Gå til innhold

Operasjon-inn-i-brudekjole-hausten-2008


Gjest Huldra81

Anbefalte innlegg

Gjest Huldra81

Hadde meg ei kjempe god økt på spinning i går og svei av 695 kaloriar. På matfronten blei det 400 (!) for mange kaloriar inn! Say no more...Skjerpings!!!

 

Endeleg helg er helga her og i morgon er det meldt strålande sol her i vest. Eg håpar eg får med meg nokon på ein topptur :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 289
  • Created
  • Siste svar
Gjest Huldra81

I dag var det sol og fint veir her i vest, og eg fekk med meg familien på skitur. Det var ein lang og fin tur. Heile 2660 kaloriar (13,3 trimpoeng!!) blei forbrent på turen. 1960 på oppturen og 700 på veg ned igjen. Eg er kjempe fornøgd med turen, fargen og forbrenninga :) Håpar det blir fleire moglegheiter til å gå på ski denne påska.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Ingen reduksjon på vekta denne veka heller.. *sukk*. Får berre bite tenna saman og satse vidare framover. Godt det ikkje går opp i allefall. Hadde håpa at gårsdagens lange økt hadde tatt litt tak i feittet, men den gang ei :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Då har eg gått meg ein liten tur. Fekk ikkje opp farten skikkeleg, men det blei no 468 forbrente kaloriar. Kjenner at eg var på ein laaaang tur i går, og kroppen har nok godt av ein dag med litt lettare trening.

 

Det som bekymrar meg litt no er at eg har ildt i hals og nase. Eg har ikkje tida til å bli sjuk no! Eg må trene!!! Har sett fram til påska i lange tider no sidan det då er moglegheiter for å gå på lenger turar både til fots og på ski. Ingen influensa skal få øydelegge det altso!! Hive innpå med c-vitaminar og antioksidantar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Akk ja.. då var eg blitt syltande forkjøla. Ingen feber, men veldig tett nase og ill hals. Ute lavar snøen ned og motivasjonen sprang nett ut døra! Veldig så påvirka ein blir av veiret altso. Vi som hadde det so nydeleg på laurdag :cool:

 

Oppsummert i veka som gjekk fekk eg forbrent 5042 kaloriar, fordelt på 5 økter på tilsaman 9 timar og 31 minutt. Veka mi har eigentleg ikkje vore heilt topp sånn treningsmessig, men turen på laurdag redda meg ganske kraftig. Håpar eg får tatt meg ein liten tur på treningssenter seinare i dag, men må sjå an formen litt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det blei ingen tur på treningsssenter i går. Måtte måke snø i staden og var heilt pumpa etter det. Hadde hjelp til å måke i går, og då blei det berre 189 forbrente kaloriar på aktiviteten i går. Det er alt for lite, men eg orka ikkje reise for å trene i snøkavet slik som eg snufsa og hosta.

 

Litt betre form idag, men får ikkje trent i dag heller grunna eit møte eg må på. Men ver du trygg på at eg får måka snø i dag og! Det snør det snør tidelibom.... *grrr*. Men det er greitt, det kan snøe so mykje det berre vil fram til torsdag men då vil eg ha SOL :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Ingen treningstur i går heller. Var på møte, så det blei for seint. Problemet er at eg har slurva med maten i tillegg til at det ikkje har blitt trim, så no blinkar det eit blått lys for vekta mi her! Må skjerpe meg skikkeleg med svigers ellers kan dette bli alvorleg gale. Håpar forkjølelsen min gjer seg snart slik at eg er skikkeleg rusta for litt hard trening til helga.

 

No tar Huldra snart påskeferie her. Kun 3 timar igjen på jobb :)

God påske!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Då var påska over for i år, og det er eg nesten litt glad for. Har hatt det kjempe fint og gått mykje på ski. Vore på 3 toppturar og ein kort kosetur.

 

Torsdag: reiste vi til svigers. Dårleg veir - ingen trim.

Fredag: topptur, sol men vind og veldig kaldt. 2472 kaloriar forbrent. Minst like mange inn :)

Laurdag: topptur, sol, men tilskyande utover dagen. 2370 kaloriar forbrent. Minst dobbelt så mange inn. Rotbløyte på kvelden.

Søndag: stygt veir, sofa heile dagen.

Mandag: SOL, kort tur på støyl med kos inntil hytteveggen :)

 

Oppsummert var forge veke ikkje so veldig bra på matfronten. Ei heller på treningsfronten om ein ser vekk i frå toppturane mine. Dei reddar meg ganske kraftig. 5025 kaloriar blei forbrent frå mandag-søndag, men det kom alt for mange inn til at det blei nedgang på vekta. 200 gram opp faktisk :) Ikkje bra.

MEN eg har kosa meg ilag med vennar og familie, og har fått stått masse på ski. Eg elskar å køyre nedover :) (det er den største motivasjonen for å slite seg opp alle bakkane).

 

Full skjerpings frå no, har vegt frukost og laga klar lunsjen. Ingen utskeiingar no.

Har framleis totalt godt over 6 kg igjen til det overordna målet, så her er det berre å stå på!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Synes du har vore flink eg! Du må no ete mykje meir når du forbrenn såpass mykje, og kanskje det er musklane dine som veg tyngst denne veka? Måler du deg òg forresten? Kjekt å gjere det, slik at ein får trøst viss vekta aukar eller står stille, men cm minkar:) Lykke til denne veka!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Takk for oppmuntring AneMarte. Har ikkje vore so veldig flink på matfronten. Kan love deg at eg har ete myyyykje meir enn eg eigentleg skal. Både av "vanleg" mat og usunn mat. MEN no er eg ved friskt mot igjen. Greidde å halde meg unna alt usunt i går, og det skal eg jammen klare i dag og. Det blei 543 kaloriar forbrent på gå tur. Merkar at eg ikkje klarar å forbrenne like mykje på samme avstand som tidlegare. Eg er nok blitt i for god form til å berre kunne gå tur :) Problemet er at eg hatar å jogge. Det kan vere at det blir ei råd med det og sånn etterkvart.

Gledar meg til snøen forsvinn slik at eg kan begynne å gå oppover på støylane i området her. Då blir det meir enn berre gå-tur.

 

Eg måler meg på utvalde strategiske plassar ca ein gong i mnd :) Det er nok om eg ikkje skal måle millimeter :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det blei magre 441 forbrente kaloriar på Friskis og svettis i dag. Etter kvart som eg er blitt i betre form viser det seg at kun 45 minutt med slik trening er for lite for å få opp kaloriforbrenninga. Sjølv om eg til tider har høg puls og er sleten undervegs, blir økta for kort. Får vurdere det frå veke til veke om eg skal gå på desse treninga. Det kjem jo heilt an på kva alternativet er :) Dersom det no blir pluss grader her kan eg jo ta meg ein lang gå tur før treninga.

 

Fleire som skal gifte seg her i området til sommaren, og eg fekk høyre opplegget til det eine paret i dag. Dei ønskjer seg bryllaupet av vennar og familie. Altso, ønskjer seg ikkje gåver, men at vennar og familie ordnar til bryllaupsfest, lagar kake, musikk innslag i kyrkje, musikk til dans, kokk, kake, underhaldning, pynte kyrkje og festlokale osv. Kjempe morsom idè, og det vert sikkert kjekt for både brudepar og gjester, men for oss som likar å ha kontroll (les Huldra) trur eg ikkje det er måten å gjere det på for oss :) Men eg har allereie plukka opp eit par tips som eg skal nytte i våre invitasjonar. Godt vi ikkje er komt lenger slik at eg framleis kan plukke opp tips her og der :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Jippi, i dag er det spinning!! Gledar meg veldig :) Synd det mest truleg er siste gongen før sommaren (dei eg syklar med skal no ut i det fri å sykle, og der kjem eg til kort).

No prøvar eg å vere flink å drikke mykje vatn og ete jamt og trutt utover dagen slik at eg ikkje blir so svolten før eg kjem meg heim i kveld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Spinninga i går var ein hard opplevelse. Trur instruktøren køyrde ein ekstra hard time sidan det var siste økta - deilig når ein er ferdig :)

Sidan eg har oppdatert klokka mi sidan forge spinning time (låg inne med 3 kg tyngre vekt enn eg er no), så blir det mindre forbrente kaloriar pr økt. Eg må trene hardare og meir intenst for å komme opp i same antal forbrente kaloriar på like økter som tidlegare. I går blei det 611 kaloriar forbrent. Eg er veldig fornøgd med det, for når eg ser på maks puls på timen og gjennomsnittet ser eg at eg har hatt ei hard økt :)

 

No er det snart helg, og denne helga skal Huldra vere flink!!! Planen er klar.

I går klarte vi forresten nesten å gjere ferdig gjestelista. Eit par justeringar so trur eg kanskje vi er i hamn. Då gjenstår berre å få ferdig teksten som skal stå på invitasjonane. Viktig å få med mykje informasjon på same tid som det skal vere enkelt og elegant :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Fredag var eg på besøk med forlovaren min, og der fekk eg servert ein gryterett. Veldig bra tenkt av ho å ikkje servere snoperier, har opplært ho godt etterkvart :( hehe..

 

Laurdag var den store hus-vaske-dagen, og eg brukte 5 timar (minst), men jammen blei det reint. Fekk meg ein gåtur med mamsen på ettermiddagen der det blei 534 forbrente kaloriar. Ok med matinntaket denne dagen.

 

Søndag gjekk eg og mamsen ein laaang tur med påfølgjande styrketrening. Gåturen resulterte i 726 forbrente kaloriar, men så gløymte eg å starte klokka igjen på styrketreninga. Legg ikkje inn dette, men kjenner at eg er stiv i armar og mage så treninga har no gjort nytten sin den :) Dagen gjekk heilt fint fram til fotballkampen, men då fann smarte meg ut at eg skulle operere ein chips og ein god del dip ned i magen min :D Det blir lenge til neste gang, sidan eg blei kvalm og dårleg :mad:

 

Vekta er framleis den same som den var forge veke, men magen har mista ein cm (har ikkje målt andre plassar). Denne veka er det full skjerpings! Skal på hotell frå fredag til søndag, så eg MÅ vere veldig flink i veka!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det blei tur med mamsen i går og, 643 kaloriar forbrent. Holdt meg godt innanfor kalorigrensa, - måtte det berre halde vidare i veka!

 

Forstår at eg er komen til eit sokalla vektplatå. Vekta NEKTAR å rikke seg under 80,0 (såg jo 79,7 her for eit par veker sidan), så eg er litt fortvila no! Kroppen min har tydelegvis ikkje lyst til å gå inn i den "nye tidsrekninga" :D Ganske fortvilande!

Men eg gjev ikkje opp av den grunn, og står på vidare. Har ein avtale med mamsen om at dersom det ikkje blir vektnedgang denne mnd, skal vi melde oss på kurs :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Ein time på spinningsykkelen min i går resulterte i 693 kaloriar. Hadde bestemt meg på førehand at eg skulle sykle til eg hadde forbrent min. 600. Det var så kjekt at eg gav på litt ekstra på slutten og enda på 93 "bonuskaloriar" :(

Ingen utskeiingar i matvegen, så no er det berre for dei kg å komme seg laaangt vekk frå min kropp (helst frå mage og arm om eg får velje :D )

I dag er det friskis og eg må sjå om eg ikkje får lagt inn ein liten time med trening før den økta. Erfaring tilseier at ein time med slik trening blir for lite om eg skal forbrenne masse.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det blei ikkje skikkeleg trening før friskis økta, men eg gjekk til og frå med ein innlagt omveg. Det førte til at eg klarte å komme opp i målet med 600 forbrente kaloriar på kvar økt. 623 var det nøyaktige talet i går. Maten har det gått veldig bra med, og om eg so skal seie det sjølv so har eg vore veldig flink :)

Det som nesten er litt synd er at vi skal på hotell i morgon til søndag. Gledar meg utruleg mykje til det, men det blir jo då hotellmat og alkohol. Har sett fram til denne helga i godt over eit halvt år, så eg har bestemt meg for å nyte den. So får eg heller ta konsekvensane neste veke. Eg har jalfal gjort godt førearbeid til helga.

Trur også at eg ikkje vege meg sånn offisielt før neste søndag igjen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Fekk ikkje tid til trening i går. Ganske sur for det sidan eg hadde hatt tid om folk hadde holdt tida si og ikkje latt andre vente :mad: Irriterande å vente på folk som kjem "snart", men så går det nesten to timar! Holdt meg godt innanfor kalorigrensa i går sidan eg ikkje fekk trent noko.

 

No er det snart hotelliv på meg. GLEDAR MEG :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Då var Huldra tilbake på jobb, og klar for ny innsats framover. Helga var heilt fantastisk med både gode innslag, god mat og mykje god drikke. Det blei nok litt for mykje av dei to siste godene, men som sagt før avreise so var denne helga planlagt i godt over 6 mnd så det er ikkje den aleine som kjem til å gjere at eg eventuelt ikkje går ned i vekt denne veka.

 

I går var eg på tur med mamsen, og det resulterte i 730 forbrente kaloriar. Nydeleg veir her på vestlandet så det må nytast :) Blir nok ein gåtur i dag og.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Gå turen i går resulterte i 682 forbrente kaloriar. Det må seiast å vere bra. Vi helde bra høgt tempo og prøvar heile tida å forbetre tida vår på "ruta". Lurer på om eg er begynt å få litt antydning til beinhinnebetennelse. Det er skikkeleg ildt og må unngåast :)

Eg må prøve å variere treninga litt, i allefall prøve å gå litt meir i ulendt terreng enn på asfalt. No er det begynt å bli tøya rundt omkring, så det bør vere mogleg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Torsdag allereie. Fy som tida går! Droppa friskis i går, og gjekk meg ein tur i staden. Har funne meg ei ny rute no der eg går innom ein skog og mykje ulendt terreng. Kjenne kun til beinhinna mi når eg går på asfalt, så det bør unngåast.

 

MEN eg gjorde noko nytt i går... eg jogga!! Inne i skogen utan nokon tilskodarar jogga unge, lovande Huldra til enden av vatnet, lita pause, også tilbake igjen. Gjekk så fort eit par minutt før eg jogga igjen i 4. Så tilsaman blei det 15 minutt med jogging *stolt*

Det som var litt sprøtt var at eg faktisk ikkje var så sleten som eg hadde trudd eg kom til å vere. Kanskje eg har overbevist meg sjølv om at eg er i dårlegare form enn eg faktisk er, og at eg ikkje ville klare å jogge?! For eg er ikkje i dårleg form lenger, ei heller tjukk, men eg har endå ein god del kg for mykje og eg ønskjer å komme i endå betre form.

 

Sidan vekta no har stått stille dei siste vekene har eg fundert litt på om dette kan ha noko med at eg ikkje har trent med vekter siste mnd. Det er vel omlag 4 veker sidan eg gjekk ned noko sist (har heller ikkje gått opp), og det er vel like lenge sidan eg trente med vekter sist. Lurer på om dette kan ha ein liten samanheng eller om det er tilfeldig. Det er så synd å bruke tida på å vere inne å trene når det er så fint ute, men eg skal gjere eit forsøk no ut april iallefall så får vi sjå om teorien min er hald i :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Tok tak i vekt-treningsteorien min i går, og var på treningssenteret ein god halv time. Trente kun overkroppen (armar, mage, rygg) og det resulterte i magre 267 forbrente kaloriar. Dette er utan oppvarming. Kjenner det i armane idag, men ikkje verre enn at eg har planar om å ta turen tilbake på laurdag for å løfte litt igjen :)

 

Forlovaren min er begynt å stresse med at vi må få gjort ting. Eg meinar vi har god tid, og at det ikkje er noko som hastar endå. Har planar om å sende ut invitasjonar i slutten av april. Prøvar å få på plass menyen inn i mellom, og har eit par idear kring emnet :) Gled-gruar meg eg :eek:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Då var det mandag igjen og tilbake til kvardagen. Kort oppsummert så gjekk helga slik:

Fredag var eg barnevakt. Sette snuppa i vogna og gjekk meg ein tur, men den blei ikkje lang og ikkje gjekk det fort heller sidan vi måtte stoppe opp å sjå på ulike ting. Ho er berre heilt skjønn :) Rusleturen resulterte i 188 forbrente kaloriar. Holdt meg innanfor grensa på kaloriar inn.

 

Laurdag var den store bake kake og vaske dagen (eg smakte ikkje på nokon av kakene så det er sagt). Fekk lagt inn ein trim tur også. Tok den nye ruta mi som inkluderar jogging, og utvida den med ein joggeintervall til. Det betyr at eg denne gongen hadde 3,5 min + 5 min + 5,5 min + 4 min + 2 min = 20 minutt jogging! I mellom jogginga prøvar eg å gå fort. Det er både oppover, bortover og nedover bakke i intervallane min. Totalt resulterte turen min i 741 forbrente kaloriar. Det blei dessverre litt for mykje inn, men ein dag må det vere lov å kose seg.

 

Søndag hadde eg ikkje tida til noko. Vi køyrde nærmare 400 km i går for å rekke over alt. Vi er som Ole Brumm, ja takk begge deler :) Hadde med niste, men det blei alt for lite på ein heil dag. Så det resulterte i eit kjempe måltid når vi kom heim og lite tidlegare på dagen.

 

Vekta viste faktisk 100 gram mindre denne veka enn den gjorde før påske! Totalt ned 500 gram denne veka). Hurra då er eg tilbake på sporet! (håpar og trur eg).

Motivasjon kom til meg, for her er det typisk vestlandsveir idag. Regn, regn og litt skodde ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Kjempebra med 0,5 kg ned Huldra! No er det berre å stå på, snart blir det varmare i vèret òg:) Må seie at du har vore veldig flink til å jogge forresten, fortsett sånn så får du resultat!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...