Gå til innhold

Operasjon minst mogleg vektoppgang på 9 mnd!


Gjest Huldra81

Anbefalte innlegg

Merker også stinnheten av heten :) Lagde meg iste, deilig avkjølende og vanndrivende i tillegg til alt vannet. Brukte vel 5 teposer til 1,5 liters mugge, kokende 0,5l vann trekker i 5-6min og hadde i 8-10 suketter (liker teen søt :) ) Så fylte jeg på med kaldt vann og satte inn i kjøleskapet. En slik mugge har jeg i 2 dager.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 254
  • Created
  • Siste svar
Gjest Huldra81

Ahh.. det høyrtes godt ut Koala :)

Skal vere flink å lage meg smoothie òg no frammover. Det er friskt og godt, og det viser seg at magen min godtar det ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Oppdatering på mosjonsfronten:

Laurdag var det vedkløyving på programmet. Vi holdt på heile dagen frå kl 10-20. Ikkje so veldig tungt arbeid, men er i litt aktivitet heile tida.

Mandag gjekk eg meg ein kjapp tur på 50 min. Var sveitt når eg kom heim igjen, og det er det lenge sidan eg har vore.

Onsdag (i går) gjekk eg lang tur med ei venninne. Det enda med at vi blei jaga av kyr, og gravide meg måtte legge på sprang for å komme unna. Må sei at eg var heilt pest etter den ufrivillege sprinten, og heiv etter pusten. Vi kom oss unna, men jammen var det litt skummelt ;)

I dag skal eg enten i bassenget eller gå opp skogsvegen. BASTA :)

 

Snikveging viser at vekta har stø kurs oppover igjen. Kjenner godt at kroppen er som ein svamp etter vatn!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det blei drøye 1000 meter i bassenget torsdag, men ingen trim i går. I dag skal huset vaskast og hagen flikkast på ;)

I følgje snikveging kan eg vente meg ein solid opptur (?) på vekta i morgon. Kjedeleg, men den måtte jo komme. Får komme tilbake til kor stor den vert i morgon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Sløve meg har ikkje registrert vekta her denne veka! Det blei oppover på vekta, heile 900 gram faktisk. Total vektoppgang er no 8,0 kg i veke 33+4. Merkar framleis at eg binde mykje vatn, men eg reknar med vektoppgangen er reell. Har vore heilt ram på sjokoladen og alt det søte den siste veka, og har faktisk berre kasta opp to av sju dagar (kryss i taket). Kanskje kroppen min skal hente inn igjen alt det tapte no dei siste vekene :o

 

Har vore flink å mosjonere denne veka, og har faktisk tre turar på tre dagar. Mandag blei det ein drøy times tur, tysdag ein drøy times tur med ei venninne, og i dag hadde eg ein knapp times tur med ei anna venninne. Hovnar veldig opp i fingrar og bein medan eg går, men det går som regel tilbake når eg får sett meg ned. Fleire som merkar vatnet i kroppen når dokke er i aktivitet?

 

Eg er begynt å føle meg diger, sjølv om folk flest kommenterar at eg er liten. I og med at eg ikkje var sylfide frå før ser eg kanskje slankare ut no med stor mage enn før? Det bryr meg i grunn ikkje kva folk meinar, og det er heilt greitt for meg at eg ikkje ser diiiger ut :) Det einaste eg ser sjølv er at ansiktet mitt har endra seg. Dobbelthaka er begynt å komme fram igjen :) Eg får prøve å halde på målet om tre trimturar i veka. Klarar eg det skal eg seie meg nøgd med aktiviteten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Endeleg helg!! Denne veka har eg sett veldig fram til helga. Er litt umotivert på jobb når det no kun er tre veker igjen, og vikaren er på plass.

 

Ingen trim torsdag men til gjengjeld MYKJE smågodt ;) (fy skam). I dag har eg og mannen vore på luftetur, ein tur på ca 50 minutt. Heilt ok. Trur ikkje det blir mykje trim i helga, men skal jalfal passe på å ete minimum 5 om dagen :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Dette går rett åt skogen!!! Vegedag i går, og vekta viste 1,3 kg opp!!!!!!! Korleis er det mogleg? Sist veke gjekk eg relativt gode trimturar 4 dagar, ikkje noko meir utskeiingar enn "vanleg", i tillegg til at eg kasta opp 2 dagar. Hmpf.. dette er ikkje bra. Total vektoppgang er no på 9,3 kg i veke 34+4.

Tvilar liksom på at babisen har lagt på seg 1,3 kg på ei veke ;)

 

Akk ja.. ny veke nye moglegheiter. Er begynt å kjenne i at det blir tyngre for ryggen, så eg trur ikkje eg skal planlegge noko meir enn 3 turar denne veka.

Skal passe godt på kva eg puttar inn i sluket. Har lite lyst å sjå over eitt kg opp neste veke òg...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan jeg få slenge meg på her???? er 8-9 veker(forrsatt litt tidli ennå) med nr 3..Og vektoppgangen har allerede meldt seg:(

Føler meg fyllesyk hver dag,men har kjempe matlyst!!!Ganske så frustrerende.

Begynner å bli litt bedre,så håper det skal vær lettere å spise sunt fremover..

Må veiie meg i mårgen for å legge inn start vekt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Sleng deg med Sbs, berre kjekt det :D

 

Fekk meg ein lang gå-tur i går med ei venninne, men eg ser på tida at vi har slakka litt av sidan tidleg i vår. Kanskje naturleg det når den eine er blitt høg gravid ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Tysdag vart det hagearbeid, og derfor ingen trimtur. I går var eg på gåtur med ei venninne, men klarte ikkje gå på i det heile!! Det knytte seg skikkeleg i magen, og det var nesten so eg måtte stoppe opp til det gjekk over :cool: Håpar det er forbiågande og at eg kan klare å gå turar eit par veker til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Lite med trim denne veka (kun to turar og litt hagearbeid). Eg og mannen har vore på weekend-tur til storbyen denne helga, så det blei no ein del trakking i butikkar og diverse. I tillegg blei det god mat, og litt mykje snop. Sidan eg har vore på tur fekk eg ikkje vegt meg i dag, men reknar med vekta har gått opp med godt over eit kg. Ledda er stive og fulle i vatn, og eg føler meg posete. Hurra :P

 

Vektarapport kjem i morgon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Som eg trudde blei det ein kraftig oppgang på vekta denne veka og. Arrrgghhh :mad:

 

Opp 1,1 kg frå sist veke og den totale vektoppgangen er no 10,4 kg i veke 35+5.

Ringane er komt i smykkeskrinet, skona er plassert på hylla og rennande kaldt vatn over beina er redninga. Med andre ord; eg er FULL i vatn :)

 

Takk og lov for at det "berre" er 5 veker igjen (inkl. ei veke overtid :P )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Då var eg blitt 100% sjukmeldt. Var på kontroll til jordmor på mandag og då var det eggekvite i urinen, høgt blodtrykk og mykje vatn i kroppen. Blei sendt på sjukehus i går for å sjekke ut om det var svangerskapsforgiftning. Fekk heldigvis lov til å reise heim igjen etter ein mengde testar, med den føresetnad at eg må sitte med beina høgt resten. HURRA :) Truande svangerskapsforgiftning er visst òg noko som heiter. Så eg skal på ny sjekk på sjukehuset i slutten av veka.

 

Heldigvis hadde eg berre 1,5 veke igjen å jobbe, så det er ikkje gale, men eg føler meg jo i fin form og kunne godt tenkt meg å jobba heilt ut. Men eg forsto kjapt at det ikkje var rom for diskusjon i den saken :P

No gjeld det berre å underholde seg sjølv så eg ikkje går på døra heilt endå!! Lenge igjen framleis - nøyaktig ein mnd til termin, men eg reknar med minimum 1 veke ekstra.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Victoria82

jaja, du har holdt ut i jobben lenge. Så du skal være stolt av det. Ikke noe nederlag å bli sykemeldt mindre enn to uker før perm.

 

Når det gjelder å underholde seg selv, så blir det mye data på meg. Har fått forbud mot å være for aktiv pga bekkenet, så turgåing har jeg gitt meg med..

 

Krysser uansett fingrene for at du slipper svangerskapsforgiftning. Den er ikke noe særlig i følge de jeg kjenner som har hatt det. Og tenk positivt på at alt vannet renner av deg etter fødselen;) SÅ det er "lurekilo" :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Heldigvis såg alt tipp topp ut på kontroll på fredag, så eg er "utan for fare" for svangerskapsforgiftning pr no. Eg fekk endeleg den ekstra ultralyden eg har lengta etter, og jammen blei eg ikkje liggande på benken i godt over ein time sidan turnuslegen ikkje kunne bruke det og måtte ha hjelp. Sidan eg var siste pasient, fekk eg ein guida tur rundt i magen :) Kjønnet blei dokumentert (for dei som klarar å sjå slikt), lengde og vekt rekna ut. Gullet er no ca 2800 gram og lang til å vere i veke 36. Det betyr vel ei fødselsvekt på ca rundt 3800 gram.

 

Ellers føler eg meg i fin form, sjølv om oppkast framleis er ein del av kvardagen. Det har blitt lite tur denne veka, kun 3 relativt korte turar. To av turane var på 30 minutt og den siste på ein liten time. Varmen gjer til at eg er hoven i beina, og det er ikkje behageleg å kjenne at fingrar og bein svulmar utover. Må prøve å komme meg på ein liten tur kvar dag slik at eg ikkje visnar heilt vekk her heime :(

 

Neste veke skal eg nyte veiret, legge beina høgt og prøve å slappe av. Enklare sagt enn gjort....... :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Litt sein med vektoppdatering her. Det går berre rett vest dette, eller rettare sagt rett oppover!! 700 gram opp denne veka og det betyr ein total vektoppgang på 11,1 kg i veke 36+4. Akk ja.. i dag ser det ut til at eg har silikon i leppene!! Hove ansikt = NYDELEG :eek:

 

I dag skal det beisast her!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Tja, det er framleis oppgang å melde på vekta her. Kor mykje vatn går det i grunn an å samle i kroppen??? Denne veka var oppgangen på 600 gram. No er det sikkert litt feitt og litt babis, men eg trur nok framleis at dei siste kg som er kome på er vatn, det kjennes slik ut.

Total vektoppgang er no 11,7 kg i veke 37+5.

 

Klarar ikkje gå lange turar lenger grunna elefantføter, og då består trimmen av å røyse seg opp av sofaen, gå rundt huset, rusle på butikken og ellers fint lite. Føle meg råten!! Eg vil på fjelltur!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Victoria82

11,7 er jo ikke mye:)

Du har klart deg bra synes jeg... Er sikker på at kiloene raser av igjen når babisen er kommet ut. Håper at det gjør det her og..

 

Håper eller krysser fingrene her for at sambo kan få seg en uke fri før fødsel, slik at vi kan være "enslige sammen" litt før småtten popper ut... Har i alle fall et sterkt behov for det. Han har jobbet så mye at jeg nesten ikke ser noe til ham for tiden. Og når han først kommer hjem så er han helt utslitt..

 

Er nå nesten sikker på at det blir gutt. Alle sier det liksom... Men var jo sikker på at det ble jente i begynnelsen, så vet ikke hva jeg skal tro.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81
Hvordan går det med deg?? Du har vel ikke fått enda???

 

Må jo etterlyse deg når du ikke har lagt inn noe nytt innlegg enda:D

 

Hei Victoria!

Nei her er det fint lite nytt å melde! Har hatt ei "travel" veke med mykje besøk og farting. Har til og med vore innom jobben litt (fy skam). I helga har det blitt husmaling, og no driv mannen å skrur i hop seng og stellekommode. Puuhh! Skal bli godt med fritid igjen til veka ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Å vekta går framleis oppover :mad: Men det skal seiast at eg siste veka ikkje har brydd med nemneverdig om kva eg har stappa inn i gapet.

 

Vektoppgangen denne veka var på heile 800 gram :eek: og totalt oppgang er på 12,5 kg i veke 38+4.

I grunn er ikkje den totalt oppgangen so veldig galen, men dei siste 4-5 kg er kome på siste mnd, og det kjennes ikkje bra ut. Gledar meg til eg kan gå tur igjen utan å rulle rundt på ballongar. Eg tippar strekkkmerka eg eventuelt kjem til å få kjem på beina!! Er sprengt til randa av vatn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Victoria82

Godt å høre at det ikke bare er meg som jobber og stresser litt nå på slutten. Vi har også en del husprosjekter å bli ferdig med:) For øyeblikket er kjøkkenet utenfor rekkevidde i forhold til mat og matlaging.... SÅ jeg har gitt opp alt med mat. I dag skal jeg på kjøpesenteret for å få i meg frokost:D

 

Kjenner at magen begynner å bli tung, og ryggen ikke er helt med. Har holdt meg borte fra de fleste vannansamlingene. Men anklene har fått gjennomgå i løpet av hver dag. Men sliter med at fingrene "låser" seg i løpet av natten. Bare blitt verre den siste mnd. OG nå føler jeg at kneskålene er på samme vei. Men skal på kontroll i morgen, så får ta det opp da.

 

Ellers så har vektoppgangen vært litt høyere for meg. OG hos meg og det siste er det som kjennes mest. Men jeg har inbilt meg selv at det er pga at det er babyen som legger på seg og ikke så mye meg;) Da blir vektoppgangen ikke så gale å takle likevel...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det med fingrane kjenner eg godt til. Det er ildt å bøye fingrane, og ikkje alltid at eg klare å folde dei. Kjennes ut som om ledda har låst seg. Skal til kontroll i morgon, og skal høyre med jordmor om dette er normalt når eg har så mykje vatn i kroppen. Gruar meg i grunn litt til den timen, for ho har tenkt å prøve akupunktur på meg. Må sei eg er ei pingle når det gjeld nåler :eek: Men men eg skal prøve og blir det for gale får eg heller seie ifrå.

 

Ellers blir det lite trim på meg. Trur ikkje eg har gått tur på over ei veke no. Ikkje noko godt å gå når beina svulmar, men skulle so gjerne tatt meg ein tur. Planlegg å plukke blåbær i slutten av veka om formen tillet det ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Ny veging, og denne veka vart det opp 100 gram. Total vektoppgang er no 12,6 kg i veke 39+5. Eg trur ikkje dette er siste veginga i dette svangerskapet, men termin er i utgangspunktet fredag.

Har prøvd å gjere ein avtale med babisen om at den enten må komme før neste fredag eller etter sidan det då er ein fotballkamp eg gjerne skulle hatt med meg ;) So lenge det ikkje er så varmt ute lenger, er dagane betre å komme seg gjennom. Har også fått på meg støttestrømper (LEKKERT), og det hjelpe ein del på elefantføtene.

Det eg gledar meg mest til no er at halsbrannen skal forsvinne. Ååå du og du så godt det skal bli :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...