Gå til innhold

Vil du vere med - så heng på!


Gjest Henry

Anbefalte innlegg

Tenkte eg ville høyre om det er andre i samme båt ; vi veit så godt kva vi må gjere, men det er så vanskeleg å gjere akkurat dèt!?

Ete riktig, ete nok, trene nok, drikke nok osv osv... Så kvifor er det ikkje akkurat det vi gjer??!

Kvifor er det så mykje bra på TV akkurat når spinning-timen "min" går?

Kvifor frister Jalapenö-osten så mykje meir enn letter gulost?

Kvifor står liksom Olden-flaska og håner meg på pulten - "berre drikk, du - eg blir ALDRI tom!" ( kor mykje vatn HAR dei oppe i Olden??!)

Kvifor kan alle venninene mine ete akkurat det dei vil - og GJER det, mens eg må plukke fram nistepakka mi, med knekkebrød og leverpostei?

 

Kjenner du også at dette er til tider uoverkommelige utfordringer? Kanskje vi kan motivere kvarandre litt?

 

Eg er ei jente på 29 år, som har gått G.Roedekurs for 3 år sidan. Brukte KJEMPELANG tid på å gå ned 12 kg., men har holdt meg der heilt til no nyleg. No har eg lagt på meg litt igjen - og vil gjerne få det vekk ; FORT! Og så har eg lyst å få vekk dei siste 5 kg. som eg ga meg på forrige gang. Eg har som mål å gå ned 6 kg. og så stabilisere der...

 

Men det er så vanskeleg!!! Føler at eg ALLTID må tenke på kva eg putter i munnen - og er sikkert VERDENSMESTER i dårleg samvittighet!!!

 

Håper det er fleire der ute som også har samme planane - og som vil gjere dette sammen med meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 months later...

Fikk du aldri noe svar, du da??!

 

Er det fordi du er gutt....Det er vel mest jenter inne her, ser det ut til!

 

Jeg starta ved årsskiftet.

 

Går det bra med deg, eller har du gitt opp å få svar??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...