Gå til innhold

Juli-brud 2008


Gjest AneMarte

Anbefalte innlegg

  • Svar 121
  • Created
  • Siste svar
Gjest AneMarte

Tusen takk!:) Deilig å gå ned litt etter forrige vekes 100 gram + :)

I dag har me gått tur i snøkava, det vart 445 kcal forbrent og heilt etter planen. I morgon skal eg trene med min personlege trenar igjen, det blir nok ei skikkelig bra økt! Litt bekymra for ryggen min, det er eit eller anna som ikkje stemmer, den er vond. Men eg håpar det er muskulært og at det forsvinn fort! Har hatt isjas før, men det er heldigvis ikkje det denne gongen. Så det er i alle fall bra! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Puh! 704 kcal på styrketrening! Den personlege trenaren er verkeleg verdt pengane:D

Ryggen er mykje betre no, trengte sikkert berre ein tur i ulendt terreng og litt styrketrening.

I dag blir det wok til middag. Gler meg, det er supergodt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skal riktignok stå brud i mai. Kjolen ble kjøpt i beg av februar, og overdelen gikk ikke igjen. Kastet meg igang her inne, og har allerede mistet 3.5 kg. Får den igjen med et nødskrik. Men det er en korsett -topp.. Så selv om det ser bra ut, kjennes det ikke så behagelig ut.. så tenker å jobbe meg ned et par kilo til.. Utrolig bra motivasjon i grunnen.. en sånn kjole MÅ man jo bare få seg inn i hihi...

Jeg har gått ned 21 av de 23 som kom på i forbindelse med hormonkurer og graviditet. To igjen til start, og dit skal jeg til i mai. og så håper jeg å gå ned tre til før sommeren.

 

Her blir det et lite og svært enkelt bryllup. Anledningen er egentlig navnefest til våre tvillinggutter som ble født i nov.07. SÅ ingen vet at det er bryllup også.. Sender melding kvelden før om at "selve sermonien foregår på tinghuset", så får vi se om de tror det er noe med navnefesten, eller om de forstår vi har lurt dem..

 

Serveringen blir tapas som en kompis skal lage. Svigermor stiller med baccalao til, sånn at det blir en varmrett der og. Så blir det 4 kaker, kaffe og cognac etterpå.. Enkelt og greit.. Har lagd sanghefte (men dreier seg om de små) og tenker litt fint dekka bord.. Vi har bare invitert foreldre og søsken m barn /samboer og forlovere. For oss er det veldig riktig å gjøre det på denne måten..vi gleder oss :-) var forøvrig og bestilte ringene idag :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81
Puh! 704 kcal på styrketrening! Den personlege trenaren er verkeleg verdt pengane:D

Ryggen er mykje betre no' date=' trengte sikkert berre ein tur i ulendt terreng og litt styrketrening.

I dag blir det wok til middag. Gler meg, det er supergodt![/quote']

 

704 kaloriar på styrketrening er jo utruleg bra!! Fy søren!! Imponert. Eg må skjerpe meg!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Takk! Det er med 15 min. oppvarming altså, berre så det er sagt. Men det er viktig å ikkje sitte stille ofte, berre gå direkte frå øving til øving utan pause. Då får ein opp pulsen!

I dag var me ein tur på fjellet, rolig, fin tur og 580 kcal forbrent. No er det straks middag, fiskegrateng. Deilig:D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte
Skal riktignok stå brud i mai. Kjolen ble kjøpt i beg av februar' date=' og overdelen gikk ikke igjen. Kastet meg igang her inne, og har allerede mistet 3.5 kg. Får den igjen med et nødskrik. Men det er en korsett -topp.. Så selv om det ser bra ut, kjennes det ikke så behagelig ut.. så tenker å jobbe meg ned et par kilo til.. Utrolig bra motivasjon i grunnen.. en sånn kjole MÅ man jo bare få seg inn i hihi...

Jeg har gått ned 21 av de 23 som kom på i forbindelse med hormonkurer og graviditet. To igjen til start, og dit skal jeg til i mai. og så håper jeg å gå ned tre til før sommeren.

 

Her blir det et lite og svært enkelt bryllup. Anledningen er egentlig navnefest til våre tvillinggutter som ble født i nov.07. SÅ ingen vet at det er bryllup også.. Sender melding kvelden før om at "selve sermonien foregår på tinghuset", så får vi se om de tror det er noe med navnefesten, eller om de forstår vi har lurt dem..

 

Serveringen blir tapas som en kompis skal lage. Svigermor stiller med baccalao til, sånn at det blir en varmrett der og. Så blir det 4 kaker, kaffe og cognac etterpå.. Enkelt og greit.. Har lagd sanghefte (men dreier seg om de små) og tenker litt fint dekka bord.. Vi har bare invitert foreldre og søsken m barn /samboer og forlovere. For oss er det veldig riktig å gjøre det på denne måten..vi gleder oss :-) var forøvrig og bestilte ringene idag :-)[/quote']

 

Det blir ein spennade dag! Høyres ut som du har full kontroll :) Kanskje du vil starte din eigen tråd her på "Gifteplaner", så får me følge med deg heilt fram til din store dag òg? :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Då var nok ei god styrkeøkt over, 701 kcal borte vekk:D

Dagens middag er laks, med blant anna asparges og det er kjempegodt! Påska går fint, ikkje noko snoping og berre sunn, god mat. Har ikkje tenkt å ete noko eg ikkje bør, for då må eg skrive om det her! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

I dag fann me litt snø! Så då vart det skitur og 895 forbrente kcal. Herlig! Veret var ikkje spesielt bra, det blåste skikkelig, men det var i alle fall ikkje nedbør:) Veldig kjekt å gå litt på ski. Datt berre ein gong i fart (men to gongar medan eg stod i ro...) :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Herlig! I dag var det sol og strålande skiføre på fjellet. Så då vart det skitur og 921 forbrente kcal. Til og med fått litt farge i ansiktet:D

I dag skal me lage kyllinghamburger til middag, gode greier:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Dagens skitur i strålande sol endte med 1611 forbrente kcal! Supert:) Fin avslutning på ei fin påske. No startar kvardagen att, skal bli godt det òg. Blir vel ikkje tid til så mykje trening når skule og jobb tek til att, men eg skal nok få trent så mykje som eg skal! Må passe på å ete tilsvarande meir når eg forbrenn mykje, så det er på sett og vis enklare å trene det eg har bestemt meg for og ete den mengda som passar til (14 trimpoeng i veka, meny 3).

I tillegg må eg vere i stand til å fortsette å trene like mykje lenge, lenge etter kurset er ferdig, så eg trur ikkje det er lurt å kjøre på masse no og så få ein knekk ved kursslutt. Dette er omlegging av livsstil, ikkje ein kortvarig diett:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Eg bøyer meg i støvet! For ein fantastisk innsats AneMarte. Eg burde lese tråden din kvar dag i påska, for eg kjenner at eg blei skikkeleg motivert av å lese kor flink du har vore!

 

Heia oss!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Tusen takk Huldra! Det har vore ei finfin påske:)

I dag har eg trent styrke, 697 kcal forbrent. Merka at kvardagen er her, så eg må planlegge dagane litt betre for å få i meg nok mat. Så i morgon blir det betre! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

I går hadde eg treningspause, så me kjørte til svigers og henta dei nye skia mine! Dei hadde vore og pruta så me fekk skia til under halv pris!! :) Herlig! Så i morgon skal me i skibakken, eg skal prøve meg på telemark...eg kan å køyre telemark, men har aldri hatt sånne skikkelige fjellski, så det blir kjempespennande!

Eg skulle eigentleg trene med personleg trenar i dag, men han vart sjuk. Så me har gått tur i staden, forbrent 418 kcal, heilt etter planen:)

Eg har hatt ein lang dag i dag med skule og jobbing, og middagen vart innteken på kinesisk restaurant så eg har ikkje kontroll på kcal der. Men det går nok fint, det var mykje grønsaker og eg åt ikkje alle nudlane. No må eg legge meg og lade batteria til skidag i morgon:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Herlige ski! :( Og tungt å renne telemark, så kcal vart forbrent!

Må skjerpe meg litt på etinga no, merkar at eg er litt lei av å passe på heile tida...men eg veit at eg må det skal eg nå målet! Så det er berre å ta seg saman og fortsette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Då var denne helga over:) Det har gått fint, men eg er som vanleg spent på morgondagens veging og måling. Eg har trent litt meir intesiv styrke denne veka, eg er stiv og støl. Så det kan slå negativt ut på vekta. Det blir spennande! Viss det ikkje går nedover i morgon, så går det sikkert neste måndag! :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Då har eg vegd og målt meg; - 0,4 kg og - 3 cm:D Eg er strålande nøgd, det er akkurat passe nedgang. Heilt etter skjema:) Akkurat komt heim frå spinning, det vart ei kort økt med 417 forbrente kcal. Det er gode greier det! No ber det til skulen med god matpakke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

I dag hadde eg ei god styrkeøkt med litt kondis etterpå, 837 kcal forbrent. Herlig:) Eg laga pitapizza til middag i dag, kjempegodt! Anbefalast.

Det er ikkje så mykje bryllupsplanlegging for tida, men me har fått i oppgåve av forlovarane våre å lage liste over dei folka me vil ha med i utdrikningslaga. Gler meg, det blir spennande! Alt er sjølvsagt hemmeleg, men forlovaren til min kjære har alliert seg med meg, me må tenke litt lurt for å lure han;)

Verken eg eller kjæresten min er særleg glad i fyll og sånne "utdritingslag", kjekkare med tur på spa (eg likar det i alle fall.. :() eller hytta eller noko aktivt. Forlovarane våre kjenner oss heldigvis godt, så eg er sikker på at det blir kjekt! Andre her som har synspunkt på utdrikningslag?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Gratulerer med super vektnedgang!

Eg er heilt einig med deg når det gjeld "utdritningslag". Det vil eg ikkje ha!! Eg var i to utdrikningslag i fjor og spesielt det eine var kjempe artig. Då spelte vi paintball, og det var utruleg kjekt! Det skal leggast til at brura såg ut som eit lerret etterpå og det anbefalast å ha minst utdrikningslaget 4 veker før bryllaupet grunna blåmerker :( Etter på var vi på hyttefest, med mykje moro.

 

Eg skal no passe på å legge inn små hint til min forlovar om kva eg kunne tenkt meg om eg fekk velge :D Veit eg ikkje får bestemme noko den dagen, og det er veldig uvant, likar å ha kontroll på ting. Eg kunne godt tenkt meg aktivitetar som alle kan gjere ilag. Som td paintball (litt oppbrukt kanskje), go-kart, rafting eller liknande aktivitetar. Skal ein ha ein fest med venninner så skal ein vere ilag heile dagen syns eg :) Uansett, eg gledar meg med litt sånn skrekkblanda fryd :eek:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Jippi! Gullepletre nr. 2! :) Hihi, utruleg kor motiverande dei gullepla er. I dag har eg vore på spinning og gitt alt, forbrent 581 kcal. Byrjar å kome i form, merkar at pulsen dett mykje fortare når eg roar ned, og at eg må gi meir for å forbrenne like mykje som før. Litt kjedeleg, men mest kult! :) No ventar eg berre på at musklane i beina skal bli "akklimatisert" og ikkje stivne så fort. Det er leggane som gjer at eg ikkje klarar å gi meir, pusten og pulsen går det bra med. Så då er det berre å fortsette å stå på! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Då var nok ei god styrkeøkt over og 698 kcal forbrent. Deilig! I går hadde min kjære bursdag, og han baka kake og me hadde gjestar. Eg rekna ut kcal-innhaldet i kaka, og då var det ikkje noko problem å ete berre eitt stykke! Eg har komt meg ovenpå igjen no, etter ein liten dett i motivasjonen etter påske. No er det full rulle og motivasjonen på topp igjen! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Vårens første sykkeltur er overstått og 1011 kcal forbrent. Herlig, ganske fint ver og ganske god form:) No skal me ha indrefilet av svin til middag, kjempegodt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

I går var eg på spinning, 451 kcal forbrent, i dag har eg trent styrke, 722 kcal forbrent. Det går fint med maten, sjølv om eg er frista av og til så et eg ikkje noko eg ikkje bør:)

No har dei fleste av gjestane svart på invitasjonen til bryllupet, og nesten alle har svart ja. Det er fint! Me må ha klart songhefte 1. mai, så der har me ein jobb å gjere no. Gler meg slik til den store dagen! No er det snart berre tre månadar att:D Tida flyg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...