Gå til innhold

Juli-brud 2008


Gjest AneMarte

Anbefalte innlegg

  • Svar 121
  • Created
  • Siste svar
Gjest Huldra81
Jippi! Minus 1' date='5 kilo denne veka! :D Hard jobbing løner seg :cool:[/quote']

 

 

WOW!! Gratulerer med super nedgang!!

 

Heilt einig i at bryllaupsdagen får slanking vere slanking :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Eg går fortsatt på forrige vekes nye meny, eg og kursledaren min fann ut at det var lurt:) Så no håpar eg at det gir resultat framover òg.

No er det under 2 månadar igjen! Det er heilt utruleg kor fort tida går...men det ser verkeleg ut som eg når målet mitt før bryllaupet. Det er 8-9 kilo ned, og no har eg gått ned 5,5. Godt å kjenne på kroppen og sjå sjølv at ein har gått ned. Dei siste vekene har me hatt undervisningsfri for å skrive eksamen, og no når eg møtte klassa igjen såg dei godt at eg hadde slanka meg. Herleg ;)

Denne veka har hittil vore etter planen med trening og eting. I helga skal me til svigerforeldra mine, så då må eg vere standhaftig og kanskje det er lurt å tilby mine tenestar på kjøkenet :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

JIPPI! Ned 1,2 kilo denne veka! No går det verkeleg bra altså. Mat og trening går lett, kiloa renn av, sola skin heile dagen og eg er ferdig med eksamen :(

Helga gjekk fint, maten var sunn og me var på fjellet heile søndagen. I dag tidlig vart det ikkje spinning, hadde ikkje sjans etter gårsdagens fjelltur. Trengde søvn og kvile:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81
JIPPI! Ned 1' date='2 kilo denne veka! No går det verkeleg bra altså. Mat og trening går lett, kiloa renn av, sola skin heile dagen og eg er ferdig med eksamen :(

Helga gjekk fint, maten var sunn og me var på fjellet heile søndagen. I dag tidlig vart det ikkje spinning, hadde ikkje sjans etter gårsdagens fjelltur. Trengde søvn og kvile:)[/quote']

 

Fy flate!! Bøyer meg i støvet for deg AneMarte! Kva type meny var det du gjekk på denne veka?? Lær meg nokre triks :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Kursledaren min meinte at eg burde ete litt likare det eg gjorde før i forhold til mengde for å få i gong forbrennninga (for ei setning...). Så då er eg på meny 2 i forhold til kcalinntak, men eg et fast mat. Frukost: to tynne skiver med 20 g skinke og 20 g leverpostei + litt grønt. 1 glas ekstra lett mjølk, kaffi eller te.

Lunsj: to tynne skiver med 20 g makrell i tomat og 20 g ekstra lett kvitost + litt grønt. 1 glas ekstra lett mjølk. Mellommåltid: 1 lettyoghurt, 2 ss frukostblanding. Middag: 150 g kvitt kjøt/fisk, 150 g potet/naturris og 0,5 dl mager saus + masse grønsaker. Kvelds: to knekkebrød med 20 gram syltetøy. I tillegg et eg 200 kcal frukt kvar dag.

Eg trudde først at det var for lite mat, men det går heilt fint! Eg fordelar maten utover dagen, og frukta hjelpe veldig i løpet av skuledagen.

Eg prøvar å unngå all farsemat og pasta, i alle fall enn så lenge. Det er ikkje meininga at eg skal gå veldig lenge på denne menyen, me får sjå kor det går:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Oj det høyrtes litt lite ut, men fungerar jo tydelegvis veldig bra! hmm.. kanskje eg må prøve å kutte ut brød og pasta i første omgang, men det er jo so godt :(

Kor mange kaloriar forbrenn du ca på ei veke? Det henge vel litt i hop med inntaket?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Eg forbrenn ca 2800 per dag i følgje utrekninga i boka, så eg burde eigentleg ligge på meny 3. Men for å få i gong forbrenninga så prøvar eg denne nye menyen ei stund og ser korleis det går :( Det er absolutt ikkje meininga at eg skal ete slik lenge, skal tilbake mot meny 3 etterkvart.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Ser at eg formulerte meg litt dårleg i siste innlegg. Eg meinte å spørje om kor mykje du ca forbrenn ved trening på ei veke. Slik det er med meg så går eg ikkje ned i vekt om eg trenar mykje ei veke og et litt mindre enn eg skal (1900 kaloriar).

 

Det blei med tanken på å kutte ut brød og pasta. Knekkebrød til lunsj i går - veldig bra, pasta til middag - veldig dårleg. Prøvar på nytt i dag :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Eg forbrenn mellom 3500 og 4000 kcal ved trening på ei veke :( Av og til blir det meir, særleg når det er fint vèr og ein kan gå i fjellet heile helga!

Eg unnar meg pasta maks ein gong i veka, og då blir det fullkornpasta i avgrensa mengd:) Det er jo så godt!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Då har eg gått ned 0,5 kilo til! :) Denne veka er eg i praksis og det er utruleg slitsamt...det er lange dagar og få pausar, så eg må verkeleg planlegge for å få i meg skikkeleg mat og få trent. Men når denne veka er ferdig, er det SOMMARferie!;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest jegvilnedivekt

Hei AneMarte!

 

Vil bare si at jeg er utrolig imponert over innsatsviljen din! Så mye trening! Nå har du motivert meg til ikke å skulke treningen i dag.

Trening er kjempe viktig. Musker veier jo også mere enn fett, så det er ikke bestandig at vekta gir et riktig resultat. Du er også veldig flink til å måle deg.

 

Stå på !

 

 

Hilsen Camilla

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Tusen takk! Kjempefint at eg motiverer andre, eg blir litt stolt og endå meir motivert sjølv:) Apropos måling, eg har mista 10 cm rundt midja sidan eg byrja, herleg! ;)

Lykke til vidare Camilla, stå på du òg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Då var den vanskelege veka endeleg over. Eg stod stille på vekta, og det er heilt greit. Om tre dagar er det ferie! Sidan eg er student som jobbar året rundt elles, har eg tenkt å ta fri mesteparten av sommaren:cool: Difor kan eg berre konsentrere meg om mat og trening (og litt bryllaup) framover. Supert! :)

Forresten, eg vart overraska av forlovaren min i går! Utdrikningslag med andre ord:) Var veldig kjekt, ein skikkeleg super dag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Neida, eg har ikkje gløymt dykk;) Har hatt mykje å gjere, men no har eg ferie!

Utdrikningslaget var kjempekjekt, me var på kanotur, piknik, grilling...men det beste var at ei av venninnene mine kom eins ærend frå Skottland for å vere med! Eg ser ho ikkje ofte, så tårene trilla då ho kom inn døra:)

No har eg nett vore på spinning, ei veke sidan sist så det var på tide! No byrjar det å bli knapt med tid til bryllaupet og eg vil gjerne ha bittelitt slankare armar før dagen er der. Så det er berre å fortsetje opplegget, eg må bli litt nøyare på maten igjen no, merkar at det har sklidd litt ut i ei travel periode. Men no har eg ingen unnskuldningar, eg har god tid! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Forresten, eg har tatt ein sånn In-Body-test igjen, den finn ut alt mogleg om kroppen, forholdet mellom musklar, feitt og skjelett, kor mykje ein må gå ned/opp, kor på kroppen feittet er og så bortetter. Eg tok testen då eg byrja med slankinga i slutten av februar, og då fekk eg resultatet at eg måtte gå ned 18,6 kilo. Då eg tok den igjen no, etter å ha gått ned 7,2 kilo, sa den at eg må gå ned 10,2 kilo til. Så då har eg fått ei litt tyngre idealvekt, dvs at eg har erstatta mykje av feittet med musklar. Herleg å sjå resulatet slik:D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

I dag har eg vore på fjelltur heile dagen! Forbrent 2687 kcal! ;) Deilig! I morgon er siste rapporteringsdag på kurset, no skal eg slanke med på eiga hand framover. Det går sikkert fint:) Eg må jo rappportere her! Det er motivasjon det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Eg tippar du klarar deg kjempe fint utan kurs. Det virkar som om du har god kontroll. I tilfelle det skulle gå på dunken, er eg her for å sparke deg i gang igjen ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Supert Huldra! ;)

Denne veka gjekk eg ned 0,4 kilo og 2,5 cm. Til saman på begge kursa har eg gått ned 7,6 kilo og 42,5 cm (11 av dei rundt midja). Eg er nøgd eg! Nærmar meg halvveges til det endelege målet. Tenk at det faktisk går an å gå ned så mykje!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Denne veka har vore nesten utan trening fordi eg datt og slo beinet mitt på fjelltur. Det går betre for kvar dag, men forventar ikkje akkurat vektnedgang når mandagen kjem...har tenkt å prøve meg på spinning i kveld, må sjekke om det går!

No er det fire veker igjen til bryllaupet og det meste er fiksa. Eg gler meg slik, og detaljane blir eigentleg mindre og mindre viktige. Det som er viktig er at eg giftar meg med min kjære! Så får resten gå som det går;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Eg gjekk ned 0,2 kilo denne veka. Det er greit det, det går i alle fall nedover! ;) Det gjekk heldigvis bra med beinet på spinninga på fredag, og 637 kcal forbrent.

No skal eg ned på senteret og trene! Ny veke, masse trening, rett mat.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

JIPPI! Eg gjekk ned 1,1 kilo denne veka, og er akkurat halvveges! Herlig altså. Eg har trent kvar dag denne veka, spinning, styrke, fjelltur, gåtur. Maten har eg vore streng med, og dette har altså gitt resultat. No skal eg kjøpe ny mobiltelefon! Det var premien for å nå minus 8,9 kilo:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...