Gå til innhold

Operasjon trivselsvekt


Gjest Huldra81

Anbefalte innlegg

Gjest Huldra81

Då er det på tide å legge vekk alle unnskyldningar og brette opp ermane – igjen. Kikkar litt på den gamle tråden min, og det er nøyaktig eit år sidan eg skreiv første innlegget der. Då var eg 10 veker på veg med vesle Huldra. No er ho blitt 5 månader og eg er 10 kg tyngre enn eg var då :eek:

 

Kort oppsummert skjedde dette:

Vektoppgang under graviditet: 13,3 kg

Vektnedgang etter fødsel: 12,7 kg

Vektoppgang i permisjon: 7,6 kg

 

Når trivselsvekta mi er 70 kg betyr det at eg har 21,1 kg å gå ned før eg når denne. No skal det seiast at eg var begynt å bli nøgd med vekta når eg var nede på 76 kg for to år sidan, så eg veit i grunn ikkje heilt kva som er mi reelle trivselsvekt. Vegen vert til medan eg går håpar eg :D

 

Tidlegare har eg trent masse når eg har slanka meg. Gjekk ned dryge 20 kg før bryllaupet vårt for 1,5 år sidan, og trente mykje og variert. Eg likar veldig godt spinning, turar både flatt og kupert, styrketrening og symjing. Dessverre bur eg på ein plass der vi ikkje har treningsstudio, ei heller spinning- eller aerobictilbod. Dvs at all trening vert eigenaktivitet. Heldigvis er turterrenget nydeleg, og eg kan variere mykje på turane. Eg har òg spinningsykkel og stepmaskin tilgjengeleg.

 

Det som kanskje er litt overraskande er at eg har ikkje lege på latsida i desse mnd mine med permisjon. Eg og vesle Huldra har gått laaaaaaange og mange turar i veka. Vi har stort sett gått tur kvar einaste dag på mellom 6-10 km, så då kan ein tenkje seg til kva kosthaldet har bestått avÂ… SJOKOLADE :mad:

Amming har gjort til at eg har ein appetitt på sjokolade og søtsaker av ein anna verden. Det er ikkje måte på kor sterkt suget er og har vore. No har eg bestemt meg for at nok er nok, og mannen er med på sjokolade/snop/søt-stoppen.

 

Målet er å gå ned mest mogleg fram til eg skal tilbake på jobb for fult i august. No skal eg riktig nok jobbe deltid i 15 veker i vår (pappapermisjon), og eg håpar faste rutiner på jobb kan vere til hjelp på vegen. Første steg er å komme inn i klena som eg hadde før graviditet slik at eg slepp kjøpe nye eller sjå ut som ei stappa pølse :eek:

 

Eg gledar meg til å komme i gang, og håpar at motivasjonen held seg på topp og søtbehovet held seg langt vekke. I dag skal eg på sirkeltrening som er den einaste faste aktiviteten eg har. Skulle gjerne gått ein tur først, men her er det so kaldt at vesle Huldra ikkje kan vere ute.

 

Då var vi i gang!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mye likt her :) Tulla mi er 4mnd, jeg veier ca.10kg mer enn for et år siden, trivselsvekt er 70kg og jeg har 21kg igjen for å nå det målet, begynner å jobbe i midten av august og ikke minst sjokoladekostholdet. Men jeg gikk opp 21kg i svangerskapet og har gått ned 12,7kg for så å holde vekten stabil de siste 2mnd. Jeg går altså ikke opp i permisjonene men sliter med ytterligere vektnedgang mens jeg ammer. (er tredjemann og gikk tidligere opp hhv.24 og 26kg, hadde 10 restkg før siste svangerskap)

Nå som sistemann har ankommet familien vil jeg nå målet mitt og bli der :)

Mitt råd er å kjøpe deg et par fine stretch-bukser som er på salg. Viktig å føle seg litt fin mens man holder på tror jeg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Dagane går so utruleg fort sjølv om vi ikkje finn på dei heilt store sprella. Veka starta med 1,5 time sirkeltrening. Har ikkje batteri i pulsklokka, so eg vel å ikkje legge inn treninga. Tysdag gjekk eg og vesle Huldra tur på ein dryg time, og der enda min fysisk aktivitet denne veka. Det alt for kaldt ute til at eg kan ta med babisen ut på tur, og når pappaen er på skiferie (av alle ting) denne veka, vert det ikkje mykje aktivitet på meg.

På trass av mykje inneaktivitet har eg vore flink til å ikkje snoke i skap og skuffer etter godis. Rydda ut alle fristelsar søndag, og eg har kun kjøpt frukt og nøtter på butikken. Reknar ikkje med noko nedgang denne veka, men tar med meg det positive eg kan, nemleg ingen snop og nokelunde riktige porsjonar :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...