Gå til innhold

Operasjon-inn-i-brudekjole-hausten-2008


Gjest Huldra81

Anbefalte innlegg

Gjest Huldra81

Då har eg og min kjære, gode gut vore forlova snart eit år. Det betyr og at vi snart må få ut fingen og sette ein dato for den store dagen vår. Vi har so langt klart å bestemme oss for at bryllaupet skal stå i 2008 på hausten. Syns det er ei veldig fin tid i august-september.

 

Eg har endå ikkje heilt bestemt meg for kva type bryllaup vi vil ha. Min kjære er med på det eg vil, så eg har rimeleg stor råderett over akkurat det :) Lysta til å reise vekk å gifte seg variere mellom å vere ganske stor og litt mindre med tanke på at det er so kjekt med fest for venner! Eg er ganske delt i synet på å feire dagen kun vi to og ta festen for vennar og familie uformelt etter på, eller det å ha eit meir tradisjonelt bryllaup med alt av vennar og familie. Eg er ganske redd for meg sjølv og følelsane mine den dagen og at det kan bli ganske tragi-komisk med ei sippande, raudsprengt brud. Nokon andre som har erfaringar på det punktet? Tenke då spesielt på å gå opp kyrkjegolvet med alle si merksemd retta mot oss, gratulasjonar, talar osv. Ingen av oss likar spesielt å vere midtpunktet eller å få så mykje merksemd på ein gong :)

 

Det aller største dilemmaet er likevel kjolen. Eg har alltid ønska å gifte meg i kvit kjole. Kjolen skal eg ha uansett type bryllaup, det er berre greitt. Min vektnedgang starta i august 2006, og eg har no gått ned 17,8 kg. Skal eg kunne velje og vrake i kjolar slik eg ønskjer, må eg gå ned minst 15 kg til. Då vil eg vere der eg var før vi blei ilag! Rart med det, kjærest = opp i vekt 30 kg!!!!

 

Vekta har stått stille siste 3 mnd, men heldigvis har eg ikkje gått opp igjen i vekt. No er planen å komme seg tilbake på "vinnarsporet" og halde fram med nedgang jamt og trutt fram mot neste sommar. 15 kg skal vere innan rekkevidde på eit godt år, har jo klart det dette året. Eg har ikkje gått på kurs, men vurderar det sterkt til hausten om eg ikkje klarar å ta meg sjølv i nakken. Trening går fint, eg har mange tur-moglegheiter både flatt og bratt. Mitt store problem er mat og koserier generelt. Har ein tendens til å kose oss veldig og då ofte 2-3 gongar i veka. Det går ikkje når ein ønskjer å komme ned i match vekt igjen.

 

Planen med denne linken er å halde meg sjølv i nakken med tanke på rapportering. Dette skal eg klare! Det er alltid lettare når ein har andre rundt seg i samme situasjon, og det er det jo mange av her på sida - heldigvis for meg :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 289
  • Created
  • Siste svar

hei på deg Huldra 81.

Høst bryllup kan nok bli utrolig flott, jeg hadde også lyst på det, men min kjære insisterte på sommer bryllup når vi nå blir i Norge og kjører et "tradisjonelt" bryllup.

 

Kjenner igjen kjole problematikken. Jeg burde komme meg ned minst 10 kg. nå, da vil jeg stå mye friere på kjolevalget.

Jeg skal gifte meg juni 2008, så tiden begynner å renne ut, her er det bare å henge i :)

 

Bli gjerne med på "delmål" tråden jeg har startet også, vi kommer nok uansett til å treffes her inne i løpet av det neste året!

 

Lykke til :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Trivelig

Hei Huldra81

 

Jeg skal også gifte meg neste høst, så jeg blir gjerne med på tråden din.Har som mål å nå 70kg til neste høst, det er 13 kg dit...men det skal jeg klare!

 

Min kjære og jeg har bestemt oss for å dele bryllupet vårt i to, vi tror det blir bedre for alle parter på den måten. Først skal vi feire selve dagen med kun nærmeste familie tilstede og senere invitere alle venner til et stort grillparty.

 

Har ikke tenkt så mye på brudekjole, prøver å utsette det så lenge som mulig,vil så gjerne være fornøyd med meg selv når jeg skal begynne å prøve....

 

Klem :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Kjekt å høyre frå andre haust-brurer-2008.

I går skulle eg slå eit slag for trimmen, men det enda med ei aldri so lita katastrofe. Vi spelte tennis, og der skulle eg springe og strekke meg etter ein ball. Eg pådrog meg ein kjempe ill strekk i lysken som gjorde til at treninga måtte avbrytast og eg blei sofaliggande resten av kvelden. Var faktisk så ildt at eg måtte løfte foten med hendene opp i senga! Aoou :)

Idag er den heldigvis litt betre, men eg kjenner det at det ikkje blir verken tennis eller fjelltur/gåtur på meg på eit par dagar endå. Håpet er at eg kan sykle litt, får teste det i ettermiddag. Kjedelege greier.

 

Om 3 dagar set ferien inn og erfaringsmessig blir det mykje kos med god mat og drikke desse vekene. Det hadde eg tenkt å unne meg, sidan planen var at eg skulle halde vekta i sjakk (ikkje planar om nedgang i denne perioden) med trening. Vi har tenkt å ha med oss syklar på hytta, i tillegg til joggesko. Kryssar fingrane for at eg kan bevege meg med litt puls jalfal :)

 

Angåande bryllaup er eg framleis i steeerk tvil om vi skal reise vekk på bryllaupsdagen. Ei venninne meinte ho hadde reist vekk om dei skulle gifta seg, samtidig som vi begge er einige om at det er kjempe kjekt å gå i andre sine bryllaup! Skal i eit no om ein mnd, så ein del av planen min er å sjå om dagen blir så bra at eg har lyst å oppleve noko liknande sjølv;) Er ei veldig god venninne som skal gifte seg, så eg må snart hive meg rundt og finne meg ein passande kjole til det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...
Gjest Huldra81

Ferietid er ei vanskeleg tid å slanke seg på har eg skjønt no. I fjor starta eg etter ferien, so då hadde eg ikkje problemet med at i ferien skal ein kooooose seg. Har no vore ei veke på hytta og vi har KOSA oss med veeeldig god mat og drikke. Har blitt lite trim. I dag har eg vore på lang sykkeltur, og det merkast på stumpen gitt. Blei også ein liten fjelltur i går kveld. Så sjølv om eg har vore flink dei to siste dagane med trimmings, so har eg verkeleg litt å ta igjen og.

 

I morgon satsar eg på litt tennis. Kjenner at eg i skrivande stund er for tung i beina til noko lang fjelltur.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 weeks later...
Gjest Huldra81

Då var det mandag og eg hiv meg rundt med ny, frisk motivasjon. Var i bryllaup i helga til ei nær venninne og ho var heilt nyyyyydeleg. Sånn vil eg og sjå ut på dagen min!! Ho er lita og tynn, so problemet hennar har heller vore å få former på dei "riktige" plassane. Det blei ein kjempe fest med mykje alkohol ut i dei små timar. Den dagen var jalfal ikkje eg nokon festbrems :)

 

Når det gjeld vårt bryllaup, virrar vi rundt i ei tåke av kva vi vil gjere. Stort, lite, reise vekk, kontor bryllaup eg anar ikkje kva det blir til. Har skikkeleg angst for å gå opp det kyrkjegolvet og var utruleg gla' på laurdag for at det ikkje var eg som skulle gå opp der med all merksemda retta mot meg! Veit ikkje om eg taklar det eg..

Har alltid tenkt at pappa skal gje meg vekk, men det kan vere at angsten blir mindre om eg og min kjære går ilag opp golvet i staden for at han ventar på meg der framme. Off.. eg anar ikkje. Skal i eit bryllaup til om ikkje so alt for lenge, so då får eg sjå korleis den brura klarar seg.

 

Men tilbake til trimmen og slankinga. Fryktar eg har lagt på meg 5 kg i ferien. Det kjennes jalfal sånn ut. Føler at magen har lagt på seg eit par cm gitt. Torer ikkje vege meg endå trur eg. Kjedelege greier. Har gått meg ein lang tur idag oppover i fjellsida har. Satsar på at kroppen min tar eit hint og kvittar seg med det ekle feittet fortare enn eg trur!! Fiskekaker til middag idag, og i morgon blir det laks med grønsaker. Her skal det køyrast hardt på sunne middagar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei hei... jeg skal gifte meg 16. august 2008... Må prøve å komme inn i brudekjolen min til da... må ned 9 kg nå... ihvertfall 7... mitt første delmål er ned 4 kg fra 69 til 65... Jeg er da 158 høy... har akkurat sluttet å røyke, så kroppen har ikke helt omstilt forbrenningen enda... men det kommer vel det og...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Kjekt at det er fleire som skal ha haustbryllaup - 08. Eg har nok ein del meir kg eg skal gå ned til då enn eg kunne ønskt. Lista meg på vekta i går, og den viste opp 1,1 kg sidan sist måling som var i slutten av juni. I tillegg til det har eg også gått opp ein cm i midjemål. Det er med andre ord ikkje noko smart å ha ferie!!!

 

Samla sett skal eg ned minst 13,1 kg til neste sommar.

Etter mi meining er det innan rekkevidde då eg har brukt året som har gått til å gå ned ca 15-17 kg. Har ikkje sett opp noko plan for kor mykje eg bør gå ned til jul, men erfaring frå i fjor viser at det er på denne sida av jul eg har mest sjølvdisiplin og at det kanskje er lettast å gå ned i vekt når det ikkje er så mange høgtider ein skal feire! Mellom 7-9 kg bør eg klare fram til 23.desember utan at eg ikkje skal kunne meg noko inn i mellom.

 

Min kjære er ein gut som er utruleg glad i snop i alle fasongar. Han er høg og har ein ganske godt trena kropp. Han kan ete det han vil utan å legge på seg, og har ei forbrenning utan like! Eg har no måtte gå til det skritt å "nekte" han å ete snop alle dagar utanom laurdag. Det gjeld også grandis til middag. Eg klarar ikkje å sitte å sjå på at han et chips og sjokolade, derfor må eg ha hjelp av han i starten. Håpar det vil gå seg til etterkvart så han framleis kan kose seg med snopen sin når han vil.

 

Denne veka har eg for sovidt vore ganske flink. Vi har hatt fisk to dagar denne veka i tillegg til kylling og svinekjøttdeig. Det har ikkje blitt kjøpt inn chips før laurdag, og min kjære har vore støttande heile veka. Ein god porsjon trening har det også blitt. Både gåturar og ein lang sykkeltur har det blitt. I dag skal det stablast ved til den store gullmedalje. Håpar å svi av eit par kcal då og!

 

Satsar på å vere like flink på matfronten neste veke og kanskje litt betre på treningsfronten! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 weeks later...
Gjest Huldra81

Jobben har tatt mykje tid i det siste og eg har hatt lite overskot til å skrive her. Har ikkje synda so mykje i matvegen i vekedagane, men i helgane har det nok blitt litt i overkant av kcaloriar. Har ikkje hatt tida til å registrere matinntaket desse vekene, men satsar på at det blir meir tid til dette no framover.

 

I går hadde eg meg ein kjempe fin og god treningstur. Eg hadde først tenkt at eg ikkje skulle sjå på klokka sidan det var lenge sidan sist eg gjekk, men det blei til at eg pressa meg sjølv til ei relativt god tid opp til toppen. Har ein tur eg prøvar å gå tre gongar i veka. Det er oppover ein skogsveg 3 km. God trim og eg får pulsen opp skikkeleg. I dag er planen å ta ein gå-tur på flatmark med moderat intensitet. Har sett meg eit mål om å forbrenne i gjennomsnitt 600 kcal på trening kvar dag. Med høg intensitet vil det sei ca ein times trening.

 

Målet denne veka er å få registrering av mat inn på timeplanen igjen slik at det blir ei vane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Sidan eg satsar hardt på å komme inn i vana med å rapportere jamnleg, må eg skrive når moglegheita byr seg.

I går gjekk eg meg ein god fjelltur og forbrente 860 kcal med pulsklokke. Turen tok ca 115 minutt, så litt i underkant forbrente kcal i forhold til tidsbruk. Forklaringa på dette er at eg måtte gå seint ned igjen sidan mesteparten av stien er på berg og steinar, og det var sleipt og vått. Eg var kun på rattata ein gong og det er veldig bra til å vere meg :( Er visst ein litt ustø person har eg funne ut!

 

På matfronten blei det 1907 kcal inn i går. Det må seiast å vere OK. Har ikkje rekna ut kva eg bør få i meg i løpet av ein dag på eit år, og då vog eg 16 kg meir.

Trur det er lurt å rekne ut dagsforbruket ein gong til om ikkje så alt for lenge.

 

Til helga har eg planar om å vege og måle meg. Er ei stund sidan eg har gjort dette og no føler eg meg klar til å starte med dette igjen. Laurdag har vore "min dag" og då veg eg meg før eg et frukost. Kryssar fingrane for at eg ikkje får sjokk :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Då var vi komt til torsdag i den første seriøse veka mi, og eg må sei eg har vore veldig flink til no. I går blei det ein roleg fjelltur som svidde av 706 kcal. Syns det er so fint å gå i fjellet på hausten og spesielt når det er sol. Mykje blåbær, fine fargar og lite folk. Heilt supert :)

 

På kvelden i går blei det blåbær med vaniljekesam og eit par kesamplettar etter oppskrift frå GR. Må passe på å lage noko søtt til kjæresten sånn at han ikkje greve i skåpet etter snoperier :( Sjølv om eg åt ein del av desse godisane, oversteig eg ikkje maksimum av kcalori inntak. Det blei ganske nøyaktig 1900 kcal igår og det må eg vere fornøgd med. Må sjå om eg ikkje får tida til å rekne ut eventuelt nytt kcalnivå i kveld. Har ikkje planar om å trimme noko nemneverdig idag. Trur kroppen min treng ein kvile dag, så då blir det kanskje litt hagearbeid i staden.

 

På laurdag har eg og kjæresten vore kjæresta i 6 år og forlova i 1 år. Har tenkt å markere det litt, men er heilt blank på kva eg skal finne på. Nokon som har forslag? Kino og restaurantbesøk er uaktuelt då vi bur på bygda og her ikkje akkurat vrimlar av slike tilbod!! hehe.. Lurte på å ta han med på piknik på hytta, men vi har ikkje så god tid denne helga. Eg får fundere litt på det i løpet av dagen...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

I går hadde eg ingen trimmings - akkurat som planlagt. Var ute i hagen og dulla på med litt forskjelleg rydding og klipping av plen. Måtte nyte siste dagen med sol her på vestlandet på ei stund. I dag når eg køyrde på jobb regna det og skodda hang tung nedover fjella. *akk ja*

Godt vi har bestilt tur til sydlegare strøk. Reiser om nøyaktig ein mnd :) So på denne tid i september sleikar eg og bilringane mine sol ved Rødehavet!! Det skal bli ufatteleg deilig! Denne gangen skal vi reise på ei litt meir lukseriøs reise enn vi har gjort tidlegare. Dei siste gongane vi har reist på sydentur har vi bestilt uspes. med varierande hell. Denne gongen er vi avhengig av å få ein fin tur sidan vi begge er i jobb og må vere i tipp, topp stand når vi kjem tilbake :( So i september blir det 5-stjerners hotell med all inclusive. Gledar meg!!

 

MEN eg bør jo bli kvitt eit par kg innan den tid og har planar om ein liten fjelltur i kveld. I går enda kcal inntaket på 1970 kcal, litt i overkant. Var på besøk med eit vennepar og fekk servert micropop. Ikkje bra at eg lot meg friste til å smake på det, men men. Viktig no å ikkje gå på ein heilsprekk i samband med helga!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

For ei grusom helg sett med slanke-auger!! Fredag var ikkje så verst med ein trimtur som gav med 650 forbrente kcaloriar med pulsklokke, og eit inntak på 1879 kcal. Laurdag derimot vart det både for lite mat og for mykje usunt :( Eg kan ramse opp sjokoladekake, taco med ekte kjøttdeig, skruer og sjokolade!!! Og sjølvsagt ingen trim.

 

Søndag var ikkje noko betre på nokon områder. Blei invitert vekk på middag, men i tillegg til sunn ørretmiddag, var det is og kaker til dessert! Hurra for meg :) I tillegg måtte kjæresten trøste seg med chips sidan fotballkampen han spelte gjekk adundas! (Dei tapte so det song etter...då gjeld det å trå varsomt for frua gitt). Blei so nedstemt av han at eg måtte ete litt chips eg og. Mangt slag ein kan unnskulde seg med gitt. *kremt*

Førbeheld meg retten til å ikkje rapportere antall kcaloriar inn denne helga.

 

 

I går kveld tok eg ansvar å lagde niste til oss begge. Lagde til gulrot og tomat som snacks på veg heim frå jobb (eg har 45 min å køyre til og frå jobb), i tillegg til nok brødmat til heile dagen (4 skiver) + druer og kiwi. Til middag har eg sagt at kjæresten kan lage seikarbonader i brunsaus med gulrot og potet. Ingen utskeiingar her i garden. I tillegg skal det trimmast idag. Burde nesten bli straffetrim for den utskeiinga eg har bedreve i helga!! Shame on me!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Sjølv om gradestokken viste 5-6 grader og vinden piska regnet i ansiktet, la eg ut på mi faste runde. Hadde bestemt meg for å ikkje sjå på klokka på denne turen, sidan eg då blir veldig fokusert på å gå alt for fort. Planen var å gå i jamt fint tempo som kunne haldast heilt til toppen (oppoverbakke heile vegen). Kasta eit blikk på klokka halvvegs for å sjå korleis eg låg an pulsmessig, men der stod pulsen min på 00 !! Grrr.. då hadde sendaren mista kontakta med klokka (dårleg batteri), og eg "tapte" dyrbare kcaloriar forbrent i statistikken. Likevel blei det 650 forbrente kcaloriar på turen. Vel heime blei det ein laaang dusj for å få varmen i skrotten igjen!

 

Matinntaket i går blei på 1855 kcal. Må sjå til å få rekna ut ny dagsrasjon snart! Kan jo vere at eg ikkje skal ete meir enn 1600 og då er det ikkje rart vekta ikkje går nedover!

Apropo vekt har eg 3,5 kg igjen til det runde talet eg MÅ vere komt under til jul. Om eg unngår utskeiingar liknande den i helga, bør det gå ganske brillefint. 16 veker til jul (??) bør i følgje teorien gje meg eit realistisk vekttap på ca 8 kg, men eg veit at teorien ikkje alltid er til å stole på! Med ein sydentur inni bildet her vil eg anslå at eit vekttap på ca 5 kg bør vere oppnåeleg innan jula ringast inn!

 

Kanskje eg skal driste meg til å sette opp ein liten plan her:

 

Veke 34 - 83,5

Veke 35 - 83,0

Veke 36 - 83,0

Veke 37 - 82,8

Veke 38 - 82,5

Veke 39 - Inga måling er på tur :)

Veke 40 - 82,5

Veke 41 - 82,0

Veke 42 - 81,5

Veke 43 - 81,5

Veke 44 - 81,0

Veke 45 - 80,5

Veke 46 - 80,1

Veke 47 - 79,8

Veke 48 - 79,5

Veke 49 - 79,3

Veke 50 - 79,0

Veke 51 - 78,5

 

Håpar vekta kan klare å komme seg ned på det nivået der innan veke 51. Ser litt rykkvis ut den planen min, men det er rykkvis eg har gått ned tidlegare :(

 

Planen for dagen er å ete nista mi til rette tidene, til middag blir det pølsegryte også satsar eg på at det blir ein lang gåtur seinare i kveld!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Då har eg prøvd å rekne ut mitt energibehov pr dd og om det er noko forskjell frå tidlegare.

Eg har rekna med to formalar som eg fann her inne, og resultatet var litt forskjellig i dei to testane.

 

I GR formelen er mitt daglege energiforbruk på 2499,90 kcal inkludert 10 trimpoeng pr veke. Etter tabellen GR har sett opp for kva enegriforbruk som tilsvarar antal kcaloriar kan eg framleis ete 1900 kcal pr dag.

 

Den andre formelen eg fann her inne gav meg eit energiforbruk på 2531,46 som inkluderar moderat aktivitet. I følgje denne tabellen burde eg ligge på litt i overkant av 1600 kcal pr dag.

 

Dette var slettes ikkje lett. Eg trur eg må gjere det slik at dei dagane eg trenar kan eg ligge på 1900 kcal og dei dagane eg er stillesittande må eg prøve å redusere inntaket ned til 1700 kcal.

Det blir ei omstilling og ete mindre enn det eg gjer no, men eg har aldri vore svolten medan eg har slanka meg og eg trur nok ikkje eg vil føle meg svolten no heller. Eg har berre godt av å redusere litt på mengda mat, spesielt til middag. Mistenke at porsjonane når vi har noko "godt " til middag er i overkant store. Her er det berre å finne fram vekta!! :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det blei inga trening på meg i går. Skuffande at eg ikkje klarte å komme meg ut. Hadde fått på meg treningsklena, pulsbelte, klokke og var på veg ut døra, og der fekk eg altso besøk av to venninner med ungar. Syns det er kjempe kjekt å få besøk, uanmeldt eller ikkje, men eg kom meg altso ikkje ut døra sidan dei var der neste til Grey's begynte (og det MÅ eg ha med meg :P ). So dagen ebba ut med inga trening og litt i overkant kcal inn, 1974. På slike dagar burde eg ikkje hatt i meg meir enn 1600-1700 kcal om eg skal klare å gå ned i vekt. Skjerpings må til!!

 

Når det gjeld giftarmålet, arbeidar eg no for at eg og kjæresten skal kunne gå ilag opp kyrkjegolvet. Han vil helst stå å vente på meg der framme, men eg er redd det blir stor-tuting på meg om eg skal gå opp golvet utan han. Eg prøvar meg på at kronprinsparet gjekk ilag opp golvet, men han er ikkje heilt overbevist endå. Må viss arbeide litt til med han for å få det i boks :) Skal nok klare det!! hihi.. :)

 

Planen for idag er å komme meg ut på tur! Burde igrunn tvinga meg til ein ekstra lang tur idag sidan det ikkje blei nokon i går. Må vere flinkare til å ete jamt på ettermiddagen og slik at eg slepp store kveldsmåltid som absolutt ikkje er bra.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Dei tidlegare åra har eg vore veldig flink å ta c-vitaminar blant anna for å unngå urinveisinfeksjon. Men i år blei eg nok for sein til å starte på denne kuren før det blei kaldt. Har sprunge på do med ujamne mellom rom, og tenkte at eg måtte komme meg til lege idag om det ikkje var betre. Men eg trur kanskje det er blitt litt betre idag. Får sjå kva dagen bringe..

 

Kom meg på tur i går kveld, og var faktisk ganske flink. Var ute i 1 time og 20 min og forbrente 750 kcaloriar på denne :) Ganske fornøgd med det. Av kcal inn blei det igår 1819, og av dette var 600 kcal appelsinjuice (13 dl) (desperat forsøk på å bli kvitt infeksjonen).

Relativt fornøgd med gårsdagen sett på med slanke-auger.

 

Idag er eg invitert til ei venninne på middag, og til besteforeldre på kaffi. Skal prøve å unngå sukker og fett, og heller sjå om ikkje mormor har eit lite eple på lur ein plass :P Oppdaga forresten nettopp at vi kanskje bør ha vaksiner når vi skal på tur. Skal til nord-Afrika og det står på folkehelseinstituttet sine sider at ein bør oppfrikse gamle vaksiner og ta hepatitt A før ein reiser til slike land! Fekk litt lettare panikk når eg høyrte dette sidan det er i underkant av ein mnd til vi reiser. Dette må undersøkast nærmare!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Infeksjonen min ser ut til å gå over av seg sjølv, og då var det kanskje ikkje ein infeksjon likevel :P Heldigvis!! Fekk også tatt meg ein tur til legen i går, slik at eg fekk skreve ut resept til meg og min kjære på vaksiner. Vi måtte ha to stk for å vere beskytta mot smitte i Egypt.

 

I går blei det ein gåtur langs vegane her. Relativt flatt heile vegen, men eg prøvde å halde tempo oppe. På 55 minutt blei det forbrent 408 kcaloriar med pulsklokke. Ikkje super bra, men greitt nok. Er faktisk veldig fornøgd med at eg kom meg ut! Var i utgangspunktet relativt opptatt igår, så hadde vel ikkje heilt trudd at eg skulle klare å komme meg ut. Det blei raspekaker til middag og kaker med mormor, så det blei ein ganske "dyr" kveld angåande kcaloriar. 2100 var summen når eg gjekk til sengs i går. Eg MÅ prøve å begrense middagsinntaket når vi har spesiell god middag. Sjølv om eg berre åt ein raspeball og ei kylling/kalkun pølse, hadde eg på både sirup og bacon. Berre baconet innehaldt like mykje kcal som ein vanleg middag bør vere! Neste gong får eg heller prøve å kutte ut baconet, for å berre ete litt av noko duge eg ikkje til!!

 

Idag er det ein fotballkamp som eg må sjå på (er med i organiseringa) og lang dag på jobben, so eg har mine tvil om trening idag. MEN det skal ikkje noko godis ned i magen idag jalfal :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då var helga over og eg greidde meg vel hakke betre enn forge helg. Åt ikkje snoperier fredag, men det blei som spådd heller ikkje noko trim. Fraus på meg skikkeleg urinveisinfeksjon, so eg måtte på legekontoret ein tur fredagskvelden :D

Laurdag gjorde vi fint lite av både det eine og det andre. Kosa oss og slappa heilt av i heimen - deilig med ein sånn dag inn i mellom.

 

Vog meg på laurdag, og vekta viste 100 (!) gram ned. Ikkje mykje å skryte av gitt. Veit ikkje heilt om eg har noko å legge skulda på heller. Burde teoretisk sett gått ned opp mot 500 gram med tanke på kcal inntatt og kcal forbrent. Dvs at eg no ligg 400 gram etter skjema som eg har sett opp. Planen må vere å kvitte seg med desse 400 til helga då eg også skal vere 83 kg i følgje oppsettet.

 

Søndag blei det derimot litt chips :( Lite mat tidlegare på dagen førte til at eg blei skikkeleg sugen på noko salt og søtt på kvelden, og kjæresten hadde kjøpt chips på laurdag. Denne gjekk då ned på høgkant! "svake menn'ske..."

 

Idag er det berre å knyte på seg joggeskona, og kvitte seg med 400 gram innan laurdag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då var helga over og eg greidde meg vel hakke betre enn forge helg. Åt ikkje snoperier fredag' date=' men det blei som spådd heller ikkje noko trim. Fraus på meg skikkeleg urinveisinfeksjon, so eg måtte på legekontoret ein tur fredagskvelden :(

Laurdag gjorde vi fint lite av både det eine og det andre. Kosa oss og slappa heilt av i heimen - deilig med ein sånn dag inn i mellom.

 

Vog meg på laurdag, og vekta viste 100 (!) gram ned. Ikkje mykje å skryte av gitt. Veit ikkje heilt om eg har noko å legge skulda på heller. Burde teoretisk sett gått ned opp mot 500 gram med tanke på kcal inntatt og kcal forbrent. Dvs at eg no ligg 400 gram etter skjema som eg har sett opp. Planen må vere å kvitte seg med desse 400 til helga då eg også skal vere 83 kg i følgje oppsettet.

 

Søndag blei det derimot litt chips :) Lite mat tidlegare på dagen førte til at eg blei skikkeleg sugen på noko salt og søtt på kvelden, og kjæresten hadde kjøpt chips på laurdag. Denne gjekk då ned på høgkant! "svake menn'ske..."

 

Idag er det berre å knyte på seg joggeskona, og kvitte seg med 400 gram innan laurdag![/quote']

Men det må være lov å unne seg litt snop innimellom, vi har jo kosemerker, og de kan jo brukes :D

Jeg sparer mine kosemerker til helgen, for å kutte alt hele tiden fører bare til at jeg sprekker.

 

Ellers så ble det lite trening på meg også i helgen, vi var forskjøla begge to, og sliter litt fortsatt. Men planen er å komme i gang igjen på torsdag, da burde det hele ha gått over, og vi burde være klare for fortsettelsen.

 

Vi begynner også med nytt dansekurs på torsdag, det blir jo gøy å se hvor mye jeg har glemt, og hvor mye jeg husker etter lang danseferie...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oj oj dansekurs! Det høyres veldig kjekt ut! Kva type dans er det snakk om? Er det i samband med bryllaupet dokke har meldt dokke på dansekurs, eller likar de generelt å danse? Eg syns det er kjempe kjekt å danse sving, men det er vi ikkje so veldig flinke til diverre :D Problemet med meg og kjæresten som dansepartnarar er at han er 196 cm høg og eg 167 ................

 

I går enda eg opp på besøk med ei venninng og familien (nygift faktisk). Åt tre kjeks og te med suketta, men trur ikkje det var så alt for gale kcalorimessig. Det blei ingen trim i går heller sidan det regna trollkjerringar og skodda låg tjukk, men huset fekk ein skikkeleg "shinings" når eg kom heim.

 

I dag skal vi få sprøyter, so eg veit ikkje heilt kva form eg er i etterpå. Skulle tru det gjekk heilt fint, men ein veit jo aldri.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

så du etterlyste erfaringer anng bryllup. Jeg og min mann valgte å dra utenlands (barn var med) i hemmelighet( bare forlovere visste det) og gifte oss i sjømannskirke. Akkurat pga at vi ikke ville ha all den oppmerksomheten, helseproblemer osv. Følte ikke for å gå til sorenskriveren da vi ville ha en sermoni. ingen av oss er personlig kristen, men sjømannskirka føler vi har "rom for alle". andre grunner for avgjørelsen vår var at vi ville gjøre som vi hadde lyst til og ikke som alle andre forventer. Hadde vært sammen en god stund, voksne, barn osv. I tillegg har vi STOOOR familie. Hvem skulle vi be/hvem hadde vi lyst til å be? + er for forskjellige kanter av landet. Pengespørsmål er det også. Hvor mye vil man bruke? Vi hadde kjole/hvitt og bunad. Blomster og fotograf.

 

vi hadde en fin dag! Det ble så personlig og rørende at vi tuta begge to! Og vi var kjempeglade for det valget vi hadde tatt. I etterkant hadde vi en liten sammenkomst med nærmeste familie, + ett etterpåselskap for den ene delens familie.

 

Noe jeg ville ha gjort annerledes??? Ja! Jeg ville tatt med forloverne på tur og hatt en koselig kveld sammen på en flott restaurant! Evt. den nærmeste familie. Og aller helst ville jeg hatt en stor vennefest, men pga avstander osv ble ikke det noe av.

 

hver bryllupsdag er vi ute og feirer!!

 

Lykke til! Husk å gjøre som dere vil! det er deres dag!!!

XXL

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oj oj dansekurs! Det høyres veldig kjekt ut! Kva type dans er det snakk om? Er det i samband med bryllaupet dokke har meldt dokke på dansekurs' date=' eller likar de generelt å danse? Eg syns det er kjempe kjekt å danse sving, men det er vi ikkje so veldig flinke til diverre :D Problemet med meg og kjæresten som dansepartnarar er at han er 196 cm høg og eg 167 ................

 

I går enda eg opp på besøk med ei venninng og familien (nygift faktisk). Åt tre kjeks og te med suketta, men trur ikkje det var så alt for gale kcalorimessig. Det blei ingen trim i går heller sidan det regna trollkjerringar og skodda låg tjukk, men huset fekk ein skikkeleg "shinings" når eg kom heim.

 

I dag skal vi få sprøyter, so eg veit ikkje heilt kva form eg er i etterpå. Skulle tru det gjekk heilt fint, men ein veit jo aldri.[/quote']

 

Vi går å lærer selskapsdans, så det er vals, cha-cha, quick step, foxtrot, samba osv. Og det var ikke pgs. gifte planer vi begynte, vi har nå danset siden nyttår, og min kjære fridde først i våres :(

Dansen er fin måte å få beveget litt på seg, og gjøre noe sammen. Så det anbefales. Trenger ikke være flink før man begynner, er jo derfor man går på kurs :)

 

Hva slags sprøyte skal du få, vaksine eller?

 

Når det kommer til type bryllup, så var vi også usikre. Vi hadde egentlig bestmet oss for å dra utenlands sammen med forloverene. Men min kjære turte ikke pga. familen, så da blir det i hjembyen hans, også øsnker vi oss penger, slik at vi kan ta en større utenlandsreise i etterkant. Vi har jo tross alt bodd sammen en stund, og har det vi trenger...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi har fått vaksine i samband med turen vår til Egypt. Ei i kvar arm, og no kjennes det ut som nokon har brukt overarmane mine som bokseball!! Skikkeleg sårt å løfte armane, og bruke musklane. Men det går sikkert over i løpet av dagen.

Det blei ingen trim i går heller, men var ute i nærmare tre timar å pussa bord. Har funne oss eit gammalt bord som vi skal prøve å pusse ned og beise i samme farge som resten av møblemanget. Ser ut til at det kan bli bra akkurat no, men vi har endå ikkje begynt å pusse på beina........ og der set malinga igjen over heile (alt må vekk). Det kan jo vere at eg forbrente litt kcal på den jobben, men hadde ikkje på meg pulsklokke so då skriv eg ikkje opp noko. Trening er for meg aktivitet ein blir skikkeleg svett og anpusten av. Det er ikkje god nok å bli litt varm :D

 

Har ei på jobben som gifta seg i fjor, og dei hadde laga si eiga heimeside med gåver dei ønskte seg. Dei hadde bestemt at dei skulle på 3 mnd bryllaupsreise, og hadde gjort det slik at gjestene kunne kjøpe delar av reisa og utstyr til reisa til dei. Det vil sei ein kunne kjøpe (gje pengar tilsvarande sum) dykkarkurs, skreddarsydd kjole/dress i Thailand, solkrem, vatn, drink på stranda, romantisk middag, drosje, flyreise innland, bussbillett, masasje osv. Det var gåver i alle prisklassar, også hadde dei laga til bekreftelse på at gåva var mottatt der det sto kva ein hadde kjøpt til dei på reisa.

Når dei kom heim frå reisa hadde dei så lagt ut bilder på heimesida med bilder av seg sjølve som gjer den aktiviteten dei hadde fått i gåve.

 

Kjempe smart om ein ønskjer seg pengar til tur syns eg. Personleg syns eg det er kjedeleg å gje folk pengar i gåve. Då er det mykje kjekkare å "øyremerke" pengane ein gjev, slik ein kan gjere i dette tilfellet :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lykke til! Husk å gjøre som dere vil! det er deres dag!!!

XXL

 

Kjempe kjekt å høyre om dine erfaringar med eit bryllaup utanom "andre sine forventningar". Det største problemet (om ein kan kalle det eit problem) er at eg kjenner no at eg gruar meg skikkeleg til å gå opp golvet med all den merksemda. Trur vi begge eigentleg har funne ut at vi vil ha vennar og familie i bryllaup, men kunne godt tenkt oss ein privat sermoni. Problemet her er at familie/vennar kjem til å bli skuffa over å ikkje få overvære sermonien, og kanskje vere snurtne over "berre" å få komme på festen. Likar ikkje å skuffe folk, men som du seier er det jo vår dag og vi kan gjere som vi vil..

Lite dilemma det der gitt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...