Gå til innhold

Operasjon-inn-i-brudekjole-hausten-2008


Gjest Huldra81

Anbefalte innlegg

Gjest Huldra81

Det har vore travelt dei siste dagane. Har ikkje fått trent sidan onsdag, men kom meg på ein liten fjelltur idag. Det blei 1450 forbrente kaloriar og ein god porsjon sol ;)

 

Lurer på om eg skal prøve meg på ein meny lågare den kommande veka. Må få kroppen til å forstå at vi ikkje er fornøgd med dagens vekt, men at vi endå har ein del kg for mykje. Kan ikkje gje oss no. Har nok nådd eit sokalla "vektplatå", sidan eg har stått i ro på same vekta i 3 veker no. Det MÅ løsne snart igjen. Berre 10 veker igjen no :eek:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 289
  • Created
  • Siste svar
Gjest Huldra81

I går gjekk eg opp skogsvegen og forbrann 845 kaloriar. Eg må prøve å gje kroppen eit lite sjokk trur eg. Må trene skikkeleg "fatburning", dvs ligge på ca 65 % av makspuls i intensitet over lang tid. Med lang tid meinast trening over 2 timar og gjerne/helst lenger. Puhh.. det blir tøft å motivere seg til så lange treningsøkter på kvardagane, men eg må gjere eit forsøk. I går var eg berre ute ein time..... kombinert med ein stram plan på maten BØR eg miste eit par gram på vekta til veka!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

I går blei det 1,5 time tennis, og forbrente kaloriar blei 792, 55% feitt. Ser på loggen til klokka at eg har hatt eit gjennomsnitt på 66 % i intensitet. Det må vel seiast å vere godt berekna. Einast som er å sette fingeren på er at det burde vore minimum ein halv time lenger trening. Eg arbeidar med saken ;)

 

Når det gjeld hovne bein, så går eg no fast til fysioterapeut. I dag målte vi leggane før og etter behandling, og det viste ein forskjell på 4 (!) cm!! Det viser at behandlinga hjelper, men problemet er å få væska til å halde seg vekke. Kan jo ikkje halde fram med å gå til behandling i all framtid.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

I går fekk eg gått meg ein fjelltur på litt i overkant av 2 timar. Eg forbrente 1403 kaloriar på turen, og hadde ein gjennomsnittleg intensitet på 71%. Det er litt for høgt med tanke på feittforbrenning, og det syner også klokka. 45 % var den nede på i går. Aiai, eg trur nok ikkje det er krise at eg hadde for høg intensitet. Trur heller det ville vore eit problem om den hadde vore for låg. I dag MÅ vi vaske hus, så eg veit ikkje om det blir tid til rare treningsturen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det har vore ei hard helg med mange utfordringar. Heile laurdagen gjekk vekk i familieselskap, 2 i slaget. Her blei det servert betasuppe og kaker i det eine, og grillmat og kaker i det andre. Eg var høfleg og åt kun mikroskopiske kakestykke. Problemet er at i slike lag blir det for sjeldan mat. Eg burde jo smurt meg niste, men det hadde eg altså ikkje gjort. Så når vi kom heim natt til søndag var eg i hjel svolten og måtte ete mat før eg køya. Ikkje ideelt. Det positive er at eg tilbydde meg å vere sjåfør, så då "slapp" eg unna kaloriane i alkoholen :)

 

Søndag gjekk eg meg ein roleg fjelltur på 2 timar. Klokka mi har no offesielt klikka, så det blir berre ca kaloriberekning. Eg anslår denne til å vere ca 1000 kaloriar forbrent på turen. Tatt i betraktning kva tilsvarande turar har resultert i, er dette litt i underkant. Betre å ta litt mindre i, enn at det vert for mykje.

 

No har det vore grått og trist veir her i vest i fleire veker i strekk. Kor er sola??? Meldingane er heller ikkje særleg oppløftande, så vi må berre belage oss på at det blir regn, regn og atter regn i ferien ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Eg synes du er så flink som tek tak i treninga for å få fart på sakene ;) Blir spennande å sjå når du klarer å gå ned dei siste 1,3 kiloa! Det er ikkje lenge til så flink som du er :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Hurra, var å prøvde kjolen min i helga og den sat som eit skudd :) Kjempe kjekt! Eg skal sjølvsagt gjere mitt for å gå ned endå litt framover til bryllaupet, men eg MÅ ikkje nå noko spesiell vekt for at kjolen etc. skal passe. DEILIG!

 

Denne veka har vi ferie, og vi styrar på i hagen med diverse prosjekt. Mykje å ta tak i både her og der, men det er kjekt når vi er begge to om det :)

 

Ha det fint så lenge :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Då var ferien over for denne gong og eg er tilbake på jobb. Vi har hatt ei kjempe fin veke med sol og sommar :) Deilig at vi endeleg traff med veiret i den vesle ferieveka vår.

 

Denne veka har eg dessverre ikkje klart å halde fokus på trening og mat. Varmt veir har gjort sitt til at matlysta er dårleg og likeins har det vore med treningsviljen. Det har kun blitt tre fjellturar i løpet av dei siste 14 dagane :eek: Det er lenge sidan eg har trent så lite.

No er det full skjerpings i vekene som kjem. Sjølv om kjolen passar, kan eg endå gjere ein innsats for å forbrenne vekk resten av kg som endå er til overs på kroppen min.

 

I tillegg til å halde større fokus på mat og trening, må vi no sette oss ned å sjå over arbeidsoppgåver i samband med bryllaupet. Det er no kun 7 veker igjen...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Fekk meg ein roleg fjelltur i går. Pulsklokka mi er ikkje heilt stabil, men eg ligge rundt 800 forbrente kaloriar.

Matinntaket i går var heilt etter boka fram til eg fann ut at eg skulle ete litt kveldsmat......................litt.......hmm....... eg enda opp med 6 (!) rista skjever med nugatti (!) på :mad: Snakkar vi liten sjølvkontroll her?? So absolutt!!

Skjerpings idag med andre ord.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Ny dag i går og eg klarte meg rimeleg bra. Var på ein lang, roleg fjelltur som resulterte i noko sånt som 1480 forbrente kaloriar. Det kjedelege er at eg pådrog meg ein strekk på baksida av låret. Auuuuuuu :)

Håpar det går fort over slik at eg ikkje blir hemma av det, men kjenner det godt i dag altso.

 

Maten var betre i går, men det blei tre skjever til kvelds i staden for to. Har endå ein liten veg å gå her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...
Gjest Huldra81

Motivasjonen har nådd eit nytt lågmål! Eg kjem meg ikkje ut på treningstur!!! Det er heilt kul å motivere seg til å ta på joggeskona. Berre det å rusle ein tur verkar å vere heilt umogleg :) Eg forstår ikkje kva som har skjedd med meg. Eg kan jo ikkje ta meg kvileskjær sjølv om kjolen passa. Framleis har eg minimum 7 kg igjen til det langsiktige målet, og eg hadde sett meg som mål at eg skulle klare eit par "bonus" kg før bryllaupet. Motivasjon kom til meg!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lillejanne

syns det mer og mer på kroppen din! Jeg prøvde kjolen min i går og den må sys inn, moro! Og nå syns det så godt etter å ha tatt av 6kg at eg må jo bare fortsette. Folk sier stadig at jeg ar tatt av og det er jo kjempemotivasjon! Lykke til!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Takk for motivasjon Lillejanne. Det er utruleg kjekt når nokon faktisk ser at ein har gjort ein innsats for å gå ned i vekt.

Heldigvis har eg ikkje skeia ut i matvegen, men slit som sagt veldig med trening. I dag SKAL eg gå meg ein lang fjelltur. Sånn no er det skreve svart på kvitt så då MÅ eg gjere det :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lillejanne

på om du går den turen! så får du kanskje enda mer bånd på deg. :) Det er jo bare å gå de første meterne så viser det seg jo å være kjempedeilig! God tur!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Eg klarte faktisk å komme meg ut på tur i går kveld også! Denne gongen gjekk eg på ein anna støyl som det er mykje brattare å komme seg til. Det går omtrent rett opp ei fjellside og utsikta er heilt fantastisk :D Forbrente kaloriar på turen blei 1348.

Kanskje eg klare å ta den tredje støylen i området i kveld? Det er eit fantastisk turterreng her eg bur med mange støylar og fjelltoppar innan ein liten radius. Det manglar altso aldri på alternative ruter om ein går lei av den eine turen. I kommunen har ein laga til "trimpostar" der det er 12 postar på ulike støylar og fjelltoppar rundt omkring (varierar frå år til år). På denne måten får ein sett utruleg mykje av turterrenget i nærmiljøet, og ein oppdagar stadig nye og flotte fjellturløyper. Motivasjonen er å få skrive seg i boka på dei ulike postane og stemple seg inn på kartet. Dei 12 turane varierar mellom lette og tunge, og kan vare alt frå 1 time til 8-9 timars turar. Eit kjempe flott tiltak for å få folk ut på tur :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Då var ei flott helg over med sol, sol og sol :cool:

Eg har vore kjempe sprek og trent både laurdag, søndag og mandag tidleg tidleg om morgonen. Det har blitt støylstur alle tre dagane, og eg er kjempe fornøgd med meg sjølv. Kroppen samlar MYKJE vatn, men eg satsar på at det forsvinn med varmen! Føler meg oppblåst og "stinn", og det kan ikkje vere noko anna som gjer det enn at det er veldig veldig varmt ute. Huldra går på med friskt mot! Skal fikse noko saker etter jobben idag, så det kan sjå ut til å bli dårleg med trening idag. Kanskje eg får rydda plass til ein liten tur :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, Huldra, nå begynner det vel å krible litt hos deg, nå som det stadig kommer nærmere?

 

Vårt bryllup er jo vel overstått, har vært gift i ca en og halv måned nå. Jeg har først nå begynt å få tid til å la det synke inn. Babyen vår kom til verden bare 3 dager etter bryllupet, 7 uker for tidlig. Så jeg bodde på sykehuset de første 3 ukene av vårt ekteskap.

Det ble med andre ord litt mye som skjedde på litt kort tid.

Men vi hadde en fantastisk bryllups dag, bare gled deg!!

Og nå sitter vi jo her med en nydelig liten sønn også, så nå er vi virkelig en liten familie.

 

Men jeg skal fortsette å passe på vekten. Jeg gikk opp ca. 5,5 kg mens jeg gikk gravid , det hjalp sikkert litt at babyen kom for tidlig, så jeg slapp unna den siste tiden hvor jeg bare hadde blitt liggende stille. Nå veier jeg 1 kg. mer enn før, så her skal det ihvertfall ikke gå mere opp!

 

Men, jeg skulle jo bare øsnke deg masse lykke til i innspurten din. Og ha en fantastisk dag når dere kommer så langt!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81
Ja' date=' Huldra, nå begynner det vel å krible litt hos deg, nå som det stadig kommer nærmere?

 

Vårt bryllup er jo vel overstått, har vært gift i ca en og halv måned nå. Jeg har først nå begynt å få tid til å la det synke inn. Babyen vår kom til verden bare 3 dager etter bryllupet, 7 uker for tidlig. Så jeg bodde på sykehuset de første 3 ukene av vårt ekteskap.

Det ble med andre ord litt mye som skjedde på litt kort tid.

Men vi hadde en fantastisk bryllups dag, bare gled deg!!

Og nå sitter vi jo her med en nydelig liten sønn også, så nå er vi virkelig en liten familie.

 

Men jeg skal fortsette å passe på vekten. Jeg gikk opp ca. 5,5 kg mens jeg gikk gravid , det hjalp sikkert litt at babyen kom for tidlig, så jeg slapp unna den siste tiden hvor jeg bare hadde blitt liggende stille. Nå veier jeg 1 kg. mer enn før, så her skal det ihvertfall ikke gå mere opp!

 

Men, jeg skulle jo bare øsnke deg masse lykke til i innspurten din. Og ha en fantastisk dag når dere kommer så langt!!![/quote']

 

Gratulerer så mykje, både som fru og med vesle guten! Han hadde det travelt med å komme ut forstår eg :) Forstår godt at det tar litt tid å fordøye alt når det skjedde så tett i tid.

 

Å berre gå opp 5,5 kg er jo kjempe bra!! Sjølv om guten kom tidleg er vel dette det ein MÅ gå opp vel? Kor tung var vesle gullet? 1 kg igjen er jo ingenting og forsvinn heilt sikkert før eg er blitt fru :D

 

Tusen takk for lykkeønskinga. Eg kjenner at det kriblar i magen og at eg er lettare nervøs. Er komt til det punktet der eg ikkje føler at eg har kontroll på noko! Forhåpentlegvis får eg "kontroll" igjen!

 

Kos deg masse med babisen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...