Gå til innhold

Operasjon-inn-i-brudekjole-hausten-2008


Gjest Huldra81

Anbefalte innlegg

Gjest Huldra81

Takk for det AneMarte!

 

Det blei litt meir jogging på meg idag. Intervallane fordelte seg slik:

2 min+2 min+ 6 min+6 min+4 min+3 min+7 min = 30 minutt!! Siste intervallen hadde eg ikkje tenkt å jogge så langt, men eg var skikkeleg i gang og det gjekk fint. Var kjempe sleten når eg kom i "mål", men jammen gjekk ikkje det heilt fint. Så av 1 time og 24 minutt tur idag, var 30 minutt jogging. Ikkje so verst det altso!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 289
  • Created
  • Siste svar
Gjest Huldra81

Søren, blei ikkje tid til trening på meg i går. Var på eit møte som skulle vare i 1 time, men som varte i 3!!! Kunne ikkje sei at eg måtte gå for å trene heller. Det er ikkje "gyldig" grunn ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Då har eg vore på jogge tur igjen og denne gongen blei det endå lenger økter med jogging!

Intervallane fordelte seg slik:

12 min + 5 min + 12 min + 5 min + 3 min + 7 min = 44 minutt!!!!!!!!!!!!

Puhh blir sleten berre eg tenkjer på det! Neida, det gjekk faktisk utruleg bra. Blir ikkje så sleten i pusten med mindre det går langt oppover, det er verre med den gryande beinhinnebetennelsen min. Den kjenner eg i når det blir lenge på asfalt.

Totalt blei det forbrent 787 kaloriar på denne økta. Maten går det fint med. Kryssar fingrane for at fettet forduftar på kroppen min ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81
Du er kjempeflink!

 

Det er jammen meg du og AneMarte!! Vi kjem nok til å ta oss godt ut på bryllaupsdagen!

 

I dag har eg vore på ein nyyyydeleg skitur. 2278 forbrente kaloriar, men det er kun bonus idag. Ikkje ei sky på himmelen, perfekt føre opp og heilt fantastisk føre ned igjen. Det var berre å lene seg bakpå og la skina svinge seg nedover. Det var nesten so vi vurderte å gå opp siste bakken slik at vi fekk renne meir ;) Det er då eg er glad for at eg slite meg oppover bakkane med tunge telemarkski og sko. Det er verkeleg verdt det på turen ned :) Heilt fantastisk!!

 

I tillegg til å ha hatt ein nydeleg tur, hadde eg gått ned 800 gram denne veka :) Eg glise frå øyre til øyre (er blitt ganske brun så ein ser nesten berre tenna!! hahahaha). Det lønna seg med hard trening og litt disiplin på maten :)

No skal eg kose meg med pinnekjøt og fotball på tv.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81
Det opprinnelege målet var å gå ned 10 kg innan bryllaupet. Startvekta var då på 83' date='6 kg. Pr no har eg gått ned 3,5 kg. Men i etterkant av det første målet har eg kjøpt meg kjole og målet blei då endra til minimum 5 kg ned for å komme inn i kjolen (den blei kjøpt ein str. mindre enn eg prøvde på). Av desse 5 kg har eg 4,1 igjen. Alt over vert bonus. Eigentleg kan eg berre halde på det opprinnelege målet om 10 kg ned, slik at eg ikkje slappar av med tanken på at det kun er 5 kg som MÅ av.

[/quote']

 

Kort oppsummering:

Frå 1.januar er vi denne veka komt halvvegs til bryllaupsveka :eek: Etter planen skulle eg ha gått ned 5 kg frå startvekta 1. januar. Pr dd er nedgangen på 4,7 kg så om eg er heldig har eg gått ned dei siste 300 gramma til veginga på søndag.

 

Eg fekk meg eit tilleggsmål når eg kjøpte kjole i ein størrelse mindre enn eg prøvde. Dette var 16. februar, og målet frå då og fram til bryllaupet var på 5 kg. Av dette målet har eg igjen 3 blank på dei resterande 17 vekene. Det MÅ eg klare. Føler at eg er inne i ein skikkeleg god trend her no, og må berre klare å halde det gåande framover. Ingen unnasluntring blir godkjent her ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

I går blei det ein veldig roleg gå tur. Er stiv og støl etter skituren søndag, så det gjorde godt med ein dag utan trening. Det blei 255 kaloriar forbrent på turen, men eg trur eg droppa å legge det inn sidan det ikkje var trening, men restitusjon. Låg på 1600 kaloriar i går sidan eg ikkje trente.

I ettermiddag må eg nyte siste dagen av fineveiret, så det blir nok ein tur i det fri ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Eg er nærast i sjokk.... ei nordmann spelar semifinale i championsleague, og jammen scorar han ikkje....... i FEIL MÅL!!!! 4 minutt på overtid!! Fy f... sorry altso, men den bli for drøy. Også vi som hadde Chelski i lomma :mad:

 

Før alt dette skjedde hadde eg vore ute på joggetur! Eg jogga nesten heile gåturen min. Først gjekk eg 6 minutt gjennom nabolaget før eg jogga til vegs ende (på ruta mi) og det tok meg 36,30 minutt. Så gjekk eg eit stykke tilbake før eg jogga i 11,30 minutt. Etter mine reknekunnskapar blir det 48 minutt med jogging!! Hurra ;) Dette går verkeleg vegen. Treningsturen min resulterte i 706 forbrente kaloriar. Brudekjole here I come!!!

 

Ordna litt forskjelleg til bryllaupet i går. No er bryllaupskaka bestilt, det vert eit eller anna fyll med amerikansk marsipan på toppen. Kan vente litt med å bestemme fyllet så lenge stativet er bestilt. Ellers snakka eg med frisøren min og ho hadde ikkje tenkt å ha prøvetime på hår og sminke før veka før bryllaupet. Det syns eg var litt seint. Håret er ikkje noko problem, for det har ho sett opp tidlegare og veit korleis det oppfører seg. Men eg brukar lite (les ingenting) sminke til vanleg og syns det hadde vore greitt med ein prøve time på dette ei god stund før. Eg får prøve å trumfe det igjennom, det er jo tross alt eg som bestemmer :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Hadde meg ein aldri so liten sprekk i går kveld. Var aleine heime (det er alltid då sprekkane mine skjer), og var SKIKKELEG fysen på sjokolade. Visste at vi ikkje hadde noko i skåpa, so eg tenkte berre ta ein liten kikk i jobbveska til kjæresten (han er ein liten sjokolade-gut utan at det syner det spøtt på han). Og jammen fant eg ikkje ein liten sjokolade der. Eg rakk nesten ikkje å tenke meg om før den var nede i magen. Akk ja.. Eg reknar med den vesle sjokoladen som kosta meg ca 400 kaloriar ikkje vil vere grunn aleine til at eg eventuelt ikkje går ned i vekt på søndag, om eg er super flink resten av veka. Planen er vel at vi skal til skogs å hogge ved laurdag og søndag, så eg håpar på litt ekstra forbrente kaloriar då.

 

I går skulle det vore friskis og svettis, men den gang ei. Vi som hadde møtt opp gjennomførte eit lite opplegg, men for meg blei det ei alt for kort trening, med for lite intensitet. Kun 351 forbrente kaloriar. Eg får komme sterkare tilbake i dag ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Ein liten tur innom for å gje lyd i frå meg. Har vore so utruleg mykje å henge fingrane i dei siste 5-6 dagane. Har sovidt hovudet over vatnet. Fekk meg ein joggetur i går (691 forbrente kaloriar), men det kan dessverre bli lenge til neste gong. Møte no både i ettermiddag/kveld og det samme i morgon! Puhh.. kva er det eg har rota meg bort i??? Det har jo ikkje noko å gjere med bryllaupet :eek:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det går ganske greitt her sjølv om eg har fått lita tid til å trene denne veka. Var ut ein tur i går, det resulterte i 787 forbrente kaloriar. I dag blir det ikkje tid til trening, men laurdag og søndag er eg klar :( I tillegg blir det sol :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Då var helga overstått og vi har fått gjort mykje utomhus :) I tillegg har vi fått gjort mesteparten på invitasjonane, så då er det nesten berre å brette og poste igjen (nesten :( ).

Ellers blei det 400 gram ned denne veka. Greitt det med tanke på kor lite trim det har blitt. 3 økter er i minste laget for meg, men det var gode og lange økter i det minste.

 

Klarte å la vere å reise på fest i helga, og det trur eg var lurt med tanke på kaloriar inn og fysisk form. Må berre klare å mobilisere viljestyrken til den kommande helga òg :D Mykje festligheiter rundt om her for tida.

 

Gledar meg til å få meg ein skikkeleg treningstur i dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Det blei ein fin tur på ein støyl i området der eg bur i går. Riktignok måtte eg vabbe litt i snø på slutten, men det gjekk fint. Blei berre våt til knena :( Det er vel slik det skal vere i starten av mai på første turen. 843 kaloriar blei forbrent. I dag blir det ingen trening :D Har rota meg bort i noko frivilleg arbeid som tar ca 2 kveldar i veka (2-3 timar) så lenge fotballsesongen varer. Og når ein då ikkje kjem heim frå jobb før nærmare kl 17 kvar dag og skal på dugnad kl 1800 -2100 blir det ikkje mykje tid til å trene *sukk* MEN utan dugnaden hadde norske idrettslag stoppa opp!! Og det kan vi ikkje ha noko av :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Æsj, kom meg ikkje på trening i går heller. Trøtt og sleten. Men slik kan det ikkje fortsette. Her må det forbrennast kaloriar om det skal synast på vekta!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Nyyyydeleg veir her for tida. Måtte det berre vare *krysse fingrane*. Det blei ein fjelltur i går, nesten med livet som innsats. Grovene var blitt så store på dei tre dagane sidan sist, og når det då ligg råten snø oppå er det ikkje lett å krysse dei!! Eg tok fart og sprang så fort over som eg kunne. Innbille meg at eg blir lettare då :( Det funka i allefall litt :D

 

Forresten, er det nokon som veit kor vi skal sende inn skjema om forlovar erklæring og eigenerklæring frå brudeparet? Er det fleire skjema enn desse som må fyllast ut?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Skjema skal sendast Folkeregisteret. Så får du prøvingsattest sendt tilbake til deg når dei har prøvd ekteskapsvilkåra:) Eg trur ikkje det er fleire skjema ein må fylle ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei på deg Huldra.

Litt lenge siden jeg har vært her inne nå *huff og huff*

Men nå er jeg innom en tur, og da måtte jeg jo se hvordan det går med deg :D

Ser du bare har 2,6 kg. igjen til målet, det er jo super bra!!

Tror nesten du klarer litt bonus vekttap også jeg :(

 

Men hvordan går det bryllupsplanleggingen da?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81
Skjema skal sendast Folkeregisteret. Så får du prøvingsattest sendt tilbake til deg når dei har prøvd ekteskapsvilkåra:) Eg trur ikkje det er fleire skjema ein må fylle ut.

 

Folkeregisteret ja.. Takk for hjelpa! Det er vel slik at ein prøvingsattest er gyldig i 4 mnd, så då er vi godt innanfor :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81
Hei på deg Huldra.

Litt lenge siden jeg har vært her inne nå *huff og huff*

Men nå er jeg innom en tur' date=' og da måtte jeg jo se hvordan det går med deg :)

Ser du bare har 2,6 kg. igjen til målet, det er jo super bra!!

Tror nesten du klarer litt bonus vekttap også jeg :(

 

Men hvordan går det bryllupsplanleggingen da?[/quote']

 

Hei hei!

Kjekt at du stakk innom meg! Det går heldigvis nedover, og om eg er heldig klarar eg eit par bonus kg og. Det hadde vore topp. Bryllaupsplanlegginga går etter planen trur eg. Har jo funne kjole for leeeenge sidan, og no er invitasjonane nesten ferdig utdelte. Menyen er klar i hovudet mitt, men vi skal snakke med kokken i slutten av mai. Har ikkje starta "innsamlinga" sv servitøarar ol endå, men det tar eg etter at eg har snakka med kokken. Føler at eg (les vi) har kontroll :)

 

Korleis går det med deg då? Magen vekse og du har bryllaupet under kontroll? Det er vel ikkje så veldig lenge til no? Hugsar ikkje heilt eg, men var det ikkje i slutten av juni bryllaupet står? Det meste er vel i boks då... :D

 

Du må komme innom å fortelle korleis det går fleire gongar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Tok fram målbandet i dag tidleg og målte på dei utvalde plassane. Har ført nøye skjema i excel og det viser seg no at sidan starten har eg gått ned nøyaktig 100 cm. Eg tenkjer med gru på at eg var 21 cm større rundt magen :eek: Håpar eg klarar eit par cm til ned rundt magen sidan eg frå naturen si side alltid har hatt ein skikkeleg pærefasong (må prøve å framheve det som framhevast kan :( )

 

Det blei ien kort tur oppover fjellsida i går, 410 kaloriar forbrent på ein liten time. Sola skin og i dag håpar eg på ein tur på ein av støylane i området.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81
Gratulerer med minus 100 cm! Skikkeleg bra jobba:)

 

Takk for det! Det kjem jo sjølvsagt an på kor mange målepunkt ein har rundt om kring, men eg har ikkje så veldig mange. Bryst, mage, hals, rumpe, lår og legg. Måler litt fleire plassar no, men dei er ikkje med i statistikken.

 

Det har vore ei kjempe pinse for meg sett med treningsauge. Fredag var eg ein kjapp tur oppover skogsvegen, laurdag gjekk eg den samme skogsvegen men starta heima ifrå - det resulterte i 979 kaloriar forbrent. Søndag sykla vi 5 mil - 2011 forbrente kaloriar. No har vi nett vore opp på ein støyl i området og det resulterte i 1014 forbrente kaloriar :( Eg er veldig fornøgd.

 

Vekta synte nedgang denne veka også, 400 gram ned. Det går jamt og trutt sjølv om det ikkje er dei store tala. Nærmar meg målet mitt litt kvar veke og det er utruleg motiverande. Hadde vore soooo kjekt å fått til eit par bonus kg til bryllaupet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Eg har gjort ein kjempe tabbe.... plasserte eit vennepar i kaffi-gjeste-gjengen etter mykje fram og tilbake. Men i det eg gav dei invitasjonen kjente eg at det var feil. Eg ønskjer virkeleg at dei kjem til middag!! Eg sa til min kjære at eg fekk ildt i magen når dei opna invitasjonen og ønskte å ringe å invitere dei til middag. Han ler av meg og seier eg er søt! (kva er det for eit svar??) For eit rot!!! Og snakk om forvirra brud. No har eg snakka med mi gode venninne (som er psykolog) og skulda på at eg nok er ei litt ustabil og ubestemmeleg brud :( Ho ler av meg ho og.. lurer på om eg har eit snev av bridezilla?? :eek: PINLEG

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest AneMarte

Syster mi sa at ho angra skikkeleg på at ho ikkje ba fleire av venane sine til middagen i sitt bryllaup...kjipt å angre på det! Du får ha lykke til, og hugs, det er aldri for seint å angre seg :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81
Syster mi sa at ho angra skikkeleg på at ho ikkje ba fleire av venane sine til middagen i sitt bryllaup...kjipt å angre på det! Du får ha lykke til' date=' og hugs, det er aldri for seint å angre seg :([/quote']

 

Godt å høyre at det er lov å angre!! Riktignok er det veldig pinleg, men det er jo snakk om gode vennar so det var best for meg å ringe til dei med ein gong :D Puhh!!

Har dokke alle til middag forresten?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...