Gå til innhold

gode tips???


Gjest Caroline

Anbefalte innlegg

Det fungerer for meg å sette realistiske delmål, og ikkje tenke at eg skal vere superflink absolutt heile tida. For det kommer jo aldri til å bli tilfelle, og har du satt knallharde krav kjenner ein seg dobbelt mislykka når ein ikkje klarar å innfri desse krava.

Kvar einaste kilo er eit mål, og det kan ta lang tid å gå ned så mykje. Det er viktig å belønne seg sjøl for innsatsen, slik at du oppfattar den nye livsstilen som noko positivt. Belønning bør då vere noko anna enn mat. Eg pleier å kjøpe et overprisa engelsk sladreblad for kvar veke eg har gått aktivt inn for å ete riktig og å trene..litt teit men det er perfekt for meg! Det betyr kanskje ikkje at ein har gjort det perfekt kvar dag i kvar veke, men at ein har gjort NOE.

Det går og an å innføre endringar veldig sakte, med å starte med ein sunn dag i veka, så auke til to osv, eller å bestemme seg for at ein skal vere sunn fire av sju dagar i veka. Det er jo ei enorm omstilling for mange, så ingen kan vere verdsmeister frå fyrste dag.

Går det skeis så blås i det og prøv igjen. Fekk du lappen fyrste gangen du øvekjørte? Nei, ikkje eg heller! Eg har nesten-drept både meg sjøl og andre i trafikken (offdå...), men skal eg få lappen må eg jo berre fortsetta!! Sånn er det med kosthold og trening og...det tar tid å lÂœra seg ting...

 

Og husk at du er KJEMPEFLINK som i det heile tatt forsøker, og kjenn på kropppen kor deilig det er å trene og ete det som kroppen har godt av!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...