Gå til innhold

Operasjon minst mogleg vektoppgang på 9 mnd!


Gjest Huldra81

Anbefalte innlegg

Hei Huldra! Eg kikar innom veit du :) No er eg 37+3 veker på veg, termin 12. desember. Når det gjeld vekta så har den ikkje akkurat lagt lavt i det siste...men eg trøystar meg med at det er mykje vatn. Det er trass alt lettare å bli kvitt! Og heldigvis er jordmora mi veldig grei å ha med å gjere, og stressar ikkje med vekta mi. Trur ho skjønar at eg gjer så godt eg kan...og så er det lett å sjå at det er vatn og ikkje så mykje feitt!

Men no gler me oss sånn til å få helse på den vesle jenta vår! Ho har snudd seg og alt er på stell, så no er det berre å vente. Heldigvis har eg gått ut i permisjon no (og ganske stolt av at eg har jobba 100% heile tida :D), blodtrykket er visst litt høgt og eg er ganske sliten. Så no er det å rusle tur, slappe av og strikke, strikke, strikke i godstolen! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 254
  • Created
  • Siste svar

Ane Marte!

Det nærmar seg verkeleg for dokke no! Det er iallefall det mest utrulege eg har opplevd, og eg lurer framleis på korleis denne skjønne skapningen kan ha blitt til inne i min mage :) No er vesle Huldra blitt 4 mnd og vi stor kosar oss. Du og mannen har verkeleg noko å sjå fram til. Det kan vel i grunn skje kortid som helst!

Det er i allefall ikkje noko å stresse med vekta etter. Mine kg frå svangerskapet raste av med ein gong, men ammekg derimot.......................................... say no more. Sjokoholikar er synonymt med meg :mad:

Heldig du som klarte å jobbe heilt ut. Eg hadde og vore stolt om eg hadde klart det.

 

Masse lukke til med fødsel og barseltid :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

No har vesla komt til verda! 4. desember klokka 02.27 vart ho fødd. Ho er heilt fantastisk! No har me klart å få til amminga betre også, og ho er ein riktig kosegris :D Eg er trøtt og sliten, men lukkeleg. Når det gjeld vekta så har eg gått ned 17 (!) kilo på seks dagae og har att berre seks kilo til vekta før graviditeten. Det var frykteleg mykje vatn i kroppen min med andre ord! Godt å bli lettare i kroppen att altså.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 weeks later...
Gjest Huldra81

Gratulerer so mykje med vesle jenta AneMarte!! Håpar de nyt tida og slappar av i lag med vesle gullet.

 

Klem frå Huldra!

 

No har vesla komt til verda! 4. desember klokka 02.27 vart ho fødd. Ho er heilt fantastisk! No har me klart å få til amminga betre også' date=' og ho er ein riktig kosegris :D Eg er trøtt og sliten, men lukkeleg. Når det gjeld vekta så har eg gått ned 17 (!) kilo på seks dagae og har att berre seks kilo til vekta før graviditeten. Det var frykteleg mykje vatn i kroppen min med andre ord! Godt å bli lettare i kroppen att altså.[/quote']
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...