Gå til innhold

Operasjon-inn-i-brudekjole-hausten-2008


Gjest Huldra81

Anbefalte innlegg

Gjest AneMarte

Det hadde vore pinlegare viss det hadde omvendt! Ikkje like lett å angre då :)

Me skal ha alle til middag ja. Me blir 40 stk, så det blir sikkert koseleg:) Kor mange skal de vere?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 289
  • Created
  • Siste svar
Gjest Huldra81

Hehe.. då trur eg at eg hadde latt det passere :) Vi har invitert 80 til middag også totalt 120 til kaffi. Dei aller fleste til middag er familie. Vi har no seks vennepar i tillegg (inkludert forlovarar). Det blei litt for voldsomt å invitere 120 til middag syns vi sjølv om det blir buffet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Har følt meg så trøtt og tiltakslaus desse to dagane etter helga! Helst kunne eg tenkt meg å vore heime og fiksa litt i hagen, tatt meg ein lang fjelltur og laga skikkeleg middag frå grunnen av. Hatt litt meir fri med andre ord. Eg trur det heng saman med at det er mykje som skjer for tida utanom jobb så eg har nesten ikkje tida til å vere her! Det går vel over det og, men det er tungt å stå opp når ein ikkje søve skikkeleg. Kanskje eg trente for hardt i pinsa :)

 

Har fått fleire kommentarar siste dagane på at eg har gått ned i vekt. Eine tanta mi kommenterte at eg var blitt så smal i ansiktet, og ein kollega på jobb lurte på om eg hadde gått mykje ned i vekt for ho såg det plutseleg så tydeleg :D Det er ikjke mange kg sidan jul vi snakkar om her, men tydelegvis har det forsvunne på dei "rette plassane" no dei siste vekene. Kjekt, men eg klarar alltid å snakke meg vekk i frå det med kommentarar som: " åhh, nei ikkje so mykje" og " sikkert brunfargen i ansiktet som gjer at eg ser smalare ut!". Hallo? Kva svar er det?? Må øve meg på det altso!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei hei

 

Korleis går det med deg då? Magen vekse og du har bryllaupet under kontroll? Det er vel ikkje så veldig lenge til no? Hugsar ikkje heilt eg' date=' men var det ikkje i slutten av juni bryllaupet står? Det meste er vel i boks då... :)

 

Du må komme innom å fortelle korleis det går fleire gongar![/quote']

 

Bryllupet vårt er 14. juni, så vi har nå begynt å telle ned uker og dager, ikke månder. Veldig rart!!!

Vi tror vi har kontroll på det meste, men det blir vel en liten inspurt uka før uansett hvor godt man planlegger vil jeg tro...

Magen vokser, men den er også under kontroll foreløpig. Prøvde jo kolen sist vi var i Bergen, og den passer fortsatt :). Jeg har faktisk ennå litt å gå på...og det beste av alt, da jeg prøvde den så jeg ikke gravid ut, så magen blir ikke veldig fremhevet i kjolen, og det er jo greit det.

 

Kirkeprogrammet er nå trykket opp, men vi skal brette dem, og ha på omslag og sløyfe, så helt klare er de ikke ennå. Men litt må man jo ha å pusle med :D

 

Ser det går fremover for deg/dere også, når var det bryllupet skulle stå, var det i august/september?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81
Bryllupet vårt er 14. juni' date=' så vi har nå begynt å telle ned uker og dager, ikke månder. Veldig rart!!!

Vi tror vi har kontroll på det meste, men det blir vel en liten inspurt uka før uansett hvor godt man planlegger vil jeg tro...

Magen vokser, men den er også under kontroll foreløpig. Prøvde jo kolen sist vi var i Bergen, og den passer fortsatt :D. Jeg har faktisk ennå litt å gå på...og det beste av alt, da jeg prøvde den så jeg ikke gravid ut, så magen blir ikke veldig fremhevet i kjolen, og det er jo greit det.

 

Kirkeprogrammet er nå trykket opp, men vi skal brette dem, og ha på omslag og sløyfe, så helt klare er de ikke ennå. Men litt må man jo ha å pusle med :)

 

Ser det går fremover for deg/dere også, når var det bryllupet skulle stå, var det i august/september?[/quote']

 

 

Bryllaupet vårt er 30. august, så det er framleis lenge til. Føler at det er først no ting er begynt å skje. Skal lage til gåveliste no denne veka sidan folk er begynt å spørje etter kva vi ønskjer oss. Syns det er litt vanskeleg å sette opp ting eg. Alt blir jo så dyrt!!! Dei av vennane våre som allereie er gifte seier at vi må sette opp mykje og ikkje tenkje på kva ting kostar, for mange av dei gjekk tomme på listene sine. Men eg syns altso det er litt vanskeleg.

 

Har sett svarfrist til 15.juni for invitasjonane, så etter det kan vi begynne å lage bordkort og bordplan.

 

Kunne tenkt meg å prøvd kjolen min snart sidan eg har bestilt den ein str mindre enn eg prøvde då eg kjøpte den. Hadde vore fint å vete korleis eg ligge an. Tenk om den er for liten? :eek:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

På denne veginga sto vekta stille *sukk*. Kunne nesten ikkje forventa noko anna sidan det har blitt veldig uregelmessig mat siste veka og lite trim i forhald til kva eg brukar. To økter er for lite når eg ikkje har vore påpasseleg med maten.

17.mai var eg opptatt så og seie heile dagen, og fekk ikkje ete meir enn to måltid. Eg veit ikkje kva som hadde vore best, og ete noko usunt (som kaker) eller som eg gjorde, ikkje ete i det heile. Ikkje bra nokon av delane.

 

Denne veka må vi komme oss tilbake på sporet med mat og trening. Det skal bli godt!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Tilbake på sporet - heldigvis. I går blei det ein skogstur, der det blei forbrent 810 kaloriar på ein time. Hurra ;)

I dag har eg eit par avtalar etter jobb, men skal prøve å få lagt inn ei økt fordi om. 77-talet, here I come :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Ny tur opp skogsvegen, denne gongen droppa eg sykkelturen til. Forbrente kaloriar blei då 745 sjølv om eg sette "ny rekord" opp. Turen tar meg no 29 minutt og 40 sekund oppover :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det blei dugnad på meg i går i staden for trening. 2 timar raking gjev ikkje akkurat trim, men litt enkel mosjon blei det no. I dag håpar eg det blir ein tur på støylen på meg. Slite litt med søt-sug for tida, og det er hardt og stå i mot når ein blir frista på kvart eit hjørne!! Disiplin og motstandskraft, kom til meg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det vart tur på støylen på meg i går, 1006 kaloriar forbrent. Med kylling, ris og masse salat til middag blei det ein god slanke-dag i går :)

I helga blir det ei utfordring å få trent. Skal vere barnevakt i heile kveld, også blir det dugnad store delar av søndag. Så laurdag er sjansen min ;) God helg!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Då var det mandag igjen og eg lengtar ut i sola! Helga var kjempe fin, både med tanke på sol og trening. Fekk meg ein tur på støylen i går òg - 1053 kaloriar forbrent. Trudde ikkje eg skulle få sjå så langt ned på 77-talet så tidleg, men det er jo berre heilt supert! No gjelde det å halde fokus og komme seg ned på 76-talet. Det er "berre" 1300 gram igjen av det eg MÅTTE gå ned med tanke på kjolen min :( Alt over er rein bonus.

 

Eg har jo planar om å komme under 70 kg, men eg trur ikkje det er realistisk før bryllaupet. Til bryllaupsreisa i slutten av november vil det vere håp om å nå den magiske grensa :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Blei ein tur opp skogsvegen i går ettermiddag. Hadde tenkt å gå roleg, men så starta det ei dame rett bak meg. Eg kan jo ikkje vere bekjent av å bli tatt igjen og forbigått av andre trimmarar, så eg måtte pent gå på :( Eg gjekk då på nøyaktig same tid som forge turen opp der. Kunne nok sprunge på slutten, men følte ikkje eg kunne gjere det når ho hadde meg i synet heile tida. Eg blei ikkje tatt igjen og heile turen resulterte i 935 forbrente kaloriar (måtte gå heim igjen derfor meir forbrente kaloriar enn sist tur då eg sykla til og frå).

 

Planen i dag er å drikke 3 flasker vatn (a 0,7 l) på jobb, og gå tur på støylen etter jobb. Nydeleg veir her i vest i dag :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Fekk lurt med kjæresten på fjelltur i går (ein av to dagar med treningsfri i veka for han), og det resulterte i 941 forbrente kaloriar. Kjæresten er jo i kjempe form, så når vi går på tur i lag går eg framme og styre farten også trippar han lett på tå bak blåsebeljen :( Akk ja.. livet er urettferdig, men formen min kjem seg den og :) Lurer på om eg skal ta treningsfri i dag. Hatt fire relativt harde økter på rad her no.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det blei treningsfri i går, og heller eit par timar med rake og spade i hagen. Vi har no gravd opp heile plenen vår for å lage den flat, fin og ny ;) Det blir nok eit par timar i jorda i dag og.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Plenen vår blei prioritert i går og. Snart ferdig no heldigvis. Sjølv om det er tungt å spa og grave i jorda, bære stein ol så blir det ikkje skikkeleg trening. Skal på tur i dag og vere vekke i helga så det blir ikkje trening i kveld heller :eek:

Slite litt med motivasjonen til å ete rett på kvelden. Utruleg kor raskt dette snur. På mandag var eg super motivert!!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Helga har vore av ein slik karakter at den må gløymast fortare enn svint! Fekk ikkje trent verken fredag eller laurdag pga at vi var på besøk. Laurdag blei det i tillegg nesten ikkje mat heile dagen, så eg kan takke meg sjølv om dette går rett vest! Søndag fekk eg gått meg ein tur opp skogsvegen, men likevel har det vore ei dårleg helg med tanke på kosthald og trening *sukk* No må eg bite tenna saman og komme meg tilbake på rett spor. Eg SKAL på støylen idag!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Eg var på støylen i går og det blei 1123 kaloriar forbrent ;) I dag får eg sjå an veiret kor eg skal ta turen. Det er 27 grader i skuggen her, og eg må vurdere kor hardt eg skal trene i slik varme. DEILIG :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Ny tur på støylen, 954 kaloriar forbrent (stoppa klokka då eg møtte folk som absolutt skulle prate, også gløymte eg å starte den igjen). Reknar med eg gjekk glipp av eit par hundre kaloriar, men det får vere bonus :) Maten har det gått fint med denne veka. No er det viktig å oppretthalde den gode trenden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ny tur på støylen' date=' 954 kaloriar forbrent (stoppa klokka då eg møtte folk som absolutt skulle prate, også gløymte eg å starte den igjen). Reknar med eg gjekk glipp av eit par hundre kaloriar, men det får vere bonus :) Maten har det gått fint med denne veka. No er det viktig å oppretthalde den gode trenden.[/quote']

 

1,3 kg igjen til målet...wow!!! Dette går jo strålende :) Masse lykke til med innspurten :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81
1' date='3 kg igjen til målet...wow!!! Dette går jo strålende :D Masse lykke til med innspurten :)[/quote']

 

Nja, det gjekk strålande. No står eg stille :confused: Håpar det løsnar snart igjen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det er no 11 veker igjen til den store dagen :eek: Eg slite med å få vekta til å samarbeide med meg! Sto stille denne veka, og kjenner at beina er fulle av vatn! Skal til fysioterapeut og sjekke ut om eg kan ha dårleg lymfefunksjon. Håpar øvingar og masasjen kan hjelpe mot at alt vatnet samlar seg i anklane. Ser ikkje spesielt bra ut for å seie det slik.

 

Om ei veke går "fristen" for å melde tilbake på invitasjonane ut. Det ser bra ut til no, vi har kun fått eit avbod. Når gjestelista er endeleg, kan eg sette meg ned å lage bordkort og begynne arbeidet med å plasserer gjestane. Skal også ha møte med kokken i nær framtid. Litt skummelt at det ikkje er meir enn 11 veker igjen!!!!!!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det blei ein treningstur på ein liten time i går - 657 forbrente kaloriar. Greitt nok. Det er trist og grått ute, og regnet pøsar ned :) Ikkje spesielt motiverande veir å komme seg opp av sofaen på.

 

Har vore til fysioterapeut i dag, og fått lymfemasasje. Så får vi sjå om det hjelper på mine hovne og fæle bein. Skal ha 10 behandlingar før vi kan sjå eventuelle resultat. Heldigvis skal eg trene som normalt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det blei tur opp skogsvegen i går - 636 forbrente kaloriar. Eg og kjæresten har inngått veddemål om ikkje å ha chips i hus før ferien vår (genial periode å inngå eit slikt veddemål på når det er EM ;) ) Han knaskar mandlar for harde livet og eg er kjempe fornøgd med å sjå fotballkamp UTAN å måtte kike på chipsskåla i side synet ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...