Gå til innhold

Frulatskap sin krig mot gravidkiloane!


Gjest Frulatskap

Anbefalte innlegg

Gjest Frulatskap

Då var testen positiv! Hurra for det, men sett i eit helseperspektiv kom den 6 månader for tidleg. Eg har ei lang slankehistorie bak meg, men er no tilbake på start.

 

Året 2007/2008 gjekk eg ned i overkant av 20 kg. Så blei eg gravid med vesle frk snupp og la på meg 13,6 kg. ALLE desse gravidkg var vekke når eg kom heim frå sjukehuset. Det var då problema starta. Det blei alt alt for mykje kos, mat, sjokolade og dårlege vanar i permisjonstida, og kroppen har sakte men sikkert jobba seg tilbake igjen på den gamle startvekta. Så vips har eg 20 kg for mykje igjen! Og no er eg altso gravid.

 

Eg trenar/mosjonerar 3-4 dagar i veka og er i relativt god form sånn kondisjonsmessig. Problemet mitt er mat og snoperier. Eg veit kva eg må gjere, og startar kvar dag med friskt mot også skeiar eg ut på kvelden.. argh!

Kor lenge kan eg klare å halde vektoppgangen vekke? Eg kan nemne at eg i dag vog inn på 96,4 kg.

Sidan eg er veldig tidleg i svangerskapet tenkjer eg prøve å gå ned litt no til å begynne med. Sist gang var eg kvalm i 8 mnd med oppkast kvar dag. Ønskjer absolutt ikkje at dette skal skje igjen, men det var jo praktisk med tanke på vekta....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Tre dagar inn i prosjektet har eg endå ikkje rørt sjokolade eller anna snoperier. Klapp på skuldra til meg. Fredag gjekk eg tur på ein skogsveg som er her, bratt gange opp og jogging ned igjen.

I dag har eg og vesle frk snupp vore på ein støyl som er i nærleiken. Det er i overkant av ein time opp, og det var bratt bratt bratt. Med ei snuppe på 14 kg i bæremeis på ryggen kan eg love at frua er ganske so sleta no. Godt å vere ferdig med trimmen so tidleg på dag ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

For ein nydeleg dag vi har hatt! Vi er ikkje vekkskjemde med sol her eg bur, så i dag har vi vore UTE UTE UTE! Gu'ko deileg!

Eg fekk gått meg ein tur aleine i dag på ein anna støyl som ligg like i nærleiken her. Ca 40 min oppover på sti og 20 min ned igjen. Eg er skikkeleg pingle til å gå nedover på sti. Er so redd for å ramle!

Av mat i dag har eg fått meg litt lite til no. Trur eg skal unne meg litt kveldsmat, dog av rette sorten.

 

Det er so godt å vere i gang ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Det går framleis greitt å vere utan sjokolade, men eg har merka litt saltsug om det er noko som heiter. Eg toler ikkje salt, og hovnar opp i leggar og fingrar med ein gong eg i det heile tatt tenkjer på salt. Fryktar at det kan by på problem seinare i svangerskapet.

 

Det blei ein lang tur på flatmark, ca 1,45 time på tysdag, og i dag har eg planar om å gå på ein tredje støyl i nærleiken her. Satsar på at det er tørka nok opp slik at eg slepp gå i gjørme!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Nydeleg tur på fjellet i dag. Brukte litt i overkant av 2 timar på heile turen. Må ha forbrent nokre kaloriar der vel?? Må få ut fing'en snart å få skifta batteri i pulsbeltet mitt slik at eg har litt kontroll på kor mykje som blir forbrent på øktene.

 

Matmessig ligg eg på ca 1700 kaloriar pr dag. Syns det går ganske greitt, men ser jo at middagsporsjonane mine er alt for alt for store. Eg får ta det litt sånn etterkvart. Er kjempe stolt over å ikkje ha ete sjokolade på godt over ei veke og det beste er at eg faktisk ikkje har hatt lyst på ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Korleis er det muleg å gå OPP 0,7 kg på ei veke der eg ikkje har ete sjokolade, chips og alt anna drit eg har ete før, og der eg har passa på å halde meg rundt 1800 kaloriar??!! I tillegg må eg jo ha forbrent ein del på fjellturane mine. Nei dette forstår eg ikkje.

 

Der fekk motivasjonen seg ein reell knekk gitt.

ARGHHH!!:mad:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Sjølv om motivasjonen fekk seg ein knekk på fredag, så har eg likevel klart å halde stand. Eg har klart å halde meg unna sjokolade, is og chips, men det var hardt laurdagskvelden! Elles har eg og vesle frk snupp vore på støylstur igjen. Ho gjekk litt sjølv, men eg måtte sjølvsagt bære ho i meis mesteparten av turen. Tungt, tung, tung, men god trim ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Det har blitt lite trim dei siste dagane. Siste fjellturen var mandag då eg var på same støylen som søndag, men utan bæremeis. Det har blitt laaange dagar på jobb, og det er totalt uaktuelt for meg å gå på noko fjelltur kl 21 om kvelden når eg skal opp kl 0600 dagen etter.

 

Måtte vege meg i dag sidan eg og mannen skal til storbyen i bryllaup i helg.

95,7 kg, så det er ein god kg nedgang frå sist veke og ein liten ein frå starten for to veker sidan. Har framleis ikkje ete ein einaste liten sjokoladebit og er kjempe stolt over det. Eg kjenner at kvalmen kjem sigande, og eg kan med handa på hjertet sei at det kjennes overveldande at denne følelsen av å måtte spy heile tida kan komme til å vare resten av svangerskapet :confused:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Tilbake frå storbyweekend og bryllaup! Kjempe koseleg bryllaup, med mykje god mat. "Heldigvis" slapp eg drikke all den kalorihaldige vinen :) Likevel trur eg at helga enda i megapluss på kaloristigen. Uten trim og med lite sensurering på maten så skal det godt gjeraste å ikkje gå opp denne veka, men eg får gjere det beste ut av det fram til fredag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Ny veging i dag og den syner nedgang!! Jippi :) 0,5 kg ned sidan sist veke er eg super fornøgd med. 95,2 kg er sjølvsagt alt for mykje, men vekta går nedover. Seint går det, men alt er betre enn ingenting, ikkje sant?

Hadde eg berre klart å komme meg under 90 kg til første jordmortimen så hadde det vore utruleg bra. Jordmora var ikkje noko hyggeleg angåande vekta mi under sist svangerskap og då vog eg 15 kg mindre enn no!

 

Formen er forresten ikkje spesielt bra. Slite med kvalme, halsbrann og oppkast. Dei gongane eg har kasta opp har eg heldigvis vorte betre etterpå. Det fins heller ingen mellomting mellom å ikkje vere svolten og det å vere SUPER svolten! Forstå det den som kan.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

I helga kom "smellen" eg har venta på. Den måtte jo komme før eller seinare. Det har blitt både chips, dip, sjokolade og is. Og ikkje nok med det, det blei liksom spreidd ut over både fredag, laurdag og søndag :eek: Skjerpings er på gong.

Ingen trim denne veka og eg føle meg råten innvendig. Det har absolutt ikkje gått an å gå på fjelltur i det veiret som har vore her vest siste veka, og å traske langs vegkanten no er berre trist i ausande regnveir! Satsar på betre tider framover.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Ny fredag, ny veging. I dag viste vekta -0,7 kg ned frå sist veke :):D Jippi! Det hadde eg aldri trudd etter kjempe utskeiinga mi sist helg. Ikkje har eg trimma heller. Kanskje kan eg klare nokre kg til ned før første jordmortime??? Det hjelpe på å kunne sei at eg har gått ned i staden for opp i starten av svangerskapet.

 

Formen er ikkje spesielt god, og eg føle eg må ete heile tida for å halde kvalmen i sjakk. Dvs eg klarar ikkje halde den i sjakk og har brekningar/oppkast dagleg. Ikkje so gale at det er der vektnedgangen min ligg. Håpar det gjer seg om nokre veker og ikkje held fram i 9 månader slik som sist gong.

I dag startar ferien. Det skal NYYYTAST :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...
Gjest Frulatskap

Etter to veker på reis fekk eg vegt meg i dag. 93,0 viste vekta. Dvs 1,5 kg ned på to veker. Digg!! Har absolutt ikkje tenkt på kva eg har ete, for når eg endeleg har lyst på mat gjeld det å ete. Formen er jamt skral, og eg kan nesten ikkje gjere noko fysisk utan å spy.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Det er tungt å tenke på kva eg bør ete når eg ikkje har lyst på noko. Då blir det til at når eg først har lyst på noko så et eg det. No klarar eg heldigvis ikkje ete mykje av noko før eg blir dårleg, men det kan uansett ikkje halde fram slik. Kvalmen kjem og går fleire gongar i løpet av dagen, og eg kastar stort sett opp kvar dag. Håpar det snart tar slutt..... sist svangerskap varte det til veke 36-37 :eek:

Denne veka har det vorte to rolege fjellturar med familien. Ein 2-åring går ikkje fort, men distansen opp til støylen er jo den same uansett kor fort ein går :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Veging fredag synte nedgang på 400 gram. Det må eg vere fornøgd med! Det eg ikkje er fornøgd med er at formen er sopass skral at eg ikkje får trena noko som helst. Ein kvar form for fysisk anstrengelse endar i 90 grader over doskåla. Måtte denne dagen vere den siste med kvalme :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Ny fredag, ny veging. Denne veka synte nedgang på 700 gram! Eg veit ikkje om eg skal le eller grine. Grunne til at eg går ned er jo fordi eg er sopass dårleg, men like fullt så treng eg verkeleg å gå ned desse kiloane.

 

Hugsar ikkje kortid det er vanleg å ha første jordmortime, men eg reknar med eg har eit par veker på meg endå. Det hadde vore kjekt å gå ned 2 kg til innan den tid når det først er så gale :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Prøvde meg på fjelltur i går, men det kan eg berre gløyme. Null energi og kvalmen kom som kasta på meg. Eg får halde sofaen litt til og satse på at eg i det minste kan rusle tur om ikkje so veldig lenge :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Formen har vore stigande dei siste dagane, og eg har ikkje kasta opp fullt like mykje som tidlegare. Kanskje det blir ei endring på det denne gongen? Eg håpar i det lengste at eg er ein av dei normale denne gongen :)

 

Veging i dag viser minus 200 gram. Total vektnedgang er no 4,7 kg. Om kvalmen blir holdt i sjakk framover reknar eg med vekta stig like kjapt som tidevatnet :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest littslankere36

Lykke til videre!Jeg har og planer om svangerskap nr 3 snart, men ønsker å gå ned 10-15 kilo først,har og hatt mye kvalme tidligere svangerskap, så lagt på meg lite da. Følger deg videre!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Takk for det!

 

Lykke til videre!Jeg har og planer om svangerskap nr 3 snart' date=' men ønsker å gå ned 10-15 kilo først,har og hatt mye kvalme tidligere svangerskap, så lagt på meg lite da. Følger deg videre![/quote']
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Hurra! Hurra! Hurra!! Den verste kvalmen har gjett seg og eg er i ekstase! No er det kun oppkast om morgonen (reknar denne som standard fram til fødsel) og av og til ved uttak av vaskemaskin (hadde det slik sist svangerskap og). Det er supert å kunne ete normalt og gjere normale ting!

Faren no er vel at eg får i meg alt for mykje som eg ikkje skal, slik at vekta eksploderar. Her må det følgast med :eek:

 

Veging i dag synte status q frå sist veke. Heilt ok! Første jordmordtime er mandag og då får eg vel høyre moralpreika om kosthald og trening.

 

Ha ei fin helg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Veging syner ned nye 200 gram. Total vektnedgang er no 4,9 kg. Eg kan ikkje forstå nedgangen denne veka sidan eg no er begynt å få i meg mat igjen. Det er så deilig å kunne ete litt å vete at det forblir i magen :) Luksus!

 

Og det merkast at eg ikkje er like kvalm heile tida lenger. Eg har lyst på ALT. Absolutt alt :eek: Heldigvis har litt av energien kome tilbake og, så det blir meir aktivitet no enn det har vore dei sist vekene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Sist vekes veging gjekk i gløymeboka grunna flytting i nytt hus. I dag tidleg leita eg gjennom kasser, skuffer og skap på jakt etter vekta. Den synte 91,8 kg og det betyr ein oppgang på 300 gram på to veker. Kjedeleg å gå opp i vekt, men det måtte vel komme før eller seinare. No har eg jo klart å halde maten ein heil veke, så det var kanskje ikkje anna å forvente :)

 

Har vore på glykosebelastning i dag. Nokon som veit kva verdiar ein bør halde seg innanfor?

 

Gledar meg til utehelg med familien. Det er godt å ha fått energien litt tilbake, sjølv om eg er trøtt som ei strømpe kl 2000 kvar kveld :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...
Gjest Frulatskap

Litt treig med oppdatering her, men dagane går så fort!! Vektoppgang på fredag var på heile 1,2 kg!! No håpar eg at det ikkje er heilt reell oppgang sidan eg var på reise heile forge veke og hadde kroppen FULL av vatn. Eg er framleis i minus på vektoppgang sidan eg gjekk ned ein del i starten av svangerskapet.

 

I går var første gongen eg fekk gått meg ein trimtur sidan juli :eek: og det er ikkje tull ein gong. Håpar formen held seg slik den er no, for då er det mogleg å komme seg ut å mosjonere litt framover :P

 

Blei forresten sett tilbake på ultralyden så eg er no i veke 18+3. Kjiparen å bli sett tilbake heile 4 dagar :mad:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...