Gå til innhold

Slanke-buddy / buddies? :-)


Motala

Anbefalte innlegg

Heisann! :-)

Eg starta på GR-opplegget tysdag som var, og "held ut endå".. Eg har tidlegare prøvd meg på eit betre og sunnare liv (stort sett kvar måndag), men det har endt opp med at eg har endt tilbake igjen til gamle vanar.. MEN denne gongen SKAL eg klare det!! Målet er å gå ned 8 kilo... Sidan motivasjonen min har ein tendens til å miste gløden etter ei lita periode tenkte eg at det kunne vere lurt å søke etter ein slanke-buddy! Ved å ha ein (eller fleire) å diskutere med, klage til, oppmuntre og slanke seg i lag med, trur eg det kan vere litt enklare.. Då blir det litt "vansklegare" å sprekke for å seie det slik... Desse fem dagane har i grunnen gått bra dei.. Har klart å halde ca 1600- kcal-inntak og trimma kvar dag... Men er litt småsvolta.. Kanskje det går over..? Kroppen min er jo vant med eit litt høgare kcal-inntak for å seie det slik.... :-)

 

Gode tips og råd, og vink og spark i baken søkast gjennom ein slanke-buddy.. :-) Vil du vere med..? :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vil gjerne være din slanke-buddy! Skal selv ned 12 kg og trenger hjelp til å holde motivasjonen oppe. Startet for ca 2 uker siden, gikk ned 1 kilo første uken. Men i helgen var jeg på sommerfest, en årlig tradisjon. Vi startet kl 12 lørdag formiddag med rømmegrøt(!), så gikk det slag i slag med aktiviteter og sosialt samvær, og masse magepåfyll som kaker, grilling, snop, snacks, brus og rødvin utpå kvelden. Vi fortsatte i dag, og dekket til et overdådig frokostbord på plenen, før det ble pølsegrilling utpå dagen og is til dessert...

Så i kveld er motivasjonen på bånn, hadde det kjempekjekt i helgen, men nå føler jeg meg stappa! Har sannsynligvis lagt på meg dobbelt så mye som jeg har tatt av...

Men nekter å akseptere enda et nederlag når det gjelder vekttap. I morgen er det rett på diett igjen, og jeg SKAL klare minst 7 trimpoeng neste uke!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Samba :-) Så kjekt at du vil vere slanke-buddy!!

Eg kjenner meg godt igjen i det du beskriver... For ein kan jo ikkje akkurat la vere å ha slike kosehelgar i redsel for å gå opp i vekt... Så eg syns at du skal ta helga med god samvittighet - og tenke på kor kjekt det faktisk var - og så halde fram med det du har gjort i morgon når kvardagen kjem igjen... Det må nesten vere slik, elles sprekker ein fort.. Og det er der eg har gått på smellane tidlegare.. Har hatt kjempemotivasjon og sett meg føre at eg skal begynne det "nye og betre livet" - heilt til dag nummer 2 - og eg sprekk og trykker innpå platevis med sjokolade... Nei.. Då må det vere betre og kose seg i helgane - prøve vere bevisst - redusere frå det ein elles ville ete og drukke - og så vere sterk og trimme masse i vekene... :-) Ein måte å gjere det på må kanskje vere å virkelig trene masse i veka i forvegen - spare seg opp litt å gå på.. Så slepp ein kanskje den dårlige samvittigheten og.. :-)

 

Eg skal veie meg på tysdag.. og er kjempespent på kva resultatet viser.. så spent at eg måtte snik-kikke litt i dag... Og det var ikkje det heilt store.. Har dessverre ikkje noko digital vekt - men såg at den dingla mellom to kilo.. Så noken gram må eg nok ha gått ned, men kjenner eg er litt skuffa likevel.. Er nok ei litt for utolmodig sjel... Men om den vise eitt kilo ned på tysdag så blir eg glad!! Trenge eit skikkelig motivasjonspuff om at det går den rette vegen - elles blir nok fristelsen stor for ei stor plate med Melkesjokolade med Kvikk Lunch.. :-/ Men må nok gi det eit par veker fyrst - med iherdig forsøk :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

×
×
  • Opprett ny...