Gå til innhold

Juli-brud 2008


Gjest AneMarte

Anbefalte innlegg

Gjest AneMarte

No har eg komt heim frå ein liten ferietur. Det er vanskeleg med mat og trening når ein ikkje er heime, men no er eg tilbake og skal klare å gå ned 1 kilo til før bryllaupet. Det er ei og ei halv veke igjen no! Gler meg! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 121
  • Created
  • Siste svar
Gjest Huldra81

Er det kun 1 1/2 veke igjen til bryllaupet no? Ojojoj så spennande!! Tenkte ikkje over at det var så kort tid igjen. Har dokke alt under kontroll? Du har jo vore så flink at eg er heilt sikker på at du blir heilt nydeleg i kjolen din.

 

Håpar du kjem innom i etterkant av bryllaupet og fortel korleis det er å vere fru :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Me har sånn nokonlunde kontroll:) Me må ta med alt som er vårt samme kvelden, drikke og gåver og slikt, og eg synes det er litt vanskeleg å be folk om å rydde for oss...men eg synes brudeparet skal få sleppe! :) Det går sikkert fint altså, må berre få spurt nokon om det. Heldigvis så skal cateringselskapet stå for rydding og vasking av lokalet. Elles så har me rekna ut at me har nok pengar, så det er fint! Det blir alltid meir enn ein reknar med, men trur me har fått med alt i budsjettet no. Eg skal sette i gong og lage program over vigselen før eg tek meg ein sykkeltur ned på treningssenteret og trenar styrke.

Forresten, langtidsvarselet viser at det blir 13 mm nedbør den 19. juli, men det kan fort endre seg:)

Det er skikkeleg rart at det berre er litt over ei veke igjen...det har liksom alltid vore lenge til. Eg skal nok stikke innom sida her og fortelje korleis alt har gått! :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Forresten' date=' langtidsvarselet viser at det blir 13 mm nedbør den 19. juli, men det kan fort endre seg:)

Det er skikkeleg rart at det berre er litt over ei veke igjen...det har liksom alltid vore lenge til. Eg skal nok stikke innom sida her og fortelje korleis alt har gått! :P[/quote']

 

Eg skal krysse fingrane for at det i det minste blir opphald 19.juli :) Dokke skulle vel ha ute-bryllaup så vidt eg hugsa? Det blir spennande altso. Eg og lever i den tru at det er leeeenge til vårt bryllaup og.

 

Tenk, om ei god veke er du ei gift kvinne :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Tusen takk! :P Det blir ute viss det blir opphald, inne viss det regnar. Så me har sikra oss! Og kryssa fingrar hjelpe nok også!! :) jepp, gift kvinne. Herlig!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Skal du halde tale AneMarte? Eg drive no å fikla med noko filmgreier her, men veit ikkje om eg berre skal satse på å lage song. Torer ikkje å halde tale.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Ja, eg skal halde tale! Har nettopp øvd for forlovaren min og ho vart rørt, så då trur eg det går fint:) Eg er vant til å stå framfor folk og snakke, det er difor eg tør;) Forstår godt at du synest det er skremande å skulle halde tale, men er du sikker på at du ikkje vil? Eg klarer ikkje å lage song, så du er heldig viss du kan det! Det er jo skikkeleg fint med ein sjølvlaga song:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Du er jammen tøff :) Eg skulle nok klart å halde tale til ein vilt framand person, men eg er så lettrørt at eg fryktar at eg ikkje kjem til å få fram eit ord. Derfor "pinglar" eg ut med enten ein heimelaga song eller filmsnutt. Sjølv om eg godt kunne tenkt meg å skreve ein skikkeleg tale.

 

Har svirra rundt å høyrt på forskjellege bryllaupsvalsar no. Har du nokon tips her?

Tenkje kanskje engelsk vals er det beste?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Ikkje lett å skulle halde tale med klump i halsen nei!

Me skal ikkje danse vals, men me skal danse. Det er ein song av Bruce Springsteen, "Happy", som betyr mykje for oss. Så då skal me "klinedanse" til den tjihi:D

Me har trykt opp teksten i songheftet, så kan gjestane lese og forstå kvifor me har valgt å danse til den.

Engelsk vals høyres flott ut. Det er ikkje så vanskeleg å lære, viss ein har litt rytmekjensle:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Då er det knappe to dagar att. Eg har gått ned 300 gram, og det er ikkje så verst sånn i innspurten synes eg! Så då klarte eg å gå ned 9,2 kilo før bryllaupet. Det er 1,2 kilo meir enn målet, supert! :)

Eg gler meg slik til laurdag, og håpar alt går bra! Det er rart, det kjennes så fjernt sjølv om det er nærare enn nokon gong. Trur ikkje eg fattar det før eg står der i kjolen! I morgon blir ein ganske travel dag trur eg. Håpar verkeleg å få trent litt, for då koplar eg av og stressar mindre. Endorfinane strøymer gjennom kroppen etter trening, og eg løyser alle problem utan stress! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Då er dagen her! Eg sit i stua og prøvar å slappe litt av. Skal ta ein dusj før eg hentar brudebuketten og dreg til frisøren. No høyrer eg at nokon (sikkert mor mi, dei er på besøk) har tatt dusjen...jaja, ho skundar seg forhåpentlegvis. For eg må fare om mindre enn ein time. Må innom ein skobutikk og, litt seint ute, men det går vel bra. Eg treng noko som gjer slik at skoen glipp mindre på hælen. Å, eg håpar biolaen kan roe ned magen min! No mjauar katten og vil ut.

Eg kjem tilbake og skriv om dagen om ei stund, men me er vekkreist komande tida. Lykke til med slanking og bryllaup alle saman! Me snakkast:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...
Gjest AneMarte

No er eg gift! Dagen var perfekt, rett og slett:D No ventar eg i spenning på bileta, håpar å få dei i helga.

Me har vore på herleg bryllaupstur på hytta, strålande sol kvar dag. Betre enn syden;)

Hm...kva skal eg seie om bryllaupet då? Eg var skikkeleg spent heile dagen, var ikkje lett å ete noko! Men eg fekk i meg litt så eg holdt kroppen gåande. Eg vart pynta hjå forlovaren min, tok mange timar og eg vart veldig fin:)

Det regna då eg kom til huset der alt skulle skje, så vigselen måtte vere inne. Men det trur eg var det absolutt beste, for då vart det så intimt og koseleg og nært.

Då eg skulle ut av bilen freste eg til sjåføren (som eg kjenner godt) at han måtte inn og forsikre seg om at alt var i orden og at brudgomen holdt seg langt vekke frå vindauge og dør! Så gjekk eg inn i gangen og venta på at alle skulle kome seg inn i rommet der vigselen skulle foregå. Så kika vennina mi ut og spurte om eg var klar, eg svara ja, og så byrja svigerfaren min å spele den nydelegaste bruremarsjen på trekkspel. Eg pusta og telte inni meg, så byrja eg å gå.

Då eg kom inn i rommet så såg eg alle eg er glad i, og så såg eg min elskede skatt. Han var så fin, og då trur eg at eg sveva litt over golvet...heilt merkeleg. Tårene trilla.

Seremonien var kjempeflott, høgtideleg og personleg. Etter vigselen var det ut og ta bilete, regnet hadde slutta og det var svalt og godt ute. Kjempebra, for eg var så uroleg for at det skulle bli varmt den dagen, men det vart heldigvis berre 18 grader. Flaks altså!

Så gjekk det slag i slag med middag og talar, kaffi og kaker. Alle gjestane smilte og kosa seg, det var skikkelg fint å sjå.

No driv me og kartlegg alle gåvene, og eit nytt skap er kjøpt inn. Det er berre heilt utruleg kor gåvmilde folk har vore! Blir nesten litt satt ut.

Så då er det snart tilbake til kvardagen, eg har fortsatt ein del kilo å gå ned, men det skal gå bra! Eg må vel finne meg ein annan tråd å skrive på då, men eg skal følgje med på alle dykk komande brurer! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer så mye som fru :)

Kribla i magen når jeg leste om følelsen din når brudemarsjen startet :) Gleder meg sååååååå til neste år, når det er jeg som skal puste dypt inn når jeg hører brudemarsjen fylle lokalet :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 month later...

Heihei! Eg er her, men ikkje så aktiv...vekta har dessverre gått opp to kilo no, så eg må berre kome i gong igjen!!!! Eg har vore sjuk i to veker, så gler meg veldig til å trene! Det er så mykje lettare å klare å ete rett når ein får rørt på seg og:)

Korleis går det med deg då Huldra?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjekt å sjå at du er innom av og til. Eg kjenner meg godt igjen i det du skriv gitt.. har gått opp vel 1 kg, og må komme i gang igjen før alle hemningar brist! Sjølv om vi har ei bryllaupsreise som ikkje er så langt unna, er det vanskeleg å motivere seg til å gå på trening. Har kun blitt eit par turar etter bryllaupet og det er alt for slapt.

Trur eg skal opprette meg ein link på eit anna forum. Kan vel ikkje kalle meg brud med gifteplanar lenger ;)

 

Har du skfita namn etter bryllaupet? Eg er so i tvil om kva eg skal gjere og kva eg vil! hmm.. prøvar å finne for- og mot argument. Har du nokon gode?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jepp, eg og må visst finne ein ny link:)

Eg har teke namnet til mannen min ja. Eg gjorde det etter mykje grunning og fram og tilbake, men eg kjenner at det er det eg vil. Det skal faktisk litt mot til for å ta namnet til mannen i desse dagar, det er kvinneundertrykkjande og greier. Vilt framande (som veterinæren eg var hos i dag) spør meg kvifor han ikkje tok mitt namn og kvifor eg ville bytte og slikt. Då blir eg sjølvsagt litt provosert, kanskje litt fordi det er mi privatsak, og litt fordi eg er einig i at det ikkje skal vere automatikk i at kvinna tek mannen sitt namn. Og så føler eg at eg må forsvare valet mitt, men det skal eg no ikkje vere nøydd til!!

Eg trur du veit det inni deg om du verkeleg vil ha namnet til mannen din. Viss de får born, kva skal dei heite? For min del er det viktig at min familie har det same etternamnet. Mitt gamle etternamn (no mellomnamnet mitt) er så kronglete og sært at det berre er ein lettelse å sleppe å stave det heile tida. Men eg hadde ikkje sjans til å kvitte meg med det, eg må heite det elles mistar eg litt av identiteten min. No er eg kjempenøgd med heile det nye namnet mitt:)

Eg og mannen min drøfta om han skulle ta mitt og, slik at me hadde hatt same mellom- og etternamn, men me fann ut at det ikkje passa. Så me enda opp med den tradisjonelle, til dels utskjelde varianten, at eg tok hans namn.

Det er mange alternativ, ein kan lage anagram av kvinna og mannen sine etternamn og slik få eit nytt, felles namn, eller ein kan velje eit gamalt slektsnamn eller eit heilt nytt namn. Slik blir det ingen som må ta den andre sitt namn, ingen namn "vinn" over det andre.

Du får kjenne etter kva du eigentleg har lyst til, skriv ned alternativa og sjå kva du synes er finast, kva som kling best. Lykke til! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har heldigvis litt tid å tenke meg om på, sidan vi har bestilt billettar til bryllaupsreisa for lenge sidan. Vi har bestemt oss for å vente med eventuelle namneendringar til etter denne reisa, så slepp vi nye pass og endring av billettar.

 

Eg har oppretta ny tråd under "Motiver meg!" og "Operasjon-normalvektig-siste-del". Kjekt om vi "sjåast" igjen der eller andre plassar her "inne".

 

Huldra

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...