Gå til innhold

Operasjon minst mogleg vektoppgang på 9 mnd!


Gjest Huldra81

Anbefalte innlegg

Gjest Victoria82

Uff ser ut til at du trenger en god bedringsklem:)

Synes at du er flink til å trene jeg selv om du ikke mener at du får gjort nok. Du kommer deg i alle fall mer ut enn det jeg gjør:)

Vi har jo termin rundt samme tid, så det skal bli morro å kunne følge hverandre etter fødselen og. Er jo først da vi kan sette fokus på vekten på "virkelig" igjen:D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 254
  • Created
  • Siste svar
Gjest Huldra81

Takk for det. Har hatt 1 1/2 bra dag no, so kryssar alt eg har for at det helde fram slik. Jordmor ville ha meg inn til ein ekstra sjekk sidan eg har vore so dårleg. Utruleg kjedeleg at det er slik, for utanom dette er eg i fin fin form.

 

I går blei eg invitert med på gåtur av ei venninne i ukjent terreng. Kjekt å gå nye plassar. Vi gjekk ein dryg time i pissregn, hagl og snø. Fins ikkje dårleg veir nei... :D I dag har eg ein anna gå avtale, men også eit møte etter arbeidstid så eg får sjå kva eg rekk. Må passe på å få kvilen min ellers er eg redd alt blir gale igjen.

 

Eg er grådig spent på korleis vekta utviklar seg no dei siste mnd og korleis kroppen min kjem til å reagere på amming. Håpar vi er i den heldige gruppa som rasar ned i vekt ved amming Victoria :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det blei gåtur på onsdag, ca ein time. I går var eg i basseng, og svømte 1000 meter - herleg :) Syns det er heilt fantastisk å symje eigentleg, men det har blitt litt for lite av det i det siste.

 

I dag skal eg og mannen ut å sjå på barnevogn m.m. Om vi finn noko vi likar, får vi ha det ståande på lager til babisen er vel ute. Eg har ikkje spesielt lyst til å gå å sjå på barnevogn heime i 3 mnd før eg har brukaren i hendene :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Victoria82

Vi har hatt vognen stående siden begynnelsen av februar:D Men den har vært plassert i boden, så har ikke "sett" så mye på den. Men har nå begynt å få på plass seng, vippestol og liknende. Så det er aldri for tidlig hahahhahahahahaha

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går pakket jeg ut de første eskene med babyklær fra tidligere :D Måtte finne plass til noen andre pappesker i kottet og tenkte det kunne være greit å bytte rundt, koselig å kjenne igjen det de to andre prinsessene har brukt :) Kjøpte ny stellekommode da vi nå har større bad og har plass til det. Før hadde vi vegghengt og separat kommode utenfor, men vil ikke bore i veggen på de nye flisene så det er byttet ut denne gang. Vogn og annet utstyr bruker vi det samme som før, men har vasket trekkene allerede.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Oj, dokke har jammen kontroll på tinga Koala og Victoria! Eg har utsett alt som heiter innkjøp og klargjering lengst mogleg. Vi klarte å finne ei vogn vi likte (sjølv om vi ikkje har peiling på kva vi treng), også bestilte vi bilstol. Ellers er det like tomt som tidlegare. Trur heller ikkje eg kjem til å kjøpe inn meir før juni nærmar seg slutten. Goooood tid, og butikkane er der etter fødselen òg :D

 

Veging i dag, og vekta viste status q sidan sist veke. Total vektoppgang i veke 29+4 er 7,2 kg.

 

Formen er svært varierande. Har nokre dagar som er heilt supre, medan eg heng over doskåla andre dagar. Jordmor ville ha meg inn til ekstra sjekk i morgon, sjølv om det berre er to veker sidan eg var der sist gong.

I dag er planen å gå ein laaang tur med mannen :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg var nok litt mer som deg Huldra. Hadde veldig lite klart tidlig...

Hvilken vogn ble det?

Jeg driver og prøver å overtale mannen til å selge sportsvogna vår, har lyst på ny når snuppa skal over i sportsvogn. Men han synes selvfølgelig det er bortkasta penger...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Hehe.. kjekt å ha nye ting :) Mannen min kunne kjøpt seg nye fotballsko kvar månad han om det hadde passa, men forstår ikkje kvifor eg ikkje vil arve ALLE kle til babisen...

 

Syns det blir for tidleg å ha alt ting klart no allereie, men forstår at det kan vere praktisk og. Vi kjøpte duo vogn i Emma-ettelleranna. Virkar solid og grei :)

Skal til jordmor idag og diskutere formen. Kryssar fingrane for at eg framleis får lov til å gå på jobb.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sportsvogna var ny til storebror, bare jeg som ikke er helt fornøyd med den. Jeg har så lange bein at jeg sparker i vogna når jeg går. Derfor er det veldig greit å være tilbake til simo-vogna nå som vi har baby igjen.

 

Tror Emmaljunga-vogna er veldig bra. De som har den er hvertfall godt fornøyd.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er utrolig irriterende å gå borti vogna når en vil lange ut! Selg den nesten nye vogna til noen som er litt kortere i beina og vent til en ny kommer på tilbud, de gjør jo alltid det, så er det ikke sikkert det koster så mange kronene :) Jeg gjorde det med den gamle senga. Hadde en brukt, lite pen sprinkelseng vi hadde fått til førstemann, solgte den for 500kr+et bilsete for 300kr og når "min" seng ble satt ned fra 2200 til 1200kr kjøpte jeg den og fortalte det til Mannen etterpå...PS. Spør om mannen din kunne tenke seg å kjøre i en bil hvor beina var for lange slik at han ble sittende med knea under haken... Er omtrent like ille etter min mening :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Pav; eg har ikkje peiling på vogner dessverre. Trur den vogna vi kjøpte er perfekt til mannen sidan det er teleskop handtak på den. Han er nærmare 2 meter lang og då blir det fort til at vogna blir for lita og handtaket veldig kort.

 

Jordmora var litt usikker på veksten (fekk ikkje med meg om det var meg eller babisen ho meinte), så eg skal inn til ny kontroll om 14 dagar. Babisen føl kurva si, så kan ikkje skjønne at den ikkje skal ha det bra og vekse fint. Låg med hovudet ned, men kunne endå snu seg om den ville det :)

 

Fekk meg ein lang gå tur i går med ei venninne på ein drøy time. I dag håpar eg å komme meg opp skogsvegen, men får sjå an formen. Har holdt på maten i 2 heile dagar no, så det er framgong :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det blei ikkje tur opp skogsvegen i går, men ein gåtur på flatmark på ca ein dryg time. Greitt nok. I dag har eg gåavtale med ei venninne. Nydeleg veir på vestlandet i dag. Kryssar fingrane for at det varer til etter arbeidstid :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det blei gåtur i går kveld òg, so no er eg oppe i 4 på rad!! Wow! I kveld skal eg kvile trur eg. Kjenner at eg treng det. Hadde møte med doskåla igjen i går kveld. Jaja.. vekta er veldig stabil i det minste :)

 

Nyte sola og varmen enn så lenge!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Victoria82

Hehe... her ble det kjøpt inn ting tidlig pga at jeg har vært så dårlig under svangerskapet og jeg ikke orket å både være dårlig og stor, varm og stresset når jeg skulle rundt å se i butikker...

 

Og så har vi selvfølgelig fått noe klær fra venner som gjerne vil få det ut av huset selv... Fikk nettopp en telefon fra svigerinne om jeg ville ha noen barneleker:D Vi takket ja, selvfølgelig også fordi vi ikke har noe som tantebarna mine kan leke med heller.. Ikke barnevennlig hus med andre ord:D

 

Ellers får du/dere ha en fin 17 mai. Jeg håper på å slippe det meste av "feiringen". Hadde jeg kunnet så hadde jeg nok reist bort i stedet for å stresse:D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Eg hadde ein flott 17.mai, og fekk meg ein laaaaaaaaaaang tur i toget. Vi hadde ikkje tenkt å gå i tog, men slengte oss med sidan det sikkert ikkje skulle gå så langt, men der tok vi skrekkeleg feil!!! Det var jo reine trimturen i høgt tempo og oppoverbakkar. Toget blei lenger og lenger, og mange snudde :) Veiret gjorde nok sitt til at folk blei utsletne tidlegare enn vanleg. Eg gjekk heile runda på 4-5 km i høghelte sko, og sit no med blemmer og gnagsår på begge beina. Intelligent å gå med slike sko utan strømper på.... :D

 

Vekta blei målt i dag sidan vi var med svigers i går. 200 gram opp siste veka, og det betyr ein oppgang på totalt 7,4 kg i veke 30+5. Trur eg er fornøgd med vektutviklinga så langt. Formen varierar frå super duper, til skikkeleg dårleg i forhold til oppkast. Trur eg held meg inne å pleiar vannblemmene mine i dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Formen er stadig like dårleg. Har hatt ei travel veke på jobb, så det kan kanskje komme pga det ?!?! No er det uansett lang helg, og eg skal nyte å sove lenge og ofte :) Har vore på gåtur idag, ein god time. Godt å få prata litt med andre som ikkje berre stirrar på magen HEILE tida!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Deilig med nokre dagar fri. Det har ikkje blitt mykje trim desse to dagane, men planen er å komme meg ut på ein tur seinare i dag. Har styra ein del i hus og hage, so har no fått rørt litt på skrotten :) Formen er framleis ikkje noko å skryte over, og snikveging på vekta viser nedgang. Det gjenstår å sjå korleis det ser ut søndag, men om eg klarar å halde på litt av maten i helga går nok vekta opp igjen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Då var det tid for vekt registrering. Formen dei to siste dagane har vore mykje betre, og eg har klart å halde på maten (heldigvis). Vekta har gått litt opp igjen frå snikveginga tidlegare i veka, men eg enda likevel ned 300 gram frå sist veke.

Total vektoppgang på 7,1 kg i veke 31+4.

 

I dag har eg vore på ein lang søndagstur med kjæresten, men det var i eit labert tempo. Deilig med friskluft i allefall :)

 

I morgon skal eg til jordmor (igjen), og sjekke veksten til den vesle i magen. Håpar den går opp etter skjemaet :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Jordmora var fornøgd med utviklinga til babisen, men eg skal likevel inn til ny sjekk om 14 dagar.

 

Mandag blei det ingen trim, men tysdag hadde eg meg ein god tur på ein dryg time med ei venninne. I går blei det ein tur på litt mindre enn ein time, og tempoet var lågare, men eg er fornøgd med at eg kom meg ut. Ein kan trygt sei at det har regna her denne veka!!

Eg håpar motivasjonen til å arbeide i hagen kjem med sola i dag :)

Ellers er eg ikkje flink med maten for tida. Har fått ein likgyldig holdning til kva eg stappar i meg. Ikkje bra. Om eg er så heldig at eg sluttar å kaste opp snart, vil vekta eksplodere! Skjerpings - for eg vil jo gjerne slutte å spy!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Tenk, no er det ikkje lenge att til babyen er ute Huldra! Spanande altså :) Eg blir ferdig med veke 12 i morgon, og forma er ganske ustabil. I går hadde eg eksamen, og det gjekk faktisk bra! Kasta opp før eg kom inn, så då var det gjort liksom :)

Elles så er vekta mi den samme som før graviditeten. Eg gjekk ned tre kilo med ein gong, og no har dei komt på att. Men det var berre vatn, så det har ikkje så mykje å seie. På første sjekk sa ikkje legen noko om vekta mi i det heile, berre at BMIen min var på 26, eitt eller anna. Puh!

 

Når eg er så dårleg er det umogleg å ete skikkeleg, det blir veldig mykje frukt og lite middag. Tenkjer at det får berre vere med heile vekta så lenge eg er dårleg. Prøvar å gå litt tur, men det er absolutt ikkje treningstempo! Eg håpar inderleg at eg er heldigare enn deg når det gjeld forma, og at kvalmen gir seg snart...

 

Må berre igjen seie at eg er kjempeimponert over innsatsen din!! Du er fantastisk flink!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest nrtre090909
Kanskje jeg bare skulle legge vogna ut på finn uten og si noe...hehe...rett og slett ikke dumt...

Noen som har noen anbefalinger på god sportsvogn?

 

Hei jeg har en tfk joggevogn med store hjul den kan jeg laaange ut med. Det dumme er et sportsdelen står med trille retningen. Det skal komme en ny baby bag til den som kan brukes fram til 18 mnd og da kan baby sitte i den på slutten med ansiktet mot mamma.

Jeg vil ha en sån bag, de skulle komme i mai men kommer nå ikke til norge før september grrrrr. Da kommer jo babyen min også så da spørs det om jeg har is i magen til å vente... Skal sjekke om jeg kan bestille på net men jeg liker nå best å se det live først. Vognen er tysk produsert og av god kvalitet med masse dille dall ekstra utstyr til

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Gratulerer med passerte 12 veker AneMarte! Kjedeleg å høyre at du er dårleg, men for dei aller fleste skal kvalmen gje seg rundt veke 14-15. Det var iallefall det dei sa til meg :) Ein lære seg fort at ein må ete det ein har lyst på, når og om den lysta dukkar opp, ellers blir det lite inn. Kryssar fingrane for at du er heldig og slepp unna oppkast snart.

 

Eg klarar ikkje heilt å sjå føre meg at det ikkje er meir enn 7 veker + før babisen er her. Vi har jo nesten ikkje ordna noko! Akk ja.. trøstar meg med at butikkane faktisk er opne etter fødselen òg sjølv om det hadde vore greitt å fått orden på tinga innan den tid.

 

Ellers kan eg "trøste" deg med at gåtempoet berre kjem til å bli seinare og seinare til lenger ut i svangerskapet du kjem. Eg er kome ned på spasertempo og er såre fornøgd med at eg kjem meg ut av sofaen :)

 

Ps takk for skryt, men eg kunne nok vore flinkare med både mat og trening. Men skitt la gå, eg har ikkje planar om å vere gravid so veldig mange gongane :)

 

Tenk' date=' no er det ikkje lenge att til babyen er ute Huldra! Spanande altså :) Eg blir ferdig med veke 12 i morgon, og forma er ganske ustabil. I går hadde eg eksamen, og det gjekk faktisk bra! Kasta opp før eg kom inn, så då var det gjort liksom :)

Elles så er vekta mi den samme som før graviditeten. Eg gjekk ned tre kilo med ein gong, og no har dei komt på att. Men det var berre vatn, så det har ikkje så mykje å seie. På første sjekk sa ikkje legen noko om vekta mi i det heile, berre at BMIen min var på 26, eitt eller anna. Puh!

 

Når eg er så dårleg er det umogleg å ete skikkeleg, det blir veldig mykje frukt og lite middag. Tenkjer at det får berre vere med heile vekta så lenge eg er dårleg. Prøvar å gå litt tur, men det er absolutt ikkje treningstempo! Eg håpar inderleg at eg er heldigare enn deg når det gjeld forma, og at kvalmen gir seg snart...

 

Må berre igjen seie at eg er kjempeimponert over innsatsen din!! Du er fantastisk flink![/quote']

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Ny vegedag i går, og vekta viste nøyaktig det same som sist søndag. Eg lurer på om dette kan vere litt misvisande sidan eg var veldig sein med veginga i går. Vi sov leeeenge og eg vog meg då på svært tom mage. Det einaste som skjer er at eg går opp mykje neste veke :) So då er statusen som følgjer: total vektoppgang i veke 32+4 er på 7,1 kg.

 

Merkar det på beina og fingrane at det er varmt ute. Blir fort stinn, og må passe på å ha beina opp når eg set meg ned. Prøvar å drikke mykje vatn, og bevege meg jamleg. Tenkte gå meg ein tur seinare når mannen er på trening. Har som mål å gå minimum 3 turar denne veka på ca ein time.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...