Gå til innhold

Operasjon-inn-i-brudekjole-hausten-2008


Gjest Huldra81

Anbefalte innlegg

Eg flytta heim til bygda (off ja det er det det er) 1. mars i år. Då hadde eg budd nesten 5 år i Oslo. Det er heilt topp å kunne ta på seg kle å spasere i området her, både skogen og høgfjellet er rett utanfor døra. Eg går 5 min på asfalt so kan eg vere på veg opp ein fjellskråning enten på ski eller beina. Heilt topp sånn sett, men jammen er det fordelar med å bu på ein større plass og altso.

Som eg skreiv tidlegare er det eit bitte lite treningsstudio her, med kun vekter ingen sal treningar. Friskis og svettis trening ein gong i veka, og eit bitte lite basseng (12,5 m) som det kun er vatn i i vinter halvåret fordi kommunen ikkje har råd til å ha det ope. Skal vi på kino må vi enten gå på bygdekinoen som er 2 gongar i mnd, eller køyre i 40 min til nærmaste by (ein tettstad med bystatus). Det samme gjeld restaurantar og andre kafear utan om den lokale essostasjonen og puben som er open eit par gongar i mnd.

 

MEN bygda eg flytta til er inne i ei rivande utvikling både folketalsmessig og jobbmessig, så eg har trua på at det kan gå an å bu her i framtida utan å råtne heilt vekk. Vi har ikkje bestemt oss for at det er her vi skal bu i all framtid endå, men det er ikkje tvil om at både eg og sambuar, som er frå ein liknande plass, har hatt ein fantastisk flott oppvekst med alle moglegheitar til å utfalde oss. Eg kunne ikkje tenkt meg å la mine framtidige ungar vekse opp i Oslo, sidan eg veit kor bra vi har det her på vestlandet med tanke på naturen og ikkje minst alle "farar" som er i ein storby. Men det kan jo og ha samanheng med at det er den einaste oppveksten eg har hatt :)

Det ein må få til på småplassar som dette er å sende ungdommen ut i den store verda for å oppleve og utdanne seg, for så å komme tilbake og vere med på å utvikle heimplassen til ein plass der folk ønskjer å busette seg!

 

Puhh.. nok om det. Har vel ikkje so mykje med slanking å gjere gitt. Vi har det flott her sjølv om det regnar i gjennomsnitt eit par timar per dag :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 289
  • Created
  • Siste svar

Kort rapport om treningsstatus i går. Spinna på sykkelen min ein drøy time og det resulterte i 655 forbrente kcal. Eg må sette meg ned ein dag å samle all god spinningmusikk på ein-to cdar så eg slepp bruke mykje tid på å leite etter musikken.

Ellers gjekk vel forbrente kcal opp i røyk då vi blei invitert på rømmegraut seinare på kvelden. Det er noko eg syns er kjempe godt, så det blei eit fat med det gitt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då var det mandag igjen, og eg er klar til å gjere ein skikkeleg innsats denne veka. Denne helga var i grunn litt trist. Mora til ei god venninne fekk påvist kreft både her og der. Forferdelege greier det å gå frå å tru du er frisk til å vere dødssjuk!! Føle sånn med venninna mi som fekk sitt livs største sjokk! Legane har ikkje fått tatt alle prøvar som trengst endå, så det er uklart om det kan gjerast noko og kva som eventuelt kan gjerast.

 

Sidan kjæresten var på buisnesstrip i helga, var eg aleine heile laurdagskvelden. Det er når eg er aleine eg har klart meg best med tanke på laurdagskos, sidan det då ikkje er nokon som fristar meg med chips og sjokolade. Men denne laurdagen rakna det fullstendig!! (nett som Brann sitt forsvar :) ) Eg knekte i meg chips og dip til eg var så kvalm at det ikkje var morsomt å sjå på fortvila bergenserar som ikkje fekk feira gullet denne helga heller :)

Så kvelden enda i dårleg samvittigheit på ein sofa heilt aleine.

 

Søndag kom eg til hekte igjen og var tilbake i slankemodus. Gjekk meg ein kort søndagstur (ikkje sveitte tur), og klarte meg heilt utmerket utan å snoke i skåpa etter snoperier. Svinefile med grønsaker og poteter til middag må seiast å vere mager kost. I dag SKAL eg ut å nyte det fine haustveiret :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går blei det ein liten tur på treningssenteret som resulterte i ca 400 forbrente kcaloriar. Kjenner at eg er litt stiv i musklane idag, men ikkje på langt nær like hemma som sist gong. Greidde meg også fint i går angåande sjokolade og andre fristelsar som dukkar opp i løpet av ein dag.

 

Har lest ein utruleg motiverande blogg på vg som har gjett meg ny giv i forhold til motivasjon og det å verkeleg ville gå ned i vekt! Dama gjekk ned i overkant av 30 kg på 10 mnd! Eg nøyer meg med 15!! Det hadde vore supert, så idag skal eg ut å lufte flesket og medan eg går skal eg tenke: litt fortare, litt lenger osv :)

 

Heia oss!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So langt i veka har eg greitt meg relativt bra. Eg har ikkje ete noko snoperier og har bevegd meg litt kvar dag. I går blei det ein kjapp gåtur som resulterte i 423 forbrente kcaloriar på underkant av ein time. Spørst om eg ikkje må til å vege middagen i framtida då eg mistenke at porsjonane mine er litt for store for å få ønska vektnedgang.

 

I dag er det "dametrim", og då skal eg jalfal hugse klokka så eg får dokumentert kor mykje ein time middels trening med Friskis og sveittis svir av :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På Friskis og svettisen i går forbrente eg 516 kcal på 55 minutt. Dette var då inkludert uttøying, så effektiv trening var nok rundt 47-48 minutt. Eg blei skikkeleg sveitt og anpusten - deilig :) Det blei ingen snoperier på meg i går heller, sjølv om kjæresten åt chips til den o'Store fotballkampen (RBK - Valencia). Flink jente :)

 

I dag skal eg på treningssenteret og flytte på litt jern! Eg og ei venninne har bestemt oss for å sjå kor sterke vi kan bli i benkpress. Dette er ein kjekk og motiverande øving der ein ser framgang raskt om ein trenar rett. Denne øvinga kjem sjølvsagt i tillegg til den meir "seriøse" treninga som går på heile kroppen og det å stramme opp i første omgang. Ho er ei lita jente i god form som eg verkeleg skal få brynt meg på. Sidan eg er mykje større enn ho burde eg klare å ta meir enn ho, men eg er søren ikkje sikker. Vi får sjå i kveld :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hadde meg ei litt ineffektiv styrketrening i går. Kroppen var stiv og støl og eg fekk ikkje til å løfte så tungt og så mange repetisjonar som eg ønskte. Eg gav meg derfor tidleg og det resulterte i kun 319 forbrente kcaloriar. Skuffande. Når eg i tillegg åt raspekaker til middag blei det ein tung dag - bokstavleg talt. I dag må eg få gått meg ein lang tur.

 

Utfordringa mi i helga blir å halde seg på matta i forhold til chips og sjokolade. Ønskjer meg ei helg utan dårleg samvit.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då var det mandag igjen og eg er utruleg letta over at helga gjekk så fint som den gjorde. Eg smakte ikkje eit einaste flak med chips sjølv om kjæresten åt både laurdag og søndag. Derimot blei det litt Smash på meg, men det går under kosemerker sidan eg ikkje har rørt noko heile veka. *flink jente* ;)

 

På fredag blei det ein gå tur på ca ein time der eg forbrente 530 kcaloriar. Laurdag var vi på besøk så då fekk eg ikkje tida til trim, og ein fridag må ein jo ha i veka. Søndag var eg på treningssenteret og løfta benk-og beinpress. Det resulterte i 550 forbrente kcal på ein time. I forhold til å sitte på sykkel eller gå ein tur på støylen (bratt oppover) er det litt lite effektivt å trene vekter. MEN som vi veit er meir musklar lik høgare forbrenning!

 

I veka som kjem må eg prøve å vere minst like flink som eg har vore denne veka. Samla meg 13,7 trimpoeng i veka som gjekk, og det må eg jammen klare denne veka her og. Eg veit allereie no at eg ikkje får vere med på friskis og svettis trening på onsdag pga eit møte, så det må eg kompansere for dei andre dagane!

 

Ha ei super veke folkens!!

 

Huldra81 er i siget :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag er eg ufatteleg trøtt og sleten. Alle musklane i overkroppen hylte når eg prøvde å komme meg ut av senga i dag tidleg *jesp*. Etter ein liten peptalk med meg sjølv kom eg fram til at alle delane faktisk hang på, så då var det berre å komme seg i arbeid. Ein får ikkje noko energi av å sjå ut glaset heller, for idag hang skodda og regnet ned i fjella. Blir lange dagar av slikt veir.

I går var eg på spinningsykkelen min, og det resulterte i 651 forbrente kcaloriar ;) Treet mitt er veldig fruktbart for tida. Gårsdagen gjekk også knirkefritt i forhold til snoperier. Det blei ein litt sein kveldsmat i går, men det er bagatellar som eg får rette på når dei store linjene er innarbeidd og på plass :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det blei ei skuffande slapp trening på treningssenteret i går. Kun 290 kcaloriar blei forbrent, og eg var slapp og lite motivert. Kroppen er stiv og støl endå, og det er ikkje noko kjekt å ikkje klare å løfte så tungt som eg kan i toppslag. I dag blir det ikkje noko trening på meg pga eit møte, så då får eg tru at kroppen klarar å restituere seg til torsdag. Klarte å halde meg unda snoperier i går og. Hurra!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for det Coco, men sidan du skreiv det har eg ikkje vore så veldig flink.

Eg var med i komiteen for ei markering av sesongen 2007 i helga, og det resulterte i at eg ikkje har fått trent sidan forge tysdag!!!! :) Fekk riktignok tusla meg ein tur i går, men ikkje fått vore så effektiv som eg ønskjer. I tillegg blei det litt (?)alkohol i form av øl inn på laurdag, i tillegg til salt mat. Så eg reknar med kroppen min idag er full av salt som binde masse vatn!! Godt eg ikkje har tilgang på vekt gitt.

 

Men eg har ikkje gitt opp, og har planar om å komme inn på godt gamalt spor igjen denne veka.

 

Angåande bryllaupet er eg blitt i tvil igjen om korleis eg ønskjer at dagen skal vere. Trur eg tenker for mykje på alt som kan gå gale og at det ikkje blir "perfekt" slik eg har tenkt det i hovudet mitt :) arrrgghhh.. Eg er nok litt for perfeksjonist til at eg kan la ting "skure å gå"..*sukk*

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Angåande bryllaupet er eg blitt i tvil igjen om korleis eg ønskjer at dagen skal vere. Trur eg tenker for mykje på alt som kan gå gale og at det ikkje blir "perfekt" slik eg har tenkt det i hovudet mitt :) arrrgghhh.. Eg er nok litt for perfeksjonist til at eg kan la ting "skure å gå"..*sukk*

 

Vet du, jeg har også en ide om hvordan alt skal være, men jeg har bare begynt å trene på å leve med at ting ikke altid utspiller seg slik jeg vil. For det er GARANTERT noe som ikke kommer til å gå slik jeg har planlagt. Men det viktigste er at jeg ser flott ut, at vi begge sier JA på rett sted, så får resten gå som det går.

 

Fikk forøvrig fortalt om et bryllup hvor kokken hadde glemt at han skulle lage mat til den dagen. Noen i følget ringte kokken etter vielsen og lurte på hvordan det gikk, men han satt hjemme i hagen og koste seg han... Vel, det endte likevel bra, han samlet sammen det han hadde av personale og ingredisenser i sin resturant og fikk til en flott middag likevel...bare litt senere enn beregent. Og brudeparet, de tok det sporty, nå har i hvertfall de en unik bryllupshistorie ;o)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fikk forøvrig fortalt om et bryllup hvor kokken hadde glemt at han skulle lage mat til den dagen. Noen i følget ringte kokken etter vielsen og lurte på hvordan det gikk' date=' men han satt hjemme i hagen og koste seg han... Vel, det endte likevel bra, han samlet sammen det han hadde av personale og ingredisenser i sin resturant og fikk til en flott middag likevel...bare litt senere enn beregent. Og brudeparet, de tok det sporty, nå har i hvertfall de en unik bryllupshistorie ;o)[/quote']

 

Hehe.. eg kan le å sei at det endte godt for det brudeparet, men eg trur nok eg hadde fått lettare panikk!! Det luraste i det tilfellet hadde vore å ikkje sagt noko til meg. Ein kan planlegge seg i hjel, og likevel har ein ikkje kontroll på alt :)

 

Kom meg inn i godt gamalt spor i går. Svei av 514 kcaloriar på vekttrening i går. Trente litt i overkant av ein time, men var effektiv og det kjenner eg spesielt i armane i dag. Det som øydela for at gårsdagen hadde vore eit prakteksemplar av ein "slankedag", var at eg lessa på med alt for mykje middag. Spagetti med go' og mager pølse = NAM NAM, men det blei sjølvsagt for mykje :) Eit stort problem for meg det der altso. Må bli flinkare til å ete mindre porsjonar og lære meg at magen er mett LENGE FØR augene!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kom meg inn i godt gamalt spor i går. Svei av 514 kcaloriar på vekttrening i går. Trente litt i overkant av ein time' date=' men var effektiv og det kjenner eg spesielt i armane i dag. Det som øydela for at gårsdagen hadde vore eit prakteksemplar av ein "slankedag", var at eg lessa på med alt for mykje middag. Spagetti med go' og mager pølse = NAM NAM, men det blei sjølvsagt for mykje ;) Eit stort problem for meg det der altso. Må bli flinkare til å ete mindre porsjonar og lære meg at magen er mett LENGE FØR augene!![/quote']

 

Vi hadde også pasta og pølse til middag i går, kalkun pølse. Tok med litt paprika også, så ble det litt grønt i også.

I dag er jeg hjemme alene til middag, og då er det vanskeligere å lage noe ordentlig synes jeg...blir vel en omelett på meg i dag. Får "spirte" den opp med litt tomat og paprika...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag skal eg vere aleine heime og då skal eg ete pasta!! Hihi.. men forskjellen denne gongen er at eg skal vege opp middagen slik at eg ikkje ete for mykje. Må berre gjere det altso, ellers trur eg alt går ned på ein gong. Har fått heilt dilla på min eigen pastamix :)

 

I går var det friskis og svettis dag, og eg svei av 545 kcaloriar. Det måtte vere såpass sidan eg hadde ein aldri så liten sprekk på tysdag. Kjæresten var ute av huset og eg var fysen på noko, dermed støvsugde eg alle skåp og fann ein chips ;) Ikkje bra. Klarte ikkje stoppe før det var tomt heller. Irriterar meg at eg er så svak at eg ikkje klarar å ta tak i meg sjølv før det er for seint. MEN eg gjer ikkje opp av den grunn! Idag er det treningsstudio igjen, og eg skal løfte jern :)

 

Forresten var instruktøren vi hadde i går betre enn den vi har hatt dei andre gongane. Flinkare til å rettleie og forklare øvingane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har vore travelt på jobb dei siste dagane, så har ikkje fått rapportert inn for dei to siste dagane. Torsdag hadde eg meg ei super treningsøkt på treningsstudio og forbrente 643 kcal på ein god time. Fredag blei det ingen trim, og ikkje greidde eg å halde meg unda popcornet heller ;) Skuffande.

 

I dag blir det måking av snø! Det har snøa godt over ein halv meter med snø sidan i går ettermiddag, så her er det berre å komme seg ut å flytte på det som snart regnar vekk igjen. Hurra!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tilbake på nett!! Etter omlegginga til Grete Roede har eg ikkje kome meg inn på diskusjonssidene, men no er alt i orden igjen heldigvis.

Helga gjekk adundas denne gongen. Trur ikkje eg skal utdjupe det nærmare utan at eg blir nedtrykt og motivasjonslaus. MEN på mandag var eg på treningsstudio å trente styrke. Det blei 454 kcaloriar forbrent. Kjekt å trene styrke når ein kjenner at ein har framgang. Om ei veke reknar eg med å kunne auke vektbelastninga :)

 

I går blei det 50 harde minuttar på spinningsykkelen min. Dersom eg har ei god og hard treningsøkt forbrenn kroppen min 100 kcal på 10 minuttar. I går hadde eg 597 kcal på 55 minutt. Eg var totalt ferdig på slutten og orka nesten ikkje ta sit-ups ein gong! Deilig.

 

Las i IFORM at om ein er avholden frå sukker i tre veker skal ein vere avvent. Det trur eg at eg må prøve. Men eg forstår at det blir hardt og at eg må ta meg sjølv i nakken eit par gongar. Var jo så godt i gang før den sukker-rike helga ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg prøvde kromtablettar for ei stund tilbake, men følte ikkje at det hjalp noko særleg. Trur det set mellom øyra eg! Må bli flinkare til å sei nei til meg sjølv, og heller finne på noko anna å gjere når behovet melder seg.

 

I går var det friskis og svettis og eg forbrente 527 kcaloriar. Det syns eg var litt i underkant av kva eg kunne forvente. Fekk ikkje ytt så mykje som eg ville Kroppen kjentes sleten ut, og eg var litt umotivert til å hoppe og sprette rundt om kring. Håpar på betre tider i dag. Holdt meg unda snopen i går, og trøsta meg med ei tørr appelsin i staden (håpar dei blir litt meir saftige framover).

 

Det er berre å stå på :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fredag blei det ein bitteliten tur på treningssenteret der eg hadde 20 minutt på kondisjonsmaskin og benkpress programmet mitt (hadde lita tida så fekk ikkje tida til meir). Gløymte å ta på pulsklokka, men eg anslår forbrente kcaloriar til å vere ca 200.

 

Laurdag blei det litt chips og dip (!) men eg har ikkje brukt kosemerker tidlegare denne veka, så det er ok. Grine ikkje denne helga over svak moral. Idag har eg og kjæresten vore på treningsstudio. Hadde meg ei skikkeleg hard økt, der det blei forbrent 573 kcaloriar på ein god time. I følgje klokka mi var 50% av dette feitt. Det kan vi like :) (sjølv om eg tar det med ei klype salt). No skal vi lage kylling og ris til middag. Nam nam.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

544 kcaloriar forbrent på spinningsykkelen idag. Heilt ok det i grunn. Fekk brent meg ein skikkeleg motivasjons cd med mykje bra musikk, så eg trakka lystig i veg i dag :)

Ellers lite nytt å melde. Har sendt førespurnad om kyrkje i dag. Spent på om det er ledig. Vi har spurt om to datoar... spennande.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tysdag blei det ikkje noko trening på meg. Hadde fått på meg treningskle og alt, men så kom besøket då. Kunne nett ikkje avvise dei i døra heller, sidan eg ikkje hadde noko avtale med andre enn meg sjølv.

 

I går var det friskis og svettis, der eg forbrente 470 kcaloriar. Pulsklokka mi har dårleg batteri og viste 00 i puls store delar av timen, så eg vil tru at målinga ikkje er heilt rett. Skal sjå å få skifta det batteriet så snart som råd.

 

Ellers har eg og min tilkommande klart å bestemme oss for dato. Ikkje nok med det, vi har til og med bestilt kyrkje og festlokale :) Så no er det ingen veg tilbake. Har ikkje fortalt nokon om datoen endå, så vi kan endå ombestemme oss litt :) hehe..

 

I morgon har eg tatt meg fri frå jobb for å reise til storbyen. Skal på jentetur i helga, så då reknar eg med det blir litt vin og god mat. Eg skal prøve å begrense inntaket, og MÅ få tatt meg ei skikkeleg treningsøkt i kveld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ellers har eg og min tilkommande klart å bestemme oss for dato. Ikkje nok med det' date=' vi har til og med bestilt kyrkje og festlokale :) Så no er det ingen veg tilbake. Har ikkje fortalt nokon om datoen endå, så vi kan endå ombestemme oss litt :) hehe..

 

[/quote']

Gratulerer med satt dato!!! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...