje feit mat og snop ei vanleg helg som det ofte blir i påska. Heldigvis er det kjempekjekt å besøke dei, men eg mistar fullstendig kontrollen over matinntaket når eg er der. Så akkurat no treng eg å kome i gong med slankinga og få litt resultat før eg kvinnar meg opp til svigersmiddag;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Eg syns ikkje det er rart at dokke droppar å reise på besøk til svigers i påska. Hadde vi hatt dei litt nærare og vore der litt oftare, hadde nok ikkje vi heller reist. Det er utruleg kor mykje skade eit par dagar med "svigersmat" kan gjere! Dette gjeld også besteforeldre mat, men spesielt mormor tar veldig omsyn til at eg slankar meg og lagar gjerne spesial middag til meg. Men eg får meg ikkje til å seie det heime med svigers.

 

Supert med fjelltur! På ski du har vore då eller? Her har det vore alle fire årstider i dag *sukk* snø, regn og no skin sola. Heilt utruleg!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Ikkje akkurat lett å sei frå til svigers nei! :) Men du har no vore så flink å trene (ser eg på tråden din) at du sikkert tåler ein svigersmiddag!

Det er ikkje snø her, så det vart tur på beina. Skulle ønske eg kunne gå litt på ski, men det spørs om det blir føre før våren kjem for alvor...men det er jo kjekt å gå fjelltur på beina òg! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...