Gå til innhold

Frulatskap sin krig mot gravidkiloane!


Gjest Frulatskap

Anbefalte innlegg

Gjest Frulatskap

Her er formen stigande og eg klare meg stort sett utan spying dei fleste dagar. Det er HERLEG :) Likevel har det ikkje blitt mykje trimmings. Får ikkje prioritert det med nytt hus og alt som skal/burde gjerast der.

 

Veging på fredag synte nedgang frå sist vekes skrekktal! 400 gram ned betyr at eg no er på ein total på 3,8 kg ned i veke 19+3.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Litt skryt må til på morgonkvisten :)

 

Denne veka har eg vore på ein bitte liten fjelltur. Målet for turen var å komme seg opp uansett kor lang tid det tok. Status -> fullført.

 

Tur nr to var ein gåtur på 1,5 time langs ein skogsveg. Herleg!

Det er så godt å bevege seg, og eg har ingen andre plagar enn kvalme. Digg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...
Gjest Frulatskap

Huff, eg er forferdeleg dårleg med oppfølging her. Det betyr ikkje at eg ikkje er påpasseleg altso ;)

 

Ingen vekt å melde om frå denne veka. Er på reis og skal ikkje heim før søndag. Reknar med ein god slump oppgang, men men. Satsar på måtehald neste veke då det blir mykje meir mat med gode hotellmåltider...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Snikveging viser ein solid oppgang dei siste to vekene, så det blir spennande å sjå kva fasiten syner fredag.

Skal til jm denne veka og er rimeleg spent på om ho har tenkt å kommentere vekta mi ytterlegare.

 

Syns det er kjedeleg at det skal vere sånn sidan det kun er ei jordmor i kommunen. Alternativet med å gå til lege syns eg ikkje er godt nok då eg føle jm kan meir om barnet og barnets beste enn legen.

 

I morgon blir det tur :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 weeks later...
Gjest Frulatskap

Leenge sidan sist. Det har gått i eitt banka køyr. Føle eg har budd i kofferten siste 3 vekene, og har farta land og strand rundt både utanlands og innanlands. Fordelen med å vere gravid på slike jobbreiser er at eg "slepp" drikke vin og øl, og dermed unngår mange kaloriar der i tillegg til å vere meir opplagt dagen etter. Ulempa er at eg ikkje har fått bevegd meg på ein flekk :)

 

Vekta har likevel vore ok snill med meg, og total nedgang er no på minus 2,6 kg. Dvs at eg har starta å gå opp igjen litt av det eg gjekk ned i starten. Håpar eg klare å halde meg stabil her nokre veker til. Prøvar å ha fokus på maten, men eg er alt for svak når desserten og kakene står på bordet. No blir det ikkje rare stykket på meg sidan halsbrannen kjem å tar meg uansett kva eg et, men eg skulle helst hatt viljestyrke til å halde meg unna.

 

Snart tid for ny glukosetest, og eg kryssar fingrane for at verdiane ikkje er høgare enn dei var ved sist måling. Lurer på om avhald frå sukker og karbohydratar siste veka kan hjelpe verdiane ned? :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Stadig på farten her. Kjenner at eg er sleten no, og kvalmen er på full veg tilbake. Det vil eg absolutt ikkje ha noko av, så då blir konsekvensane å ta det heilt med ro framover. Ønskjer å gå i jobb heilt ut denne gongen, og skal eg klare det må eg ta det med ro på kveldstid. Derfor blir all mosjon bonus for meg :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...
Gjest Frulatskap

27+1 idag og vekta syner oppgang på 600 gram denne veka :eek: har vore stabil på same vekta som sist veke kvar dag denne veka, men i natt har eg altso gjort eit hopp!

 

Akk ja.. minus 2,6 kg frå start gravid. Ny glukosetest må også takast. Fine verdiar sist og null vektoppgong, men jordmor står på sitt. Heilt ok det, men det tar jo dø lang tid! 3 timar inkl tid til og frå legekontoret. Må ta feriedag for å få det til å gå opp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Hei!

Veit du, det er eg jammen ikkje sikker på! Eg føl same menyen som før eg blei gravid, men orkar ikkje trening. Eg er heilt sikker på at det står ein plass her inne frå før om du søkjer i trådane.

 

Hvilken meny bør man følge når man er i gravid? Jeg følger meny 2 til vanlig' date=' men fant nettopp ut at jeg er gravid..[/quote']
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Frulatskap

Ny veging, og vekta er lik som sist veke. Det vil sei at eg framleis har nedgang å syne til i svangerskapet. -2,6 kg er status. No gjeld det å kjempe på dei neste veken. Magen har verkeleg eksplodert i det siste :eek:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 month later...
Gjest Frulatskap

Lenge sidan sist, og eg skjønnar ikkje bæret av dei nye sidene. Status no i veke 33+0 er 96,6 kg. Dvs at eg no har kome over på pluss sida i dette svangerskapet. Status totalt er 200 gram opp. Akk ja..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenge sidan sist, og eg skjønnar ikkje bæret av dei nye sidene. Status no i veke 33+0 er 96,6 kg. Dvs at eg no har kome over på pluss sida i dette svangerskapet. Status totalt er 200 gram opp. Akk ja..

Stå på!

Tror det vil hjelpe mye å planlegge alle av dagens måltider og følge til punkt og prikke.

Kjenner du at du blir for fysen på noe søtt, ta heller et ekstra knekkebrød med sunt pålegg.

 

Jeg er 9 uker + nå, med kvalme som har gitt seg(heldigvis). Følger meny 2, men ligger litt over 1600 kal, ca 1800 om dagen.

Bruker frimerker - men goterier blir jeg visst bare dårlig av, virker som det er skikkelig mat som skal til før kroppen er fornøyd.

 

Trener nå som planlagt ca 2 ganger om dagen, en yogarunde om morgenen og deretter en runde med intensiv intervalltrening litt senere på dagen.

Nå er det jo ikke alle som har muligheten for å gjøre slik, men korte effektive treningsrutiner kan hente inn trimpoengene selv om tiden er knapp :)

 

Går du på kurs? Det kan kanskje lønne seg, går an å melde seg på internettkurs for gravide, så får du skikkelig struktur og veiledning på rutinene dine.

 

Lykke til, vi følger med!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 month later...
Gjest Frulatskap

Då var svangerskapet over og til verda kom verdas skjønnaste jente! Grunna svangerskapsforgifting vart fødselen sett i gong i veke 38+3. Det var litt før eg hadde tenkt å føde, men pytt pytt, heilt klar blir ein vel aldri :D

 

Eg ser at siste oppdatering på veging eg hadde her var i veke 33+0. Sjølv om eg ikkje registrerte her, vog eg meg kvar veke også på slutten. Den høgste vekta eg målte var 99,0 kg. Dvs at eg enda opp totalt 2,4 kg i svangerskapet. Det må eg seie meg svært fornøgd med. Det beste med oppgangen er at eg ikkje såg 3 tal før komma på vekta. Det kan eg like veldig godt.

Når eg kom igjen frå sjukehuset var vekta 85,0 kg!! Tidenes slankekur å føde gitt :D

På 5 dagar gjekk eg ned 14 kg.

No startar den verkelege kampen med å halde vekta nede og helst gå ned endå nokre kg. Eg har framleis mange kg igjen til eg er det ekspertane, som ELSKAR å måle alt i BMI, vil kalle normalvektig.

 

Eg merkar at det er mykje muskelmasse som er vekke, og sjølvsagt var mykje av vekta vatn. No er gullet vel to veker gamal, og eg lurer på om eg skal starte så smått med litt styrketrening? Turar med vogna er vi allereie i gang med. La våren komme med mykje godt trilleveir :):lol:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest littslankere36

Gratulerer så mye med lille gullet!

Du har no vært kjempeflink i svangerskapet, når du kun har gått opp 2,4 kg. Ikke verst nei.

Lykke til videre da!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...