Gå til innhold

Operasjon-inn-i-brudekjole-hausten-2008


Gjest Huldra81

Anbefalte innlegg

Gjest Huldra81

Då har eg og kjæresten vore på treningssenteret og løfta litt jern ;) Det resulterte i 500 forbrente kaloriar på 1 time. I går blei det litt uregelmessig mat, men ingen utskeiingar anna enn ein god middag som eg unna meg. Vi var ute for å gå tur, men det var umogleg å få fart på beina. Kjempe glatt i kombinasjon med storm i kasta gjorde til at vi sto bom stille eller sklei bakover, så vi ga opp etter 20 minutt.

 

Sidan eg no har fått meg vekt i heimen kan eg måle meg regelmessig (blir alt for ofte). 1. januar var eg 83,6. Laurdag viste vekta 900 gram ned!! HURRA :)

Eg vil tru at det ikkje er ein heilt reell nedgang sidan eg hadde ete salt pinnekjøt kvelden før, og reknar med salte bitta ein del vatn. Men eg skal vere glad for nedgangen og håpe på like god nedgang neste helg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 289
  • Created
  • Siste svar
Gjest Huldra81

I går var eg flink!! Åt heilt etter boka (1654 kaloriar), hadde fisk til middag, drakk mykje vatn og trente godt ;)

La trimturen innom treningssenteret i går slik at eg fekk tatt mage og rygg øvingar. I tillegg hadde eg meg ein god gåtur på ein liten time. Det heile resulterte i 725 forbrente kcaloriar :)

I dag er eg aleine til middag og skal lage min eigen pastaspesialitet. MEN denne gongen skal ALT målast opp slik at det ikkje blir for mange kaloriar inn.

Slite framleis med tett nase og stygg hoste, men so lenge eg er frisk nok til å gå på jobb (dvs utan feber) er eg også frisk nok til å trene. Min eigen regel :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Formen er ikkje heilt på topp endå. I går låg eg på sofaen heile kvelden etter jobb. Åt litt mindre sidan det ikkje blei trening på meg. I dag har eg vore på ein liten gåtur som resulterte i 707 forbrente kaloriar. Inn blei det i dag 1689 kaloriar. Eg syns det går ganske bra akkurat no, og håpar at det helde fram slik ei stund til ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Tusen takk Coco!! Lenge sidan sist du var innom her, men las på tråden din at du hadde det bra.

Formen min er heldigvis begynt å bli betre. Kun litt hoste og snørr som heng igjen ;)

Eg føle ikkje at eg er flink nok med maten so eg MÅ kompansere for dette med trening. Og eg kunne nok trent meir intensivt.

 

Brudekjole har eg ikkje begynt å tenke på endå. Bør vel kanskje det. Vi har faktisk ikkje sagt til andre enn foreldre at vi har bestemt dato endå. Må kanskje gjere det og no snart so folk set av dagen til oss og ikkje andre ting :) Kor lang tid i førevegen bør ein sende ut invitasjonar? Eg tenke at vi har veldig god tid, men vi har kanskje ikkje det? 33 veker igjen no :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg skal gifte meg 19. juli, og skal sende ut invitasjoner i neste uke. Venter på å få tilsendt papir osv som jeg har bestillt. Brudekjole kjøpte jeg i jula. Pappa betalte så det var bare å handle. Betalte 7300 kr for kjole, sko, tiara og sjal. Det synes ikke jeg var dyrt. Kjolen er kjøpt for liten. Må miste ca 7-10 cm rundt puppene for å få den på, men innen bryllupet skal jeg slutte å amme så jeg regner med det går bra. Planen er å gå ned 10 kg til før bryllupet. Jeg er så heldig at vi ikke har noe godteri i huset fordi sambo også har lagt om livsstilen. Det betyr at det ikke er så lett å bli fristet til å dytte i seg unødvendige kalorier. Jeg er nok litt for opptatt av vekta, men siden det er den eneste lasten om dagen kan jeg leve med det. Bortsett fra en fyllekule har jeg ikke hatt noen store sprekker siden 24. september. Jeg er nok ikke like flink til å trene som du er. Har planlagt å skaffe meg pulsklokke, men økonomien tilsier at det må vente litt.

 

Mitt tips til deg er å slutte å kjøpe inn potetgull og sjokolade. Dersom samboern din vil ha det kan han jo spise det utenfor hjemmet.

Lykke til videre

Metchen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81
Jeg skal gifte meg 19. juli' date=' og skal sende ut invitasjoner i neste uke. Venter på å få tilsendt papir osv som jeg har bestillt. Brudekjole kjøpte jeg i jula. Pappa betalte så det var bare å handle. Betalte 7300 kr for kjole, sko, tiara og sjal. Det synes ikke jeg var dyrt. Kjolen er kjøpt for liten. Må miste ca 7-10 cm rundt puppene for å få den på, men innen bryllupet skal jeg slutte å amme så jeg regner med det går bra. Planen er å gå ned 10 kg til før bryllupet. Jeg er så heldig at vi ikke har noe godteri i huset fordi sambo også har lagt om livsstilen. Det betyr at det ikke er så lett å bli fristet til å dytte i seg unødvendige kalorier. Jeg er nok litt for opptatt av vekta, men siden det er den eneste lasten om dagen kan jeg leve med det. Bortsett fra en fyllekule har jeg ikke hatt noen store sprekker siden 24. september. Jeg er nok ikke like flink til å trene som du er. Har planlagt å skaffe meg pulsklokke, men økonomien tilsier at det må vente litt.

 

Mitt tips til deg er å slutte å kjøpe inn potetgull og sjokolade. Dersom samboern din vil ha det kan han jo spise det utenfor hjemmet.

Lykke til videre

Metchen[/quote']

 

Hei Metchen!

Du er komt godt i gang med all planlegging du! Eg og kjæresten får ta oss ein kveld å sette opp ein plan for kortid vi må ha gjort dei forskjellege tinga. Snakka med forlovaren min nett i sta og vi blei einige om å sjå på brudekjole i slutten av januar, begynnelsen av februar. Veit ikkje om eg hadde tort å kjøpe så mykje for liten kjole, men eg likar å vere veldig på den sikre sida då ;) Kortid er siste frist for tilpassing då?

Det som vi eventuelt bør gjere snart er å finne ut kven vi skal inviterer. Syns det er så vanskeleg å velge ut eg. Har dokke også same problemet?

 

Kjæresten er blitt kjempe flink til å ikkje ete chips, sjokolade og snoperier. Vi har ein avtale på at vi kan ete det laurdagane, og at det ikkje skal vere noko til overs til søndagen. Har fungert kjempe flott til no, og eg har faktisk klart å halde meg unda alt utanom eit par sjokoladebitar. Det er eg veldig fornøgd med.

Denne veka har eg ete heilt etter boka og trent ok. Så får vi sjå om det gjev resultat. Er litt bekymra for at eg ete for lite, men det vil vekta vise etterkvart.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Eg må jo sjølvsagt legge inn trim og mat for dei to siste dagane.

I går blei det 478 forbrente kaloriar med styrketrening. Inn kaloriar var 1567 kaloriar.

I dag har eg hatt meg ein kjapp gå tur på i overkant av ein time. Det resulterte i 620 kaloriar. Inn blei det 1909.

Eg prøvar å ligg ein plass mellom 1600-1900 kaloriar pr dag sidan eg trur 1900 blir for mykje og 1600 for lite. Dersom eg varierar frå dag til dag vil det vel jamne seg ut over ei veke. Nokon som har erfaring her?

 

No skal eg kose meg med ei glas pepsi max:D

God helg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Då var helga over og eg har greitt meg ganske bra.

Laurdag blei det ein liten tur på treningsstudio der det blei forbrent 331 kaloriar.

Søndag var eg også på treningsstudio igjen og då svidde eg av 443 kaloriar.

Maten gjekk det tåeleg bra med, men det blir nok litt for sjelden mat.

 

Idag har eg vore på ein lang gåtur der det blei forbrent 798 kaloriar. Fornøgd med det. No er det berre å halde fram resten av veka så ser eg nok resultatet om ikkje så alt for lenge ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Etter nyttår syns eg sjølv at eg har vore veldig flink med både mat og trim. Trur ikkje eg har hatt nokon utskeiingar sidan 2. januar (då åt eg litt sjokolade). Forge veke blei det 16,7 trimpoeng på meg (kaloriar forbrent målt med pulsklokke), og då hadde eg ein dag heilt treningsfri.

 

Føle meg utruleg trøtt for tida. Eg pendlar og køyrer 90 km kvar dag. Det er nesten so det går på stumpane laus nokon ettermiddagar når eg blir liggande i putle bak bilar. Men eg har holdt meg unda å sove middag (det øydelegge meg heilt), og prøvar å komme meg i seng tidlegare, men jammen blir klokka fort både 23 og 2330 før eg klarar å finne senga. Eg reknar med dette har litt med treninga å gjere og at det er travelt på jobb for tida. Det går seg vel til det som det meste anna :D

 

I går var kjæresten og eg på gåtur, og vi gjekk fort! Det resulterte i ny "rekord" på ruta mi og relativ høg puls. Men kortare treningstur betyr mindre forbrente kaloriar, så då enda eg på magre 613 kaloriar i går. Ikkje misforstå, det er bra det altso, men kjedeleg å forbrenne mindre når ein brukar kortare tid enn ein har gjort før på samme distansen. Akk ja..

Idag er det friskis og svettis igjen. Oppstart etter ju. Hiv og hoi! Håpar på nytt program :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Då var vi komt til torsdag og eg lurer på om eg ikkje skal trene i dag. I går var det friskis og svettis og eg svei av 593 kaloriar. Utruleg artigt å komme i gang igjen, sjølv om eg trudde eg skulle stryke med der ei stund når pulsen min nådde nye høgder :)

 

No fristar det å sitte heime å sjå handballkamp i staden for å gå ut i det sure veiret eller på treningsstudio. Problemet er at vi skal på fest med jobben i morgon (i staden for julebord har vi januarbord :D ), og då får eg ikkje trent. I tillegg til at eg ikkje får trent blir det nok for mange kaloriar inn også. Ikkje bra. Hadde eigentleg ikkje tenkt å vere med på festen, men det blir feil å vere usosial pga slanking og. Eg får prøve å begrense meg, men erfaring tilseie at det er vanskeleg :D Er ikkje ofte eg er på fest, men når eg først er brukar eg å gjere det skikkeleg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

Jeg skal gifte meg i juni i år, og var på kjolefitting denne uken. Kjolen var med vilje kjøpt et nr for stor, for å slippe å legge den ut. Resultatet var: må legges inn rundt puppene, og satt som støpt rundt livet (kan ikke spise). Det ble ikke planlagt å sy den ut, men vi skal ha krisefitting nærmere bryllupet. Jeg vil helst ha gått ned litt til det, slik at jeg slipper å legge kjolen ut.

Det er altså bare noen få kg jeg skal ned, men det er de verste.

Jeg var aktiv her inne fra mai til august i fjor, og tok av en 5-6 kg da. Noe av det er dessverre tilbake på plass, og det skal bort.

Info: jeg er 30 år, mor til ett barn, 169 cm høy og veier i underkant av 65 kg. Målet er nok 62 kg. Jeg har ikke mye tid til trening, dessverre.

Veiedag er på mandag.

Start: 64,8 kg - Mål: 62

 

Jeg blir litt stresset, for vi har ikke kommet så langt at vi skal sende ut invitasjoner ennå. Men vi skal gi beskjed til folk om å holde av datoen denne uken...:-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Fredag var det som sagt festmiddag for unge lovande Huldra. Ettermiddagen starta med 30 min spinning og 30 min styrke som var lagt inn i programmet til jobben. Det var dyktige instruktørar, og eg fekk verkeleg tatt meg ut. Det resulterte i 580 kaloriar. På kvelden var det 3 rettars middag, og eg drakk 6 øl 0,4 l. Det er i overkant av 1000 kaloriar ekstra. Akk ja... eg styrte det heilt sjølv og hadde rekna med at eg kom til å drikke 5. Så å "sprekke" med ei var ikkje så gale.

 

Laurdag tok eg på meg regnkle og la ut på ein relativt roleg langtur. Det hagla, snøa og bles. Eg gjekk oppover skogsvegen eg går på om sommaren, men kom ikkje meg så veldig langt då det blei alt for mykje snø og snøstorm i lufta! På veg ned igjen hadde eg to krasjlandingar med bakken, så trur ikkje eg kjem til å gå opp igjen der før det er tøya!! Med mindre eg har med akebrett då :D

Uansett så fekk eg forbrent nokre kaloriar - 624 i slaget. Så om eg legg i hop dei to treningane mine fredag og laurdag, får eg nulla ut alkoholen.

 

Idag er eg heilt øydelagt i overkroppen. Innmari stiv og støl! Det er faktisk ildt å skrive på tastaturet!! Men det er jo berre eit teikn på at eg har fått brukt musklar eg ikkje har brukt på ei stund. Skulle hatt fleire slike treningar, men ikkje akkurat no :D Får sjå om det blir noko trimtur idag. Det snøar slaps og blese ute, så det fristar ikkje spesielt.

 

Forresten var eg på vekta i dag. Har eigentleg veging på laurdags morgon, men sidan eg ikkje var heime laurdag blir det søndag som tele. Vekta var utruleg snill med festløva, og viste ein nedgang på 900 gram!! Hurra!! Eg tore ikkje heilt å tru på at eg har klart å gå ned så mykje på ei veke, men forge veke gjekk eg jo berre ned 100 gram så det kan kanskje stemme? Kryssar fingrane. Det betyr at eg har gått ned 1,9 kg på tre veker. 10 kg ned er blitt til 8, og eg håpar desse forsvinn i like stabilt tempo som dei eg har gått ned til no. Må berre halde meg unda den alkoholen!! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81
Hei!

Jeg skal gifte meg i juni i år' date=' og var på kjolefitting denne uken. Kjolen var med vilje kjøpt et nr for stor, for å slippe å legge den ut. Resultatet var: må legges inn rundt puppene, og satt som støpt rundt livet (kan ikke spise). Det ble ikke planlagt å sy den ut, men vi skal ha krisefitting nærmere bryllupet. Jeg vil helst ha gått ned litt til det, slik at jeg slipper å legge kjolen ut.

Det er altså bare noen få kg jeg skal ned, men det er de verste.

Jeg var aktiv her inne fra mai til august i fjor, og tok av en 5-6 kg da. Noe av det er dessverre tilbake på plass, og det skal bort.

Info: jeg er 30 år, mor til ett barn, 169 cm høy og veier i underkant av 65 kg. Målet er nok 62 kg. Jeg har ikke mye tid til trening, dessverre.

Veiedag er på mandag.

Start: 64,8 kg - Mål: 62

 

Jeg blir litt stresset, for vi har ikke kommet så langt at vi skal sende ut invitasjoner ennå. Men vi skal gi beskjed til folk om å holde av datoen denne uken...:-)[/quote']

 

Hei hei Fregna!

Klart du kan vere med her!! Utruleg kjekt å høyre frå andre i samme situasjon. Vi har jo ein ekstra motivasjon i kjolen vi, uansett om det er 3 kg eller 10 kg ønskjer vi å nå måla våre! Eg har ikkje prøvd kjole, ei heller fått ut invitasjonar. Syns det er litt for tidleg når det endå er 31 veker til :D

 

Dette skal vi klare :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det, Huldra.

Kom meg på tening i dag, step en time, så fikk jo forbrendt en del da. Men så hadde vi lunsjgjester, og da ble det litt småsjokolade. Og så litt til sjokolade nå på kvelden. Men jeg har hvertfall ikke smelt i meg en halv stor Stratos, som jeg kunne tidligere (delte med samboer) + potetgull. Er fortsatt noen få kalorier under det jeg har regnet ut at jeg bruker (har brukt Grete Roede-formelen), så det er da i alle fall noe. Og så har jeg bare spist spelt-brød. Utenom tortillalefsene til middag. De er jo helt sinnsyk kaloribombe, har jeg funnet ut. Vel vel, får se hva vekten sier i morgen. Fortsatt god kveld! :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, da gikk jeg på vekten i morges, før frokost, og den sto på 600 g mindre enn forrige uke. Det er jo godt. Har nok også en sammenheng med at tante rød er på vei bort, :-) for jeg har virkelig ikke vært så flink. Men det er jo motiverende likevel.

Ha en god uke!

Start: 64,8 kg - 64,2 - Mål: 62

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Eg kan ikkje trene idag :) Har sydd tre sting i lysken og fekk derfor treningsforbod av legen. Det var ikkje heilt etter planen, men eg vil jo ikkje ha eit sprukke arr, so eg får vel berre følgje forbodet! Eg kan få lov til å gå tur om to dagar og trene når det lir mot helg. Akk ja..

 

Tolmodighet er ein dyd :D

Derfor har eg no sett eit par brød deiger, og rydda i skuffer og skap. Alt for å unngå å leite etter noko etande (les usunt) i skåpa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81
Ja' date=' da gikk jeg på vekten i morges, før frokost, og den sto på 600 g mindre enn forrige uke. Det er jo godt. Har nok også en sammenheng med at tante rød er på vei bort, :-) for jeg har virkelig ikke vært så flink. Men det er jo motiverende likevel.

Ha en god uke!

Start: 64,8 kg - 64,2 - Mål: 62[/quote']

 

So flink du har vore Fregna! 600 gram på ei veke er jo godt over ein smørpakke.

Stå på vidare :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

I går var det tredje dagen utan trening og eg helde på å bli sprø!! :confused:

I følgje legen kunne eg få lov til å gå tur idag, men etter så mange dagar utan trening kunne eg tenkt meg ei skikkeleg hard økt! Men kjenner at det nappar i stinga om eg tar litt i med hofteleddsbøyarane, så det er vel ikkje verdt risken endå. Eg blir berre so vanvittig opphengt i mat når eg er heime på kveldstid utan noko spesifikt å gjere på. I går fann eg ein vekk gløymt sjokolade bakerst i eit skåp *akk ja*, den gjekk ned den gitt :mad:

 

I følgje vekta om morgonen er eg det samme som ved forge veging, men eg vil jo GÅ NEDOVER!!! Hmm... eg trur planen i dag må vere å gå ein laaaaang tur der eg forbrenne maaaaaaaaange kaloriar over tid.

 

Har forresten begynt å planlegge invitasjonane. Lettare å starte i den enden enn å bestemme kven vi har lyst å invitere. Fleire som slite med å bestemme seg for kven ein skal invitere? Og om ein skal invitere alle til middag, eller dele opp til middag og kaffi? Eg syns den er ganske so vrien.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Ingen trening idag heller.. Eg blir galen! Det luggar endå i såret når eg går, så eg har holdt sofaen idag og. I morgon SKAL eg på 1 1/2 times spinning - håpar eg.

 

Har fått 6 bryllaupsmagasin frå ei venninne i dag, så eg har skumma igjennom dei. Blei ganske so inspirert av å sjå på brudekjolar og det er nesten so eg gledar meg til å prøve :) No må arbeidsfolket finne senga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå må du ikke begynne å trene igjen for tidlig. Det er bedre å vente en ekstra dag, så stingene ikke går opp, eller får betennelse.

Jeg fikk meg en liten pilatesøkt i går morges, men det er ikke så mange kalorier å hente der. Heldigvis klarer jeg å holde meg rundt ca 1500 kcal (jaja, litt over, og opp i 1700 innimellom, men er nå i allefall noen hundre under). Men det er ikke lett dette her. Særlig når det er så lite tid til å trene.

Ang bryllupet så bestemte vi en midlertidig gjesteliste ganske tidlig, mest for å se hvor mange det ble sånn ca. Det var greit for å finne lokale. Men det er ikke før nå vi har bestemt listen helt, og vi har noen som skal få komme bare til kaffen.

Men så må jeg finne tid til å bestemme hvordan invitasjonen skal se ut. Har en ide, men det er å komme i gang som er verst, og hva som skal stå i den. Sukk. Alt for mye å tenke på. :-) (Håper det tar noen kalorier å tenke så mye...)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Orka ikkje vente lenger i går og heiv meg med på ein relativ hard spinningøkt. 1,5 time med god musikk og tung belastning førte til ei drivande våt huldra som var lykkeleg og glad for endeleg å kunne trene igjen. Og det gjekk heilt fint faktisk! Kjente litt napping i såret på slutten, men når eg skifta plaster såg såret heilt fint ut :) Forbrente 774 kaloriar på økta so eg er godt fornøgd. Dessverre får eg ikkje tid til å trene idag. Skal direkte på møte etter jobb, også har eg lovt meg vekk som barnevakt resten av kvelden. *sukk* Eg visste jo ikkje på det tidspunktet eg sa ja at eg ikkje hadde fått trent heile veka. Eg får komme sterkare tilbake i helga og ikkje minst neste veke. Fryktar at vekta ikkje har rikka seg av flekken denne veka :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Ei veke omlag heilt utan trening måtte berre bety status q på vekta! Grrr.. Skikkeleg irriterande når eg føle meg heilt i tipp topp stand og ikkje kunne trene hardt! Når veiret i tillegg gjer det umogleg å gå tur, blir eg oppgitt og fortvila. So helga har vore utfordrande på meir enn ein måte. Har nok fått i meg ein del usunne kaloriar i form av kjeks og bittelitt chips. Utruleg lei meg for at eg ikkje klarar å vise viljestyrke i slike samanhengar, men det er ein veg igjen å gå der gitt.

I går gjekk eg og kjæresten på tur opp ein lang og bratt skogsveg med akebrett. Vi vabba opp gjennom snøen, og rente ned igjen. Artigt, men det gjekk litt for seint nedover :) Eg klarte no å tryne sopass at eg no er forslått på skinka :) Turen resulterte i fattige 441 kaloriar.

 

Huldra er no klart til innsats for å bli kvitt fettet!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Denne tråden blir verkeleg fylt med ein del sjølvskryt (eg drive ikkje med det til "vanleg"), og litt ris.

I går hølja det verkeleg ned ute. Og for dei som ikkje er heilt med på kva det vil sei at det hølja, so betyr det at det regna verre enn verst!! Det øse, pøsa ned med vatn :) Men eg tok på meg ullskjorta, gortex bukse, jakke og refleksvest og la ut på tur. Sjølvsagt med musikken på øyret. Var ikkje komt lange stykket før eg møtte mamma og ei venninne av ho (liten plass vi bur på :) ) so dei blei med meg på starten på løypa mi. Eg var faktisk ute å gjekk i 1 time og 40 minutt i går. Riktignok var det ikkje effektiv gange, sidan eg møtte litt forskjellege kjenningar som også trassa veirgudane. Totalt blei det forbrent 792 kaloriar på turen min, og det må eg seie meg svært fornøgd med. At det blei forbrent ein del kaloriar er OK, men at eg kom meg ut i griseveiret det er eg skikkeleg stolt over :)

 

*klapp på skuldra*

I dag skal det løftast jern. Har endå ikkje tatt stinga, men no må det vere sopass grodd at det går bra.

 

Ha ein fin slankedag!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Huldra81

Dagen derpå den første styrketreninga på 14 dagar kjennes ikkje så veldig god ut. Eg er stiv i bein, rompe og armar, MEN det er godt å kjenne at musklane har vore i bruk igjen. Eg og kjæresten var på treningssenteret ein bitte liten time i går. Fekk ikkje gjort så veldig mange øvingane sidan det var mykje folk (er eit bittelite senter), men den vesle tida vi var der resulterte i 397 forbrente kaloriar.

I dag er det friskis og svettis trening, og det ser eg fram til. Blir litt ekstra trim når eg må gå til og frå i tillegg.

Til middag idag må det bli fisk i ein eller annan form :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar


×
×
  • Opprett ny...