Gjest Monari Skrevet Mars 22, 2015 Rapporter Share Skrevet Mars 22, 2015 Hei. Endelig komt godt i gang med eit nytt og betre liv. Eg har holdt på i 14 dagar i morgon, og reknar med at vekta då viser -3 kg, det har vore ein god start Har prøvd dette mange ganger tidligere og gått ned, men gått opp igjen. Det som gjer at eg skal lukkast denne gangen er at eg lagar middag frå Grete Roede oppskrifter til heile familien, 5 stk. Dette gjer det lettare syns eg å få dette til å bli ei kostholdsendring i staden for ein slankekur. Eg planlegg vekas middager laurdagen, og handler inn slik at alt er klart. Dette har gått kjempefint desse to vekene, og eg har tenkt at dersom eg lagar 3 vekemenyar når det gjeld middag så kan desse rullere, og slik blir det ikkje det same om igjen og om igjen. Ingen har klaga på maten til no, og vi et alle sunne og gode middagar. Eg er 43 år og jobbar som lærar. Har vore spinninginstruktør på eit mindre treningssenter her i bygda i 5 år, og har såleis vore litt aktiv iallefall. For tida har eg to timar med spinning i veka, og det er bra å ha noko fast å gå til som forpliktar. Vi bur på ein plass med mange flotte fjellturar i nærområdet, så har lyst til å bli flinkare til å bruke dette, men syns det er tungt å gå i fjellet med ein tung kropp. Eg starta på 94 kg for to veker sidan, og målet mitt er å komme ned til 68 kg i løpet av eitt år, eg er berre 164 cm høg. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anbefalte innlegg
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå