Gå til innhold

Ny brukar som seier hei!:)


Gjest Sirimor89

Anbefalte innlegg

Gjest Sirimor89

Heisann!

Eg er heilt ny her inne, så har kun ei fartstida på, tja, ca 2-3timar og då mesteparten av tida avlogga:P Så skriver her, og gjer meg kjendt på forumet etterpå.

Tenkte å presentere meg litt:

Vestlandsjente på 22år. Er gravid, med termin i slutten av mars.

Heile svangerskapet har det vore lite mosjon (først var eg trøtt/slapp, deretter ein del sjuk), men det er helst sidan starten av desember at kosthaldet og vekta har skeia heilt ut..ingen rutiner, lite fornuftig mat og lite mosjon. Noko som har resutltert i at eg i dag er diger (var over 77kg sist eg vog meg, men er ikkje så ofte det skjer..må skaffa batteri til vekta snart).

 

Når eg vart gravid vog eg ca 65kg, men låg på ca 60kg før det(gikk opp pga nokså langvarig sjukdom og lite bevegelse).

 

Så no har eg begynt å planlegge trening og vektmål for tida etter svangerskapet.

Gledar meg til å kunne trene skikkeleg igjen, bli anpusten pga trening(ikkje pga magen:P) og kunne sveitte skikkeleg igjen;) For musklane er per i dag blitt til eit sørgeleg kapittel. Det skal gjerast noko med!:)

Håpar at amminga skal hjelpe meg med vekta, det gjor det i forrige ammeperiode i alle fall. Så blir kosthald og trening som vil vere hovudfokus. Men, det er jo veldig kjekt å følge med på vekta og cm som blir mindre;)

 

Problemområder er: lår, rompe og "dvaske" overarmar.

 

Mål:

- Få tilbake eit fornuftig kosthald (helst med ein gong, så ikkje vekta blir ENDÅ større og babyen diiiger...!).

- Kome ned på trivselsvekta på ca 59-60kg(dvs ned mellom 15-20kg etter fødsel, vil eg tru).

- Bygge musklar og få god kondis.

- Bli "bikinifin" før sommarsessongen er heilt over;)

- "Løfte ræva", på meir enn ein måte;P

- Bli kvitt godtesuget.

 

Andre i liknande situasjon?

Kjekt å ha nokon å følge:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...