Gå til innhold

Operasjon-inn-i-brudekjole-hausten-2008


Gjest Huldra81

Anbefalte innlegg

Takk takk Coco!

 

I helga har eg vore på jentetur. Vi shoppa både fredag og laurdag, fest blei det (heldigvis) berre fredag. So no er eg blakk og sett eit steg tilbake igjen i forhold til slanking. MEN eg har hatt ei kjempe kjekk helg med gode vennar, og det får vege opp for mindre pengar og litt lenger slanke tid ;)

 

Handla ikkje så veldig mykje i helga, men fekk no kjøpt meg ei bukse. Det er samme modell som eg har frå før i dongri, men ein anna farge. Den gamle buksa vart kjøpt i juli i år, og den eg kjøpte no blei kjøpt i ein str mindre enn den gamle! Hurra!! Då har eg gått ned ein buksestr sidan i sommar. Det hadde eg nok ikkje lagt merke til om eg ikkje hadde kjøpt meg ny bukse. Syns det har gått så seint med vektreduksjon i det siste. Oppdagde også at eg snart kan bytte hol i beltet mitt. Eit hakk inn er jo eit par cm. Så pr dd er belte for løst eller alt for stramt. Her er det berre å stå på så "alt for stramt" blir passeleg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 289
  • Created
  • Siste svar

Denne veka skal eg prøve å legge inn det eg et av mat, og ikkje berre trimmen. I går blei det 1980 kcal inn og 480 forbrent på styrketrening. Mogleg eg må gå opp litt i vekter på styrketreninga, for no er eg verken stiv eller støl etter trening. Det betyr vel at kroppen min er klar for nye utfordringar ;)

 

Ellers vurderar eg sterkt å hive meg på eit kurs etter jul. Trur eg kan trenge hjelp til å komme igang igjen etter ein relativt flott nedgang forge vinter. Har ikkje vegt meg på leeenge, så om vekta ikkje syner nedgang neste gong eg finn ut at eg skal opp på den er det berre å melde seg på kurs!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter dag to med innlegging av matvarer forstår eg meir og meir kva problemet mitt er. Middagane blir alt alt for store. Her må det verkeleg skjerpings til. Har ikkje heilt oversikta over kor mykje ein middag bør vere men tippar ein plass mellom 400-600 kcal. Når min middag i går var knappe 900 kcal betyr det at eg er laangt over det som er anbefalt for meg.

Likevel blei det ikkje verre enn 1957 kcaloriar inn i går. Eg går ut frå at eg skal ha rundt 1900 dagleg om eg er i fysisk aktivitet den dagen. I går blei det 565 kcal forbrent på spinning sykkelen min på 50 minutt.

 

Tilbake til problemet, middag. Eg må enten lage middag som eg ikkje syns er så veldig god, problemet med dette er at eg fort kan bli fysen på noko godt etter på, eller så må eg til å måle opp middagen med vekt. Veging av mat hadde eg håpt å sleppe då dette blir så veldig strengt og stramt. MEN igjen, mogleg det er nettopp stramt og strengt eg treng det nett no ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går var det friskis og svettis og eg stilte på med friskt mot. Kika på klokka litt undervegs og konstanterte at eg låg bra an pulsmessig. Men når eg oppsummerte til slutt såg eg at eg kun hadde forbrent 416 kcal på 43 minutt :D Eg stoppa då klokka før uttøying. Dette opplever eg som skuffande sidan timen var ganske hard og eg hadde eit gjennomsnitt på 79 % av makspuls under timen. På eit tidspunkt var eg også opp i 94 % av makspuls. Eg har ein teori om at dersom eg hadde trent den doble tida ville talet av forbrente kcaloriar vore meir enn dobbelt så høgt. Dette fordi eg erfaringsmessig forbrenn meir til lenger økta er. Eg må med andre ord trene dobbelt så lenge for å komme opp i eit akseptabelt tal på forbrente kcaloriar. *puhh*

 

Det positive i går var at eg kun enda opp med 1590 kcaloriar inn. Dette er litt for lite pr dag, men eg reknar med det jamnar seg ut totalt i veka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går blei det dårleg med trimmings gitt. Kom seint heim frå jobb og var so trøtt at eg ikkje orka tanken på å kle på meg treningskle. Middagen blei sjølvsagt alt for stor i går og, men eg styrte unda kveldsmaten så kcalorimessig blei det ikkje så gale totalt. No står helga for tur med dei utfordringane det føre med seg.

 

I must be strong :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då var helga vel overstått og eg kom frå det med vekta i behold (trur eg). Fredag blei det sein middag med ei venninne, men det var ikkje av den usunne typen og eg klarte å begrense meg.

 

Laurdag klarte eg å komme meg på trening tidleg på dagen, og forbrente 633 kcal på styrketrening. Også søndag trente eg på treningsstudioet, utbyttet her blei magre 410 kcal, men det er uansett myyykje betre enn ingenting. Følte meg flink både laurdag og søndag angåande snop og matinntak. Mogleg det blei litt for sjelden mat på laurdag, og eit par M'ar blei det, men åt ikkje til det var tomt. Godt nøgd er eg :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lite aktivitet her inne for tida, men eg står på :D

I går enda eg på treningsstudio igjen og kvitta meg med småe 453 kcaloriar. Betre enn ingenting, og eg kom meg ut av huset. Viktig. Prøvar òg å få skikk på middagen, og i går var eg ganske flink. Det kan ha noko med at vi hadde fiskegrateng til middag og at dette ikkje er min favoritt. Eg trur vi må halde fram med å ikkje ha mine favorittar til middag (sjølv om dei er sunne), sidan eg då har ein tendens til å ta på alt alt for store prosjonar.

 

Veiret gjer sitt til at rask gange i skog/mark/gangveg ikkje lar seg gjere. Håpar snøen blir liggande snart slik at det kan køyrast løyper i lysløypene rundt omkring her. Fekk meg nye super raske (!) langrennsski her i vinter som ligg glida og klar til bruk :) For ikkje å snakke om telemarkskina mina som eg gleda meg utruleg mykje til å bruke igjen.

 

Snø snø kom igjen...(her er snø, men den varierar veldig i mengde frå dag til dag og om det er kaldt eller vått eller is osv).

 

 

I dag står sykkelen for tur og eg skal trakke i veg medan eg ser på handballjentene knuse eit eller anna lag (les Østerrike) på veg til neste gruppespel :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tysdag blei ein fin dag for trim og trening. Inntaket blei på 1908 kcal (framleis litt for mykje til middag, men det kjem seg). På trimfronten blei det ei god økt i går på spinningsykkelen min. 736 kcaloriar blei lagt igjen der ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Friskis og svettis i går førte til 453 forbrente kcaloriar (ca 42 minuttars økt). Greitt nok. På matfronten blei det litt i overkant, 1983 kcal inn. I staden for heile tida å komme litt over det "magiske" talet, må eg prøve å komme meg under.

 

Idag skal eg og kjæresten på shopping, så det blir ikkje tid til trim. Trur forresten kroppen min kan ha godt av ein dag fri. Kjenner at eg er stiv og støl i ryggen og det brukar eg sjelden/aldri å vere. Får komme sterkare tilbake i morgon ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Siden du vet akkurat hvor mange kcalorier du forbrenner lurer jeg på om du har pulsklokke? Har lyst til å kjøpe meg det, men synes de er litt dyre. Jeg er imponert over hvor mye og ofte du trimmer. Det strammer sikkert godt inn. Selv er jeg glad dersom jeg får til en spasertur hver dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg fekk pulsklokke til jul i fjor (fekk faktisk to sidan eg hadde ønskt meg det så sterkt ;) ) Har blitt heilt avhengig av den når eg trenar, og på nokre økter har eg mål om å trene til eg har oppnådd eit visst antal forbrente kcaloriar. Veldig motiverande. Eg har Polar sin F11 modell. Ein legg inn vekt (endrar den etter kvart som ein går opp eller ned), alder, også må ein gjennomføre ein "fitness-test" som ligg innebygd i klokka. Denne får du beskjed frå klokka om når må takast opp igjen. Ein kan også legge inn kva type økt ein skal ha i løpet av veka, og då vil klokka "minne" deg på at du skal trene styrke, uthold osv den dagen. Genialt :)

Klokka mi kostar kroner 1590 trur eg. Kan anbefalast!

 

Føle at eg har vore ganske flink med trening dei siste vekene, og håpar å halde fram med det. Merkar at eg er blitt bittelitt fastare i fisken. Belte kan snart flyttast inn eit hakk. Eg har ikkje vore på vekta på fleire veker, for eg blir så veldig opptatt av den. Alt fokus vert retta mot kg og gram. Har heldigvis ikkje vekt heime med oss. Når jula ringer inn skal eg heim til mamsen og papsen, so då får eg ta ein tur på vekta før 24. også igjen etter 31. for å sjekke korleis jula har gått. Heldigvis for meg er papsen inne i ein skikkeleg treningsperiode, så eg får trene når han skal trene :)

 

Det er maten som er mitt problem. I går var det juleshopping rett etter jobb på meg og kjæresten. Vi endte på Peppe's for middag, og eg knekte då i meg 3 (!) store pizza stykker. Torer nesten ikkje legge dei inn i dagboka. Redninga mi er at eg ikkje åt noko utanom frukt seinare på dagen, så satsar på at eg nesten klarar å halde meg innanfor grensa på 1900.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja pulsklokka er verdt kvar ei krone :)

 

I helga har det gått ganske bra i grunn. Det har blitt litt sjokolade, men ikkje meir enn at eg ikkje ofrar det så mange tankane.

På laurdag blei det styrketrening på meg der eg forbrente nøyaktig 500 kcal på 1 blank time. Ganske bra uttelling til å vere styrketrening!

 

Det fekk eg forresten betale for i går og i dag sidan eg er stokkande stiv i lår og rumpe! Det er lenge sidan sist eg var stiv og støl, so igrunn syns eg det berre er deilig. Søndagen innleiia vi med ein gåtur som resulterte i 355 kcal. Det var bitande kaldt, so vi kom oss fort i hus igjen. Der tok eg meg ein tur på stepparen som resulterte i 470 kcaloriar på 45 minutt. So gårsdagen var ganske god med tanke på trening.

 

No er det leeenge sidan eg har ete chips. Håpar eg kan halde fram med den gode trenden her fram til jul. Sjokoladen får eg heller lov å nyte eit par bitar av i helgane om eg trenar både laurdag og søndag.

Denne veka er det julemiddag med jobben, og julebord til helga. Her må det trimmast slik at vekta ikkje går opp i allefall ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er skikkeleg irritert på meg sjølv for tida. Her har eg trent godt og ete bra dei siste vekene også sprekke eg so totalt i matvegen på eit par dagar!!

Mandag åt eg faktisk chips!! Det er jo ok å av og til ta seg ei lita skål med chips, men stopp no for guds skuld før det er tomt i posen!! Eg eige rett og slett ikkje det genet som klarar å sei STOPP!! Grrr.. Det var no ein ting, eg åt ikkje HEILE posen på ein gong, men sørga for at det var litt igjen slik at eg kunne stappe dette i meg i går!!! Det er so dumt at eg blir både sint og flau. Eg var heime aleine i MAKS tre kvarter og på den tida rakk eg altso å gjere mykje skade for meg sjølv.

 

So då hjelpe det fint lite at eg har trent både tysdag og onsdag ( I tillegg til utskeiing måndag var det ikkje trening på meg heller- sleten). Tysdag var eg på treningsstudio i tillegg til å ta meg ei økt på spinningsykkelen. 855 kcal blei då svidd av (med andre ord litt av chipsen mandag). Onsdag var eg på friskis og svettis og der blei det ca 450 kcal. Klokka mi har streika og eg må sende den inn til service. So då blir eg utan klokke til å halde kontroll på meg eit par veker :)

Eg må altso trene som ein gal resten av veka for å ha håp om å ikkje gå opp denne veka. Skal på julebord på laurdag so det kan jo bli kjekt å passe på alt som går ned i det store svarte holet :)

 

Skikkeleg irritert på meg sjølv, men har visst ingen andre å skulde på :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er skikkeleg irritert på meg sjølv for tida. Her har eg trent godt og ete bra dei siste vekene også sprekke eg so totalt i matvegen på eit par dagar!!

Mandag åt eg faktisk chips!! Det er jo ok å av og til ta seg ei lita skål med chips' date=' men stopp no for guds skuld før det er tomt i posen!! Eg eige rett og slett ikkje det genet som klarar å sei STOPP!! Grrr.. Det var no ein ting, eg åt ikkje HEILE posen på ein gong, men sørga for at det var litt igjen slik at eg kunne stappe dette i meg i går!!! Det er so dumt at eg blir både sint og flau. Eg var heime aleine i MAKS tre kvarter og på den tida rakk eg altso å gjere mykje skade for meg sjølv.

 

So då hjelpe det fint lite at eg har trent både tysdag og onsdag ( I tillegg til utskeiing måndag var det ikkje trening på meg heller- sleten). Tysdag var eg på treningsstudio i tillegg til å ta meg ei økt på spinningsykkelen. 855 kcal blei då svidd av (med andre ord litt av chipsen mandag). Onsdag var eg på friskis og svettis og der blei det ca 450 kcal. Klokka mi har streika og eg må sende den inn til service. So då blir eg utan klokke til å halde kontroll på meg eit par veker :)

Eg må altso trene som ein gal resten av veka for å ha håp om å ikkje gå opp denne veka. Skal på julebord på laurdag so det kan jo bli kjekt å passe på alt som går ned i det store svarte holet :)

 

Skikkeleg irritert på meg sjølv, men har visst ingen andre å skulde på :D[/quote']

 

Du tar deg jo inn igjen etterpå da Huldra. Det er jo ikke som om du bare gir helt opp etter en sprekk, du står på vidre, kanskje enda hardere enn før. Så jeg synes du fortjener litt ros oppi det hele :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det Coco, men det er så undøvendig!! Det var faktisk ikkje så godt at det var verdt det! Må prøve å hugse på det til neste gong eg får eit svakt svakt augeblikk :D

 

I går var eg og kjæresten ute på ein rask og lang gå-tur. Sidan eg no har sendt pulsbeltet mitt inn til service (måtte byttast batteri), er eg utan nøyaktige tal for forbrente kcal. Vi gjekk i 1 time og 24 minutt og i følgje trimregistreringa er det godt over 600 forbrente kcal. Syns det var litt i overkant eg, so eg registrerar det som maks 500. Det er supert veir her i vest for tida så det var ein fin tur :)

 

I helga MÅ eg bake litt. Skal blant anna lage eit heime designa pepperkakehus. Hehe.. gjorde det i fjor og det var skikkeleg artigt. Må prøve å få lagt inn ei treningsøkt eller to òg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då var det mandag igjen og helga kan oppsummerast som dårleg både på den eine og andre måten.

Kjæresten har hatt sånn tannverk at det har vore heilt grusomt å sjå på. Stakkaren har ikkje klart å gjere noko anna enn å trave rundt i huset for å få tida til å gå. Får so innmari ildt av han. So det har verken blitt trim eller mat på meg i helga. Laurdag var det julebord og eg endte vel opp med 2 (3) måltider den dagen og ørten tusen kcal for mykje. Eg var ikkje på flat fylla, men jammen blei det no ganske mange einingar med øl i løpet av kvelden likevel. So lenge eg ikkje blir berusa stoppar eg jo heller ikkje å drikke :D

Søndag gjekk med til å pleie kjæresten. Var faktisk ikkje ut av huset anna enn når eg køyrde han ein liten tur. Og typisk for dagen var at eg åt kun 2 store måltider den dagen og. *sukk* MEN eg har ikkje lagt inn årane og holdt meg unna snopen (sjokoladen og chipsen) i helga og det er no ein positiv ting å ta med seg vidare inn mot jula.

Fekk mykje skryt av folk som ikkje torer å sei ting i edru tilstand på laurdag. Ein gammal nabo kom bort å lurte på kva som var "hemmelegheita" mi sidan eg i følgje han var blitt halvert :) hehe.. kjekt å høyre inn i mellom.

 

Denne veka blir travel sidan eg både må få tida til julebakst, julebesøk og TRIM utan om arbeidstid. Det er berre å stå på!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Klarte å komme meg tilbake på rett spor igjen i går. Det blei 400 kcal på treningssenter. Ikkje ei kjempe effektiv trening, men greitt nok. Føle meg ganske sterk, og eg har ikkje noko problem med å motivere meg sjølv til å løfte tungt når eg først er komt inn døra.

I dag står spinning for tur. Håpar eg får tida til å gjere litt husarbeid og inn i mellom :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tysdag blei det 607 forbrente kcaloriar på spinningsykkelen min. På desse øktene er målet å forbrenne over 600 kcal. Dvs at om eg har ei hard treningsøkt går det fortare enn om eg har ei litt lettare. I går var det tungt, så eg brukte 1 time og 5 min på å oppnå målet. Greitt nok. Ingen snoperier har funne vegen ned i magen på ei stund no :D Hurra!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går var det siste gangen med friskis og svettis for dette året. Som avslutning køyrde instruktøren to program. Eg stoppa klokka når vi kom til uttøying og avslapping, og enda då på 706 kcaloriar på ein time og ti minutt. Det må vel seiast å vere ganske so bra. Seier meg fornøgd med den økta. I dag skal eg på julebesøk så det spørst om ikkje vinninga går opp i spinninga. Må prøve å gjere ein innsats for at ikkje for mange kcal går ned i sluket :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det blei null kontroll på kcaloriane på besøket i går, og eg er skuffa over at eg viste så lite viljestyrke. Det vil komme mange fleire fristingar i tida framover no desse to vekene, så eg får prøve å vere beinhard neste gong nokon seier "berre idag" "eit lite stykke skadar no ikkje" osv. Trur eg skal sette meg eit mål om å vere i aktivitet kvar dag fram til 01.01.08 Sidan det mest truleg ikkje blir sunn mat desse dagane må eg prøve å kompansere med trening. Det kan jalfal halde vekta i sjakk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

God jul alle saman! Då var vi halvvegs i juleveka og eg har ete det som har falt meg inn :D MEN eg har og vore flink å trimma litt slik at kcaloriane inn forhåpentlegvis går opp i opp med kcaloriane ut.

Vesle julafta vart det forbrent 745 kcal langs landevegen. Julafta la eg igjen 455 kcal i vektrommet og 2.juledag blei det 585 forbrente kcal i vektrommet. Ikkje super bra, men eg er fornøgd med trimmen så langt. Eg har tatt meg tid til å trene og opplevd at det er deilig å komme seg ut av sofaen å røre litt på skrotten sjølv i denne koselege familietida.

 

Idag er einaste jobbedagen, og i kveld reiser vi til svigers. Det skal bli ei utfordring det og, men eg satsar på tørre (eller i dette tilfellet våte) vegar, slik at eg kan få gått meg eit par turar - minst :)

 

Fekk meg vekt til jul (det var ønska), så no kan eg halde kontrollen utan å måtte fly på dør kvar gong eg skulle ha vegt meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

På den første dagen i 2008 sit eg inne med rennande auge og tett nase. Blei forkjøla på 5.juledag og har vore tett og snufsete om eit anna sidan då. Av den grunn har det blitt lite trening, men også ditto lite inntak av kcaloriar.

 

Vekta viser omlag det samme som den gjore før jul, så det er verken noko å juble eller grine for.

 

I dag er det 35 veker til eg skal skride opp kyrkjegolvet. HJELP!! Panikken kjem å tar meg inn i mellom. Eg har ein god del kg som bør vekk til den tid. Dersom eg får kontroll på maten skal det gå fint, men hausten viste at riktig mengde mat ikkje alltid er lett å berekne. No har eg fått meg digital kjøkkenvekt, så no skal ALT målast og vegast før det blir lagt på tallerken. Trening er kjekt og ein del av kvardagen min allereie, så den biten må oppretthaldast. Skal eg likevel pirke på noko må det vere høgare intensitet på fleire treningar :(

 

Godt nytt år saman, med ønskje om eit godt slankeår 2008 :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

I går var den første skikkelege dagen i 2008. Eg hadde ete etter boka og snørte på meg joggeskona for å ta meg ein rask gå tur sidan eg ikkje er heilt i form til meir hard trening endå. Problemet var at det var så vanvittig glatt ute at eg for det første ikkje kunne gå fort og for den andre blei det kjedeleg å gå seint, så det resulterte i kortare tur enn planlagt. Eg forbrente 425 kcal, men det var på ein heil time så det var ikkje spesielt bra.

Og når eg då kom heim igjen frista sjokoladen på bordet, så der rauk dei "opptente" kcaloriane gitt :( (og eg nøgde meg ikkje med berre ein bit for å seie det sånn...fy skam).

 

Eg må tenke på motivasjonen min når slike lyster melder seg!!

Brudekjole, brudekjole, brudekjole, brudekjole, brudekjole, brudekjole, brudekjole, brudekjole, brudekjole, brudekjole, brudekjole, brudekjole!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

No er eg nett komt igjen frå ein god time på spinningsykkelen. Inkludert eit par sit-ups blei det i dag forbrent 784 kcal. Må sei meg fornøgd med det. Har også ete etter boka til no, og har litt igjen til kvelds som eg må hive i meg no. Kjenner at eg er litt svolten.

Målet no må vere å halde fram den gode trenden resten av helga ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...