Gå til innhold

Prosjekt: Bunad i barnedåpen


Gjest propelle

Anbefalte innlegg

Gjest propelle

1800 i dag, med jentemiddag her heime hjå meg. serverte eigenkomponert biffsalat, og GR pannacotta, vart kjempegodt, og fekk masse skryt frå jentene!

 

Oppskrift på biffsalat til 6 personar

 

600 g biffkjøt (eg brukar mørbradbiff som eg kjøper i store stykker, strimlar, og marinerar i olje, salt og pepar)

steikast og leggast i salaten ved servering

 

2 løk

1 purre

8 sjampinjongar

4 store paprika

6 tomatar

 

Strimle alt, legg på alufolie i langpanne.

Sprinkle på olivenolje, strø over salt, pepar og kvitlaukspulver.

 

Steikast i 45 min på 200 grader

 

Serverast med omnsbakte poteter og kantarellsaus.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 126
  • Created
  • Siste svar
Gjest propelle

1800 i går, og 1,2 trimpoeng.

Var på barselgruppe i går, så eg utsatte treninga til i dag. Har gjennomført ein runde av treningsprogrammet mitt no, men finn ikkje krefter til å ta to rundar til, føler meg faktisk litt slapp og apatisk i dag. Så eg velger å stoppe no, og heller ta tre fulle rundar på fredag.

 

Har fått lite søvn og hatt eindel hovudpine siste dagane, vetlebror spiser mykje på natta, han formeleg søv med puppen i munnen, og eg halvsøv og bytter han frå side til side, så det er ikkje god søvn. Har ikkje fått til å sove på dagen, men mannen skal hente i barnehagen i dag, så kanskje eg greier ein time på auget.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

1900 kal hittil og framleis svolten. Tomatsuppe til middag, kan det være at den ikkje fyller opp så mykje? Og så har eg spist to brødskiver med brunost, og det var jo like mange kaloriar som heile grønsakssuppelunchen min, snakk om å føle seg lurt når eg la inn det no, eg trudde eg hadde litt meir å gå på.

 

1 trimpoeng i dag, eg hadde vetlebror i bæresjal, og gjekk til barnehagen og henta storesøster, veldig fin tur i sola.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Mannen hadde feira bryllupet vårt på jobben sin i går (dei er så glade i kake, at dei feirar noko kvar fredag :), og kom heim med resten av kaka, og hendene fulle av gåver til oss og vetlebror. Først kasta eg meg over gåvene, og så forsvann kaka etterpå :) Litt usikker på kaloriane, men den smakte så godt at den var sikker full av fløyte og smør (ostekake med pasjonsfrukttopping) at eg tippar det eg åt låg på 500 kal, noko som tilsvarar 2300 totalt i går.

 

Og i dag skal eg på utdrikningslag. Har i løpet av det siste året smakt eitt glas champagne, og vart godt susen av det. Har kjøpt ei flaske rosa cava, og har store planar om å spandere vekk mesteparten, for å unngå alle kaloriane pluss å bli usjarmerande snydens full.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Trur eg skal prøve meg på litt alkoholfrie drinkar i kveld..

 

Drivers Mojito

 

6 glass

 

Ingredienser

3 lime

1/4 dl grønn te

1/2 l vann

frisk mynte

1/2 dl Dansukker Demerarasukker

1/2 liter mineralvann

isbiter

 

 

Press saften ut av limen. Finhakk myntebladene. Bland limesaften, sukkeret og mynten i en bolle og rør til sukkeret har løst seg opp. Kok opp vannet. Legg i tebladene og la det stå i 5 minutter. Avkjøl. Bland sammen teen og saftblandingen. Sil. Hell over i glass med is.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Utdrikningslaget medførte tre glass cava, eit glass velkomstdrink, fire glass alkoholfri mohjito, og store mengder sjokoladefontene, dvs frukt dyppa i flytande mjølkesjokolade.

Ganske så fysen på søndagen, men nøyde meg med å skufle innpå av grønsakssuppe, og legge meg tidleg utan kveldsmat (klokka ni, trøytt som ei strømpe).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Ganske nervøs på vekta i dag, og den viser meg altså så mange ulike tal, eg vert heilt forvirra. 95,0. 95,6. 94,6. 94,8 var den innom før den bestemte seg (eller eg bestemte meg) for 94,8, dvs 0,8 ned :)

Føler meg litt usikker på om det er det rette talet, men det er berre å køyre på, eg har nemleg sett 94-talet fleire gonger forrige veke (veger meg kvar dag no).

Byrjar å få ein fin grafisk kurve også :)

 

02.02.2009 102,60 Nedgong Totalt

09.02.2009 100,60 (2,00) (2,00)

16.02.2009 99,60 (1,00) (3,00)

23.02.2009 98,80 (0,80) (3,80)

02.03.2009 99,60 0,80 (3,00)

09.03.2009 99,40 (0,20) (3,20)

16.03.2009 98,80 (0,60) (3,80)

23.03.2009 98,20 (0,60) (4,40)

30.03.2009 98,20 - (4,40)

06.04.2009 96,80 (1,40) (5,80)

13.04.2009 96,00 (0,80) (6,60)

20.04.2009 95,60 (0,40) (7,00)

27.04.2009 94,80 (0,80) (7,80)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

I går var vetlebror og eg på aker brygge på koseleg jentelunch. Spiste god og lett salat på fridays, og unna meg ei kule med mangosorbet til dessert. Kjempegodt, og ikkje øydeleggande for slankinga i det heile. Fekk masse kompliment for dei kunne sjå at eg har gått ned, så det er eg veldig stolt av.

Det vart litt gåing fram og tilbake, totalt eitt trimpoeng.

 

I dag er det tysdag og treningsdag, har gjort tre rundar av programmet mitt, pluss tjue minutt med rocking, kjenner kor effektivt (og hardt!) det er, og at eg er blitt sterkare. Dugnad i gata vår i kveld, så det blir både kroppsarbeid ute og kake etterpå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

I dag har eg hatt barselgruppe her heime. På magisk vis vart middagen min fire brødskiver med rekesalat på, no sit eg og er framleis svolten og har bondeanger. Kun 1200 hittil då, så eg kan lage middag og halde kaloriane allikevel.

Er støl i kroppen etter treninga i går. Har ingen tp hittil i dag, skal ta ein runde med rockeringen etter leggetid her. Rekker ikkje trene i morgon, skal til byen pluss hente bileta frå bryllaupet, men trener på fredag, kjenner at kroppen treng ein ekstra dag på å hente seg inn når eg er støl.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Litt slapp på oppdatering no, kjenner eg, det er typisk teikn på at eg prøver å snike meg litt unna. Gjekk på ein sjokoladekakesmell i dag, men hadde ikkje spist så masse anna, så kalorimessig er eg under 2000, men næringsmessig er eg høg på sukker.

Var på grilling hjå ein kollega av mannen i dag, eg elskar grillmat, sunt og godt, alt kan grillast. Får besøk i morgon, håpar på sol og meir grilling, då skal eg lage kylling og paprika-spidd.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Eg er sur, og har gått opp 0,6 kilo. Og kan ikkje takke nokon andre enn meg sjølv og den dumme sjokoladekaka. Nuff said, skal finne att motivasjonen, er tilbake på knekkebrød og trilla ein times tur i dag tidleg i kombinasjon med barnehageleveringa.

 

02.02.2009 102,60 Nedgong Totalt

09.02.2009 100,60 (2,00) (2,00)

16.02.2009 99,60 (1,00) (3,00)

23.02.2009 98,80 (0,80) (3,80)

02.03.2009 99,60 0,80 (3,00)

09.03.2009 99,40 (0,20) (3,20)

16.03.2009 98,80 (0,60) (3,80)

23.03.2009 98,20 (0,60) (4,40)

30.03.2009 98,20 - (4,40)

06.04.2009 96,80 (1,40) (5,80)

13.04.2009 96,00 (0,80) (6,60)

20.04.2009 95,60 (0,40) (7,00)

27.04.2009 94,80 (0,80) (7,80)

04.05.2009 95,40 0,60 (7,20)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Etter gårsdagens kjipe veging greidde eg faktisk å hente meg inn att i går, og spiste godt med grillmat og koste meg, men holdt meg allikevel på 1300 kal. Så eg smugvegde meg i dag, og då var oppgangen borte, men eg skal hald emeg i skinnet denne veka, for no er det nok utskeielsar på ei stund.

 

I dag har eg trilla tur i tre kvarter, rocka i 15 min, og trent ein halv time styrketrening. Såg på betre puls i går om dei deltakarane som byrja i januar, og deira framsteg, og det er jo deira styrketreningsprogram eg brukar, så eg føler at me har slått litt følge. Begge damene hadde gått opp i muskelmasse og ned i vekt, og det føler eg at eg gjer også. Så trimpoeng - kom til meg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

1400 kal i går, og over ein times trilletur fram og tilbake til helsestasjonen for 3-mnd kontroll. Stakkar lille guten min fekk sprøyte i begge låra. På kvelden var han ikkje i form, så eg la meg litt saman med han klokka 18, og då somna me begge to, og stod ikkje opp att før i dag.

 

Det med å legge seg tidleg var eitt av triksa i søtsug-artikkelen, og funka jo det, kan ikkje spise medan eg søv :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

1800 kal i dag, og no er eg ganske trøytt, og burde visst eigentleg ha lagt meg for lenge sidan. Har trent styrke på golvet i dag, og er ganske stolt over å klare 11,5 trimpoeng hittil denne veka!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Trimpoenga må du jo hugse på, pav :D

 

Vaksina gjekk greit, han gråt eindel om kvelden, og vart hoven på begge låra, rundt stikkområdet, men han var blid att dagen etterpå heldigvis.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

I går runda eg 2300 kal, og det er ikkje nokon spesiell utskeielse eingong, det er berre generelt litt mykje mat. Eg er ergeleg på meg sjølv for å ikkje greie å begrense meg, og så har eg nok lege litt høgt med småvalg som feks å velge leverpostei istadenfor kokt skinke på knekkebrøda mine, og å spise bakt potet ved sidan av tacoen. Og så føler eg meg så steike svolten heile tida.

 

Ei anna jente i januarklubben som slankar seg har nett fortalt om hennar hemmelege våpen, som er havregraut med kruskakli to gonger om dagen, og ho seier ho mistar fleire kilo i veka. Eg fattar ikkje at det er mogeleg. Eg greier tydlegvis ikkje å gå ned eingong. Argh.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er du her også??!

 

Husker deg fra SM, vi var i samme klubb (juli 06), og var også sammen noen uker i januar 09. Jeg hadde dessverre en BO, men er gravid igjen med termin i slutten av juni. Nick: Ariane.

 

Synes du har en kjempefin nedgang, og en sunn holdning til slanking. Å gå ned rundt 0,5 kg uka er helt perfekt for at kroppen skal venne seg til nedgangen, pluss at regner med at du gjør dette også for å få en livsstilsendring, og da er det vanene man må ende over tid. Selv om du synes at det går sakte nå, så kommer du i ettertid til å tenke "det gikk jo kjapt".

 

Jeg skal følge ditt eksempel etter fødselen! Kommer til å ha ca 20 kg for mye regner jeg med.. Men heldigvis har jeg ikke hatt den samme vektoppgangen denne gangen som jeg hadde med førstemann. Men derimot hadde jeg mer ved starten!

 

Lykke til videre. Du er kjempeflink:-))

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Hei Ariane / Mai,

 

Me møtes her også, så kjekt.

tusen takk for koseleg helsing! No vart eg veldig glad for å høyre at du er gravid att, og det er jo ikkje så lenge att til slutten av juni!

 

Tusen takk for oppmuntrande ord, eg treng det akkurat no, merkar at det er litt frustrerande med denne slankinga. Eg kjem garantert til å væer her etter du føder, så då får me slå følge nedover saman!

 

Klem!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

2000 kal og 7000 steg på vandring inne i byen som Holmenkollstafettsupportar i går, det var mannen som sprang etappe nr 13, og han var supersprek, sjølv med minimal trening. Dei forrige to åra har eg sprunge, men i år har det ikkje blitt noko springing.

 

I dag har det og blitt 2000 kal, og berre ein liten rusletur i parken på asker museum.

 

Spent på vegedag i morgon :S

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Haha! Eg klarte det. Back on track! Trur forresten at det er alle trimpoenga, tilsammen 15, som har gjort at eg har vore så svolten.

 

02.02.2009 102,60 Ned Totalt

09.02.2009 100,60 (2,00) (2,00)

16.02.2009 99,60 (1,00) (3,00)

23.02.2009 98,80 (0,80) (3,80)

02.03.2009 99,60 0,80 (3,00)

09.03.2009 99,40 (0,20) (3,20)

16.03.2009 98,80 (0,60) (3,80)

23.03.2009 98,20 (0,60) (4,40)

30.03.2009 98,20 - (4,40)

06.04.2009 96,80 (1,40) (5,80)

13.04.2009 96,00 (0,80) (6,60)

20.04.2009 95,60 (0,40) (7,00)

27.04.2009 94,80 (0,80) (7,80)

04.05.2009 95,40 0,60 (7,20)

11.05.2009 93,60 (1,80) (9,00)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest koko1975

Så flink du er propelle! Jeg ligger litt etter deg, men skal se om jeg klarer å få av noen av disse ekstra kiloene som hang seg på i svangerskapet. Det langsiktige målet er å gå ned 13kg og det kortsiktige har jeg ikke definert enda. Begynt med registrering i dag! :) Moro å se loggen din. Du skriver så bra! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest propelle

Hei Koko, så kjekt å sjå deg her også! No har du full oversikt over alle foruma mine :)

Dette er litt mat-dagboka mi, og gjer at eg greier å halde meg i skinnet :)

Blir kjekt å følge deg nedover!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...