Gå til innhold

Prosjekt: Bunad i barnedåpen


Gjest propelle

Anbefalte innlegg

Gjest propelle

Hei!

 

Eg er ei glad jente på 31 år, som har to vakre barn på 2.5 år og 6 veker.

Eg gjekk opp 32 kilo i svangerskapet, og no byrjar den harde jobben med å få det sakte av att.

 

Eg er 182 cm og akkurat no veg eg 100 kg. Min normalvekt er omlag 80 kilo, det er hovedmålet mitt.

 

 

 

Klem frå Ellen Propellen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 126
  • Created
  • Siste svar
Gjest propelle

Tusen takk for lukkeønskingar!

 

Og lukke til med snarleg fødsel pav :D

Dei siste dagane er det lov å være utålmodig. Vetlebror kom 8 dagar over termin, og storesøster 10 dagar over termin, og eg vonar du slepp å gå like lenge.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Det å gå ned i vekt etter fødsel har eg prøvd ein gong tidlegare. Også i svangerskapet med storesøster gjekk eg opp 30 kilo. Eg gjekk raskt ned ti kilo, og resten sat godt fast, men når ho var eitt år og eg hadde slutta å amme gjekk eg tre månedar på reductil, samt registrerte matinntaket mitt her på vektklubben, og då greidde eg å gå ned dei siste tjue kiloane.

 

Eg slutta å slanke meg i januar for eitt år sidan, og greidde å halde vekta stabil fram til eg vart gravid. I svangerskapet har eg hatt ein heilt enorm apetitt, og har spist mykje meir enn naudsynt. Stort sett spiser eg veldig sunt, det har eg gjort heile vegen, men på slutten av svangerskapet skal eg innrømme at eg gav litt bæng og fråtsa gjennom jul og nyttår med masse snop.

 

No skal eg greie å gå ned utan kjemiske hjelpemiddel, og eg skal fortsette å spise sunt, men lære meg å spise litt mindre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Høres litt ut som meg selv :D Gikk opp 26 med første og 24 med andre men greide ikke komme helt i mål meg slankingen før neste graviditet så jeg var +5 etter første og +10 nå etter andre. Nå er tredjemann på vei og jeg prøver å begrensevekta litt :D SPiser også sunt men får så enorm apetitt som gravid. Det gjør jeg når jeg ammer også så etter de første 10-15kg som går etter fødsel og i starten så sitter resten klistret til jeg var ferdig med ammingen.

Men synes du har vært kjempeflink tidligere og med innstillingen du har nå så går det sikkert supert nå også! Lykke til!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Koala - det er akkurat slik eg hadde det, det forsvann ti kilo med ein gong, og så måtte eg skikkeleg jobbe for å få av resten. Og slik er det no også, det forsvann 12 kilo på ti dagar, og så har vekta stått stille.

Kor langt er du på veg no?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Ja, i dag er eg i gong.

 

Eg følger meny 3 sidan eg ammar, og siktar meg dermed inn på 1900 kcal per dag. Dagsforbruket mitt er på omlag 2650.

 

Frokost; 2 brødrasjoner, 2 påleggsrasjoner, tilsammen 220 kcal

Lunsj; 3 påleggsrasjoner, 3 brødrasjoner, tilsammen 330 kcal

Mellom; 1 brødrasjon, 1 påleggsrasjon, tilsammen 110 kcal

Middag; 1,5 middagsrasjon, 1,5 potetrasjon, saus, tilsammen 600 kcal

Kvelds; 2 brødrasjoner, 2 påleggsrasjoner, tilsammen 220 kcal

Frukt, 3 frukter, 200 kcal

Melk 3 melkerasjoner, 200 kcal

Kosemerker, 2 stk, 50 kcal.

 

Eg har fått meg eit par overraskelsar i løpet av forrige veke i forhald til kor mykje kaloriar dei enkelte matvarene inneheld (mellom anna italiensk salat er ikkje like freistande lenger)

 

I dag har eg spist 1800 kcal, og eigentleg syntes eg har spist godt og ikkje vore svolten. Eg synes det er vanskeleg å rekne ut middagen, og har ingen vekt enno (storesøster var sjuk, så eg fekk ikkje handla i dag), så det eg er mest redd for er at mine på slump-mål er litt vel rause.

 

0,8 trimpoeng i dag, det er 15 min med rockeringen i dag tidleg. Resten av dagen har eg vore inne, for storesøster har øyrebetennelse, og etter mannen kom heim var eg for trøytt til å gå ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Dag to, og starten er god.

Lik frukost og lunch, tre knekkebrød med masse salat, ein skive kokt skinke, og små cherrytomater, namnam.

Har hatt med begge mine to små til legen, for storesøster har øyrebetennelse. Etterpå sovna begge to, og eg rakk 15 minuttar med min innersvingen rockering.

 

Eg byrja rockinga for fullt forrige veke, og midjemålet mitt forrige mandag var 109 cm, det var minka til 105 i går. Kjempemotivasjon for å fortsette å rocke, og eg gledar meg til å måle på mandag igjen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Framleis dag to, og mor har vore hjå tannlegen, og rakk litt shopping etterpå. Denne post-gravide kroppen med bolledeig-muffinsmage føles ikkje okay å shoppe til. Men eg har ingenting å ha på meg, alt det gamle er for lite, og gravidetøyet har eg pakka ned og gjett bort.

 

Så det vart to bukser på Mexx i str 46, skikkeleg kjipt. Eg gledar meg til eg kan kjøpe klede som er fine att, og til eg føler meg fin når eg prøver. Men eg er fornøgd med å finne noko som passa. Fann også lange singletar på b-young, og kjøpte tre stk, svart, grå og knall rosa. Og på Lene V fann eg ein lekker vid silkebluse, også i knall rosa, som eg kan gøyme muffinsen under. Så no kan eg sminke meg og freshe meg opp og gå ut med hovudet høgt heva, og det hjelper på sjølvtilliten :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Dag tre, og treningsdag. Trening er vanlegvis tysdag og torsdag, med denne veka er tysdag på onsdag. Sidan eg er heime med to gull i dag også, rakk eg tjue min med rockeringen, og femten min styrketrening før stillheita vart brutt, og alle vakna opp att.

 

Superfint solskinn i dag, så sjølv om storesøster er sjuk så tok me ein liten gåtur med vogna, ned til sjøen for å sjå på endene, og innom butikken for nytt påfyll av yoghurt til sjuklingen. 2000 steg, og omlag to timar på den turen, fekk litt styrketrening der også, når ho satte seg ned i ei snøfonn og nekta å gå vidare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Dag fire, og samme antall dagar som eg har hatt sjuk storesøster heime. Prøver å lokke henne til å spise litt, og det vil ho ikkje, så eg har i eit svakt augeblikk spist opp ein porsjon is og ein håndfull gelefrukter, og fylt opp kosemerkekvota for denne veka. Har hovudpine av søvnmangel :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Dag fem, og eg har akkurat trent med rockering og gjort kjøkkengolv-øvelsane mine. Har 7,5 trimpoeng hittil denne veka, og synes det er ganske bra med tanke på at eg knapt har vore ute av huset. No er storesøster betre i dag, så kanskje det blir litt tur i helga, for det er kardio-trening eg bør auke opp med. No er det for rockering og, men det er begrensa kor lenge eg orkar å stå med den - byrjar å få solide blåmerker.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Nettopp tilbake frå ein time rask gange rundt nesøya, veldig deileg å være ute i frisk luft, og kunne lange ut, og tømme hovudet. Mann og borna fann senga att etter frukosten, og det er deileg at eg faktisk kom meg ut, istadenfor å legge meg att eg og (sjølv om eg gjerne skulle hatt litt søvn, men eg kan legge meg litt etterpå)

 

Gjekk forbi 555, eit nytt treningssenter her som akkurat no har tilbod om 5 mnd for 555 kr, noko eg trur eg skal gå for, dersom det ikkje er nokon bindingstid.

 

 

Eg får 10 trimpoeng denne veka, heilt ok i forhald til at eg har vore inne med sjuke born heile veka, men vonar det ender på 15 poeng neste veke. Eg treng å trene meir kardio for å få fart på fettet mitt.

 

Har smugvegd meg litt, og det ser ikkje ut som vekta flyttar seg noko særleg. Det er vegedag i morgon, men eg ser ut som eg ligg an til 200 gram ned, og det synes eg nesten er litt deprimerande.

 

Eg har lege litt høgt på kaloriane, litt i overkant av 2000 kvar dag, og vore ganske inaktiv. Så eg trur eg må skjerpe meg på matfronten, og kutte 100 kaloriar kvar dag, slik at eg held meg til 1900. Og litt meire trimpoeng.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Fekk sjokk på vekta i dag tidleg, for den viste fyrst 0,2 opp... Men eg venta ti min (skifta bleie på vetlebror), og når eg vog oss to saman, og så meg sjølv att etterpå, så var det 0,6 ned. Fire kontrollvegingar måtte til før eg stolte på resultatet - ønske meg ny vekt, slik som du kam måle feittprosent på også.

 

veke 11 99,4

veke 12 98,8 -0,6

 

Det mest positive er livvidda mi. Etter oppstart rockering for to veker sidan var den på 109 cm. Forrige mandag var den 105 cm, og i dag 102 cm. Kanskje eg snart kjem under meteren? Jippi :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Ein god matdag - knekkis til frukost og lunch, laks til middag. 5 sjokoladebitar på kvelden, men allikevel låg på kaloriar - sikkert derfor eg sprakk og åt sjokolade.

 

Trilla til legen på 6-vekerskontroll i dag, og trilla ein ekstra runde på veg heim, totalt 1,3 poeng. Ingen rockering i dag, den kjem sterkare i morgon. Merkar eg nesten er litt lei av den, skummelt, sidan eg trur den har stor effekt på midjemålet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Både i går og i dag har eg fortsatt den gode trenden med litt lågare kaloriinntak. Eg er litt fysen kjenner eg, men det vert spennande å sjå om det har nokon effekt.

 

I dag var storesøster endeleg i barnehagen, for fyrste gong på halvannan veke. Vetlebror og eg låg i senga og sov saman heilt frå eg leverte henne, til eg henta henne (klokka eitt, godt med litt kort dag, når ho har vore sjuk)

 

Skulle jo trene i dag, for det vart ikkje noko i går, så då fann eg fram rockeringen medan storesøster pusla på golvet, og vetlebror slumra i vogga. Fekk faktisk gjennomført 15 min rocking og 25 min styrketrening, før det vart umogeleg å fortsette. Hadde ingen trimpoeng i går, så eg må jobbe hardt skal eg nå målet om 15 denne veka, trur eg modifiserar målet mitt til 12, det trur eg at eg kan greie.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Blir reint inspirert, nei må bli flinkere å samle trimpoeng ja.

 

Og et lite tips, hvis du er veldig godtesjuk på kveld, kan det ver at du ete for lite om morgonen? ser sjølv at hvis eg et ein god frokost, kanskje litt over dei 220 kalorier ein skal ha (og evt knip inn litt på mellom måltida) så blir eg mindre godtesjuk om kvelden.

 

når du teller kalorier pr dag, finteller du på grønnsaker og? hvis du gjer det et du kanskje litt lite?

 

lykke til videre. Det er ei slitsom men veldig koselig tid med så små babyer, men guuu det er godt når dei blir litt større og:) Men eg savne lukta av nyfødt baby og det at dei kan ligge heilt i ro og sover oppå deg foreksempel. Mi vetla jenta er alt for nysgjerrig nå til å ligge iro:) litt vemodig at eg tenkjer at det er nok no, 3 er nok, har nok søvnlause netter allreie nå:D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Hei Tosli, så kjekt å få ei melding frå deg.

 

Eg er einig, lukta av baby er heilt nydeleg, eg kan ligge og snuse på det vetle hovudet, og få ro i hjertet :D Og heldigvis er eg velsigna med ein sovebaby denne gongen, så alt er så deileg og roleg og koseleg, og eg føler meg så heldig.

 

Det er gøy med trimpoeng, og det beste er etter dei er gjennomført. I dag er det trilletur i solskinet som er på planen, me er snart på veg ut no (utruleg kor fort ein dag går, men me måtte berre sove litt etter å ha køyrd storesøster til barnehagen, og stoppe på apoteket)

 

Eg teller stort sett ikkje med grønsaker, med mindre det er ein stor porsjon, så eg trur nok eg underrapporterar kaloriane mine litt. Men på morgonen kan det kanskje bli litt lite, det kjem an på kva eg har som pålegg på knekkebrøda.

 

Men i går kveld tok eg ein dobbel0% yoghurt, og det hjalp på fysinga. Elles så har eg tatt ein appelsin i småbitar med litt vaniljesaus og kanel på, det og er kjempegodt og hjelper masse.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

I går kveld reiste mannen rett frå jobb til manne-klubben sin, så eg sjonglerte begge gulla heime. Vetlebror har ein uroleg tid vanlegvis mellom klokka 18-20, men i går byrja han før fem, noko som passa litt dårleg med at storesøster var heilt utslitt etter barnehagen - henta henne klokka tre i går, og det var seint nok. Så eg var slik passe sliten på kvelden, og sank lenger og lenger ned i sofaen. Men greidde faktisk å plukke meg sjølv opp og rocke ti minuttar medan paradise hotel rulla på skjermen, så det er eg stolt av.

 

Og i dag har eg rocka 20 min, og trent styrkeprogrammet mitt, og er oppe i 2,6 trimpoeng, og klokka er ikkje ti eingong enno. Har ein trilleavtale klokka 12 med ei venninne som bur i nabohuset, det er nydeleg solskin, så dette er ein bra dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

2,5 trimpoeng med rockering og trilletur, eg er kjempenøgd. No har eg ti trimpoeng denne veka, så dersom eg gjer det samme i morgon, så når eg målet mitt om 12 trimpoeng :D

 

Me testa dobbeltvogna for fyrste gong i dag, og eg har vore litt usikker på om vetlebror kunne ligge i voksiposen oppi der, men det gjekk kjempefint. Så no kan eg trille fram og tilbake til barnehagen, det blir bra.

 

Tacomiddag i kveld, det blir masse gog salat. Mykje betre for meg å kontrollere, enn den heimelaga pizzaen, som nok er sunn, men som det er så godt å spise masse av..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Oookay, sjokolade på bordet når ein har gjester går berre ikkje. Eg bikka 2300 kal i går på grunn av min lille utskeielse. Til gjengjeld var eg veldig nøgd med tacoen, det er jo perfekt mat å servere når ein slankar seg og skal ha gjester.

 

Ein liten trilletur i dag, og no søv heile familien, så eg skal rocke litt :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

I dag viste vekta 98,2 kilo, og målebandet 101 cm rundt livet. Eg har dermed gått ned 0,6 kg sidan forrige veke, og 1 cm rundt livet :D

 

02.02.2009 102,60 Nedgong Totalt Rest

09.02.2009 100,60 (2,00) (2,00) 20,60

16.02.2009 99,60 (1,00) (3,00) 19,60

23.02.2009 98,80 (0,80) (3,80) 18,80

02.03.2009 99,60 0,80 (3,00) 19,60

09.03.2009 99,40 (0,20) (3,20) 19,40

16.03.2009 98,80 (0,60) (3,80) 18,80

23.03.2009 98,20 (0,60) (4,40) 18,20

 

 

Eg er glad for å ha gått ned, og synes eg har gjort ein god jobb spesielt med trimpoenga. Allikevel er eg litt lei meg, for eg prøvde bunaden i dag tidleg, og eg har ikkje sjanse til å få den att, og det er berre tre veker til barnedåpen, så eg kjem ikkje til å nå det målet.

 

Eg forstår det allikevel ikkje, for eg brukte bunaden i barnedåpen til storesøster, det var trangt men det gjekk, og eg var like stor då som det eg er no. Men det ser ut som at alle kiloane var litt meir jamnt fordelt sist gong, så har eg no mesteparten på magen..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Sola skin, og det er heilt herleg at våren er her. Trilla storesøster til barnehagen i dag i dobbeltvogna (1 trimpoeng), og det skal eg fortsette med denne veka!

 

Denne veka er det venninnemiddag i kveld, og barseltreff i morgon, så det er nokon feller på matfronten. Skal prøve å halde meg under 1900 kal på desse dagene, men må kanskje omfordele litt. Skal prøve å nå 12 trimpoeng også denne veka!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Det vart nokon sjokoladebitar i går kveld, eg holdt ut lenge, men vertinna hadde vore i sverige og hamstra smågodt, og eg unna meg nokon bitar før eg reiste.

 

Fekk kjøpt matvekt i går, så no kan eg ha litt meir kontroll på kva eg puttar inn i munnen.

 

I dag er det treningsdag, så eg har fått 2,6 tp med 10 min med rocking og 40 min styrketrening på golvet, medan gullungen søv. Det er eit godt sovehjerte på han lille :) I natt sov han frå klokka 22 til 05, og gjett om puppane var sprengde.

 

Sola skin, og våren er her, så det blir nok ein trilletur etterpå, og småbarnsgruppe med storesøster, og dåpssamtale i kveld. Har allerede vore på foreldresamtale i barnehagen, så dette er ein travel dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...